Olav Sletto-selskapet vart skipa i diktaren si heimbygd, Hol, den 3.mars 2001. Vedtektene seier at selskapet er eit landsfemnande selskap av einskildpersonar, organisasjonar, skular, verksemder, institusjonar, kommunar og fylkeskommunar.
FØREMÅLET med selskapet er å styrka interessa for Olav Slettos liv og dikting.
Dette skal gjerast m.a. ved:
- å sjå til at Olav Sletto sine bøker vert gjort tilgjengeleg for ålmenta
- å leggja til rette for auka bruk av Olav Sletto sin litteratur i skuleverket
- å medverka til at lydopptak med Olav Sletto vert teke vare på og nytta
- å arbeida for at det blir gjeve ut publikasjonar om kunstnarens liv og dikting
- å arrangera foredrag, seminar, kurs og ekskursjonar m.v.
- å ta vare på og utvikla Sletto-samlinga i Holet bibliotek
- å leggja til rette for systematisering og forsking med grunnlag i Olav Sletto sine etterlatne manuskript, brev m.v.
Medlemspengane er kr. 200 pr. år.
Bankkonto 2333.22.62998
Org.nr. 983 109 551
Adressa er: Olav Sletto-selskapet v/Eva Almhjell, Granveien 1, 3115 Tønsberg.
Kortinformasjon om Olav Sletto-selskapet:
Folder OS selskapet 2017