Nyhende

Alle Sletto-bøkene digitalisert – god påske!

Isflak i vårløysing. Foto: E.Almhjell

Med denne nyhenda vil styret i Olav Sletto-selskapet få ynskje medlemmer og andre ei strålande påske. Og no kan de hente Olav Sletto sine bøker på bokhylla.no og lesa av hjartans lyst både i påska og seinare!  Det er Nasjonalbiblioteket som digitaliserer alle bøker skrivne av norske forfattarar fram til vår tid.  Dei gjere ein kjempejobb!  Vi er sers glade for at Sletto-bøkene no er tilgjengeleg på nett, for det har vore ein bøyg å få tak i papirbøkene, t.d. for forskarar som arbeider med hans forfattarskap, og andre som er nysgjerrig på Olav Slettos dikting. Og det høver så godt, no, då styret arbeider med å digitalisere korrespondanse, talar m.v. fra Sletto-arkivet i Hol bygdearkiv, seier Eva Almhjell, leiar i Olav Sletto-selskapets styre.
Minner også om årsmøtet i Olav Sletto-selskapet fredag 21. april 2017 kl. 18.00 inntil 21.30 på Vika velferdssenter.  Kl. 19 – etter årsmøtesakene,  talar Arild Mikkelsen, forfattar, folkehøgskulerektor og Olav Sletto og folkehøgskulen. Denne delen av møtet er ope for alle!  Styret ynskjer hjartans velkommen!
Og – framleis er det mange som  kan glede seg til å betala medlemspengar for 2017, kr. 200 til konto 2333 22 62998.

Les meir

«Den fyrste song» i Flåm

Den fyrste song ved PS-obelisken i Flåm, 2.4.2017

Olav Sletto-selskapet var med då Per Sivle-laget hadde sitt årsmøte i Flåm 1.-2. april 2017.  Dr.art. Heming Gujord frå Universitetet i Bergen tala om temaet «Den litterære historieløysa i norsk skole» i dag.  Spørmålet var korleis det blir undervist i faget og om det er rom for dei som mange oppfattar som gløymde nynorsk-forfattarar – som Per Sivle, Olav Sletto m.fl. – undervisninga.  Gujord overraska med å tenne lys i mørkret, og meinte det ikkje var så gale som vi trur.  Men norskfaget må tilpasse seg den nye tida.  Det må vera levande og skapa ei direkte line mellom lesar og litteratur.  Det er ikkje rett at litteraturhistorie og litteratur er ute av skolen.  Utfordringa framover blir heller å få meir merksemd om litteraturen og mindre vekt på ferdigheit i faget.  Skola må dessutan akseptere norskfaget i elektronisk form, men arbeida med å førebu møtet mellom barnet som lesar og teksten.  Du skal ikkje berre lære om, men av og gjennom, understreka Gujord til slutt.  «Heile bygda» støtta opp om årsmøtet: Her var hornmusikk, sang og spel – alt i Per Sivles ånd.  Meir enn 40 av dei omlag 60 deltakarane på årsmøtet var med på omvisning i Flåmsdalen, der Per Sivle vart født 6. april 1857. Det var både triveleg og morosamt, oppsummerer Eva Almhjell, leiar i Oav Sletto-selskapet, men framfor alt svært nyttig.  Eit samarbeid mellom dei to laga er fullt mogleg!

Framsidebilde: «Den fysrte song» ved Per Sivle-bautaen i Flåmsdalen, der diktaren vart født 6. april 1857. Foto: E. Almhjell.

Roald Waktskjold, Per Sivle-laget (t.h.) takkar Heming Gujord for lærerik tale. Foto: Eva Almhjell

Les meir

Besøk på Modum Bad og Mimi Falsen-utstilling

Modum_Bad

Målaren Mimi Falsen (1861-1957) laga fleire bilder av Sletto-familien, både samla og av einskildpersonar, m.a. eit portrett av Olav i 1909. Om ikkje dette portrettet er der, så er mange av Falsens måleri samla på Institutt for sjelesorg på Modum.  Einar Lundby (1894-1978), lege og sjelesørgar, og stiftar av instituttet (1975), kjente Mimi Falsen godt. Han kjøpte mange av hennar måleri.  Då han døydde, ga han samlinga si til Institutt for sjelesorg. Der var Eva Cecilie Sletto og Eva Almhjell på besøk onsdag 1. mars 2017.  Instituttdiakon Eli Landro kjenner samlinga godt.  Ho var vår guide.  Blant bilda ho viste oss, var eit portrett av ei lyshåra jente, måla i 1912.  Då Eva Cecilie var innom instituttet for mange år sidan, saman med mor si, skodespelaren Eva Sletto, meinte Eva at dette portrettet var av henne som småjente. Samlinga ved Institutt for sjelesorg er ei spennande samling med fleire av Mimi Falsens sjølportrett, portrett av andre, stilleben og temabilder – til dagleg glede for gjestene ved instituttet.

Framsidebildet viser Eva Cecilie Sletto med jenteportrettet i fanget, flankert av Eli Landro, Institutt for sjelesorg (t.v.) og Eva Almhjell, Olav Sletto-selskapet (t.h.).
Foto: Grethe Nestegard.

Bildet under: Mimi Falsens sjølportrett 1922 – utsnitt. Foto: Eva Almhjell.

Les meir

Digitaliseringa i gang

L1120252

Så er den fyrste av i alt 28 arkivboksar i Sletto-arkivet digitalisert!  Dette er eit tidkrevjande, interessant og lærerikt prosjekt, seier Eva Almhjell, leiar i Olav Sletto-selskapets styre.  – No har vi arbeidd oss i gjennom alle talene Olav Sletto held, dvs. dei temaene han snakka om.  Folkehøgskula i ein eller annan variant er eit av dei store emnene for Sletto. Han brann for folkehøgskulen!  No går vi vidare med brevvekslinga, som omfattar mange arkivboksar.  Det blir spennande!  I dette arbeidertser vi også kor grundig arbeid som er lagt ned i oppbyggingen av sjølve arkivet.  Vi  er imponert og takksame for det store arbeidet tidlegare styremedlem Kåre Olav Solhjell og Arne Skogheim, styreleiar dei fyrste 11 åra i selskapet har gjort, avsluttar Almhjell.  Talane blir granska ved Universitetet i Bergen. Resultatet kjem under OLAV SLETTO-DAGEN 2017 på Ål.

Les meir

GODT NYÅR!

Uvêr i Skarvet. Foto: E. Almhjell

Styret i Olav Sletto-selskapet vil få takke alle medlemmer for det gamle året, og ynskje alle vel møtt  – og alt godt – i det nye året.  Merk dykk datoen for årsmøtet:  Fredag 21. april 2017 kl. 18 inntil kl. 2130 på Vika velferdssenter i Holet.

Bildet: Uvêr i Skarvet.  Foto: E. Almhjell.

Les meir

Kåre Olav Solhjell – minneord

Kåre Olav Solhjell

Kåre Olav Solhjell var med i styret i Olav Sletto-selskapet heilt frå det vart skipa i 2001, og var den som mellom anna bygde opp det rikhaldige og velordna arkivet i selskapet:  Ein kort biografi om forfattaren, oversikt over alle bøkene han skreiv, katalog over arkivet som inneheld manus, talar, korrespondanse og mykje anna, var det Kåre Olav som sto for, saman med tidlegare leiar i Olav Sletto-selskapet, Arne Skogheim.  Kåre Olav var også redaktør for den fyrste årboka til selskapet, som kom i 2002.  Han hadde ein uvanleg stor arbeidskapasitet, som kom Olav Sletto-selskapet til gode. Noverande leiar, Eva Almhjell, hadde stor glede og nytte av samarbeidet med Kåre Olav, mellom anna då ho redigerte boka ”Per Stavlang”, den tredje i Olav Slettos serie på fire om vesle Per. Den kom ut under namnet Per Gjetar.  Vi var heldige som fekk nytte oss av denne kapasiteten i så mange år.

Kåre Olav har vore ei støtte for Olav Sletto-selskapet og dei styra han var med i, som fagperson og medmenneske.  Vi takkar han for godt samarbeid og lyser fred over hans minne.

Arne Skogheim og Eva Almhjell

 

Les meir

GOD JUL!

Soleglad 4++IMG_1402

Styret i Olav Sletto-selskapet takkar medlemmene i Olav Sletto-selskapet for god støtte gjennom året vi no er ved å leggje bak, og vil få ynskje kvar enkelt av dykk – og andre lesarar – gode dagar fram mot solsnu, og ei varm og nær julehøgtid.  Selskapet markerte at det var 130 år sidan Olav Sletto vart født ved å seta opp ei minnetavle for forfattaren i Sletto (Hol), der han vart født, og vi lanserte OLAV SLETTO-DAGEN 2016, der vi presenterte ny forsking om diktaren, ny-lesing og eigne leseopplevingar  av diktinga hans.  Medlemsbrev nr. 1 og 2/2016 gir fleire opplysingar om aktivitetar i 2016. Du finn breva ved å klikke Styret/medlemsbrev/ i venstremargen.

Soleglad. Foto: E. Almhjell

Uvêr på veg. Foto: E. Almhjell

Les meir

Olav Sletto si tid er komen

DSC_0008

Olav Sletto var forut for si tid i forståinga av menneskas åndeleg utvikling. No er Olav Sletto si tid komen. Det hevda prest og forskar Helge Hognestad i si forelesing på Geilo 15. oktober.

Saman med litteraturvitar Eva-Charlotte Mørk var han forelesar på nyskapinga Olav Sletto-dagen.  På denne dagen, som skal bli ein tradisjon, ynskjer me å presentere nyare forsking og ny-lesing av Olav Sletto sine bøker som bidrag til å forstå Olav Slettos liv og dikting.

Helge Hognestad, som ikkje hadde lese noko av Olav Sletto før han vart invitert til å delta på Olav Sletto-dagen i år, gav utrykk for at lesinga hadde vore ei positiv oppleving. Hognestads oppdrag var å sjå på Olav Slettos dikting i lys av vår tids nye åndelegheit.

Hognestad interesserer seg for forholdet mellom dei to dimensjonane i mennesket – det rasjonelle ego-et og den åndelige delen av personlegdomen. Hans postulat er at som åndelege vesen er vi ennå ikkje fullt utvikla, men framleis på veg. Til si glede og overrasking hadde han funne at Olav Sletto hevda det same: ”Menneskeheita er i avlen enno” – me må ” lytte til den visare delen inni oss”.  Hognestad gav døme, frå bl.a. Per-bøkene og Røgnaldfolket , på opplevinger av ein slik åndeleg dimensjon i tilveret.

Eva-Charlotte Mørk har skrive masteroppgave om «Mytologisk prefigurasjon i Olav Slettos Loke-bøker».  Ho har lese Loke-bøkene som fantasy-litteratur. Ho samanlikna historia i Sletto sine fire Loke-bøker med historier om Loke, Odin, Balder og andre norrøne gudar i den norrøne mytologien.  På same måte som i fantasy-sjangeren skildrar Sletto ei sekundær verd full av magi og magiske vesen, med klare trekk frå historisk vikingtid. Lokes personlege kamp er samanfletta med den endelege kampen som avgjer heile verdas lagnad.

 

Eva Almhjell, leiar av Olav Sletto-selskapet, innleia den interessante forlesingsrekkja med eit foredrag om kvinnemøter og åndeleg vekst i Olav Sletto sin forfattarskap. Forfattarens relasjon til kvinner er eit nytt bidrag til innsikt i livet og diktinga hans.

Nær 30 interesserte tilhøyrarar hadde glede av denne fyrste Olav Sletto-dagen, som fekk økonomisk støtte frå Sparebankstiftelsen Hallingdal.  Styret har idear og planar for komande år. Fylg med!

Gjekk du glipp av Olav Sletto-dagen 2016? Sjå Mørks masteroppgave med samandrag av dei fire Lokebøkene i  Katalog i venstre margen. Bla deg fram til arkivboks nr. 1, mappe 1.2..

Framsidebiletet syner nokre av deltakarane i samtale med Helge Hognestad. Alle foto: Margarethe L’orange

Les meir

Bokmesse 2016 på Ål

L1110681

Olav Sletto-selskapet deltek på Bokmessa 2016 på Ål laurdag 19. november 2016.  Leiar Eva Almhjell fortel kort om si lesing av Olver-bøkene, Olav Slettos sjølvbiografi. Bøkene er ei blanding av fiksjon og fakta, med ein påstand om at Olver/Olav Sletto var tidtrøyte for urbane kvinnesakskvinner på studieferda si til Kristiania og København i 1908-1909. Var det fiksjon eller fakta, skal tru? spør Almhjell.  Bokmessa 2016 har eit spennande program med godbitar innan årets bokutgivelsar, både av lokale forfattarar og andre.  Programmet finn du i lenka under.

Ål Bibliotek – Bokmessa Folder 10-16 WEB

Framsidebildet: Ål-ordførar Solveig Vestenfor og Eva Almhjell, Olav Sletto-selskapet under Bokmessa 2015. Foto: Privat.

Les meir

Olvers kvinner på Vika

L1120149

Torsdag 13. oktober 2016 var Eva Almhjell på Vika velferdssenter i Hol og fortalde frå Olav Slettos «sjølvbiografiske» verk, dei fem bøkene om Olver, alias Olav Sletto. Dei 30 frammøtte fekk høyre henne drøfte spørsmålet: Var Olver berre tidtrøyte for urbane kvinnesakskvinner? Det er nemleg slik forfattaren sjølv let bladfyken Lønning oppsummere tida då han som nybakt forfattar var på studieferd til Kristiania og København i 1908-1909. Almhjell fann det lite truleg at denne forståelsen stemte.  Kvinnene han trefte i byane var alle rike og høyrde til den absolutte kultureliten.  Dei fann nok den sers vene fjellbonden frå Hol (Olav Sletto kalla seg sjølv så) eksotisk og spennande, og mange av dei hadde så store morskjensler, som Sletto kallar det.  Hjå desse kvinnene fekk han gratis kost og losji, fribillettar til konsertar, teater og andre kulturinstitusjonar.  Men fleire av dei som husa han var travle og samfunnsengasjerte (kvinnesaks)kvinner, radikale for si tid.  Eller i alle fall hjartegode.  Dei høver lite inn i Olavs kvinnedraumar, for han var ein tradisjonsbunden kar.  Kvinner høyrde til inna utgarden, heime, og skulle tene mann og barn – i den rekkefølgja!  Kanskje var relasjonen hans til desse rådrike urbane rikingane heller av det praktiske slaget?  Kanskje vart han ein selskapsmann dei rike kvinnene kunne smykke seg med, men det var heller ikkje dumt å få det meste kostnadsfritt, for den alltid pengelense bokdebutanten, kanskje?  Olav Sletto framstiller gjerne seg sjølv som offer.  Men – heller enn å vera eit offer, var det han som visste å nytte seg av føremunene det ga han å vera ein vakker ung mann frå fjellbygda i dei moderne byane, blant dei moderne kvinnene – og mennene? Møtet på Vika var ein forsmak på OLAV SLETTO-DAGEN 2016, laurdag 15. oktober 2016, ein dag som Sparebankstiftelsen Hallingdal har gitt si økonomiske støtte til.

Framsidebilde: Eva Almhjell på Vika 13.10.16. Foto: Osvald Medhus

Les meir