Nyhende

Olav Sletto-dagen 2018 – program

Skarvånfossen i Vierbotn. Foto: E. Almhjell

Brått var hausten der, og Olav Sletto-dagen 2018 står for døra.  I år får vi blank, ny kunnskap om Olav Slettos liv og dikting. Det syter framragande formidlarar og forskarar for: Professor ved Universitetet i Bergen, Jørn Øyrehagen Sunde. Han er kjent og kjær frå tidlegare Sletto-dagar, og tek for seg brevskrivaren Olav Sletto. Erling Sørli, historikar, før dette lektor og pedagogisk rettleiar i den vidaregåande skulen i Holmestrand, deler forvitneleg kunnskap om Sletto og det mangslungne forholdet til kritikarane med oss, og Erling Lae, kjent og kjær hyttehalling i andre slektsledd, fortel frå si lesing av Per-bøkene.  Eva Almhjell har transkribert brevvekslinga mellom Karin og Olav Sletto og vil fortelja frå deira liv og samliv før 1918.  Det blir om kjærleiken, Satan og diktinga.  Kjerstin Pronzato bidreg med musikalsk følgje til Eva Almhjell, med mannen sin, Roberto Pronzato ved pianoet.

Dagen er  laurdag 13. oktober kl. 13-17 i Veslesalen på Ål kulturhus.
Inngangbilletten kostar kr. 200 for medlemmer av Olav Sletto-selskapet, og kr. 250 for andre. Den inkluderer varm mat, kald og varm drikke mv.
Arrangørar: Olav Sletto-Selskapet i samarbeid med biblioteka i Nes, Ål og Hol.
Kjøp billett på hallingbillett.no eller i Ål kulturhus.

Velkomne!

Program 2018 – OS-dagen

Desse har støtta Olav Sletto-dagen 2018 økonomisk: SKUE sparebank, Ål Mållag, Buskerud Mållag, Ål kommune.

Framsidefoto: Skarvånfossen i Vierbotn. Foto: E. Almhjell

Les meir

Nærast er du…Sletto-liv i Vesleheimen

Eva Almhjell les frå ELVELAND medan Harald Bøckmann, leiar i Vollen historielag, sørger for lokalt opphaldsvêr. Foto: Privat.

Dei sessa seg under ein våt teltduk, dei omkring 80 tilhøyrarane frå Vollen, då leiar i Olav Sletto-selskapet, Eva Almhjell, fortalte om Olav og Karin Sletto sine fem år i Vesleheimen (1912-1917). Teltet var sett opp på grasbakken mellom huset og isdammen (sjå bilder). Foredraget kalla ho «Lyse utetter og verme innetter».  Dei hadde store draumar for liv og samliv i den fyrste heimen sin, Olav og Karin, store draumar. Heimen skulle vera eit tempel, ein stad villfarne menneske kunne søke åndeleg støtte og vekst.  Dei var nygifte og dyrka kjærleiken til kvarandre, og kjærleiken til dei tre barna som etterkvart kom til – eitt for kvart år, før det vart ei pause til 1919. Det året kom barn nummer fire, men då hadde familien flytta til Fiskum. Olav hadde fått fast post på Buskerud Folkehøgskole, og tida i Asker var historie.  Ei dramatisk historie!  Ein artikkel om dette kjem nærare jul,  i Årbok for Vollen historielag 2018.  Det var Vollen historielag som arrangerte minnemarkeringa for Olav Sletto, og dagens vertinne var Trine Bendixen. Ho kjøpte Vesleheimen i 2012 og ynskte varmt velkomen. Dagen var sundag 16. september 2018. Operasongar Ying Teng (sjå bilde) tok oss med si varme, sterke stemme inn i den stemninga som vi tenkjer oss var del av livet i Vesleheimen for meir enn hundre år sida.  Taletekst og songtekst fletta seg naturleg i kvarandre – magisk, sa Ying Teng.  Ei oppleving utanom det vanlege!  Dagen baud også på befaring til «Skjæret», der Olav og Karin budde medan huset deira vart sett opp. Her vart vi tatt vel imot av Åsne Havnelid og Terje Rønning, som eig Gottfred Mauritz Bryde (Karins bror) sin gamle villa i dag (sjå bilder). Tor Finstad, Vesleheimen-buar 1935-45, hadde fått laga kart over stader i Vollen som er nemnde i brevvekslinga melllom Olav og Karin. Han var vår guide då vi trakka i fotefara til Karin og Olav i Vollen. Styret i Olav Sletto-selskapet var representert, og jammen kom også eit par av våre medlemmer – heilt frå Geilo – eins ærend til Vollen! Det vart ei verdig markering av Hallingdals store forfattar!  Olav Sletto-selskapet er takksam for det gode samarbeidet med arrangørane.

Framsidefoto: Leiar i Vollen historielag, Harald Bøckman, sørga for lokalt opphaldsvêr medan Eva Almhjell las frå Slettos bok «Elveland» om Karin og Olav sitt møte med «Skjæret» i 1912.  Foto: Privat.

Vesleheimen 1945. Foto: Ludvig Pedersen Finstad.

 

 

 

Dagens Vesleheimen-vertinne,                 Programleiar Morten Gisle Johnsen.
Trine Bendixen,                                            Foto: M. L’orange.
ynskjer velkomen. Foto: E. Almhjell.

Med isdammen som bakteppe for minnemarkeringa av Olav Sletto 16.9.2018. Foto: E. Almhjell

Ying Teng, operasongar, framførte sangar om kjærleik på norsk og kinesisk. Foto: E. Almhjell.

"Skjæret", villaen til Gottfred Mauritz Bryde, der Karin og Olav budde medan Vesleheimen vart sett opp. Foto: E. Almhjell.

80 Vollen-buarar under våt teltduk i Vesleheimen 16.9.2018. Foto: M. L'orange.

Les meir

Velkomne til Sletto-liv i Asker

Løpeseddel. Slettos fem år i Vollen. Arr. 16.9.2018.

Vollen historielag inviterer til markering av Olav og Karin Sletto sine fem år i Vollen (1912-1917). Etterkomarane etter Olav og Karin Sletto, og medlemmer i Olav Sletto-selskapet er spesielt invitert til denne hendinga, men også alle andre interesserte er hjarteleg velkomne, seier Eva Almhjell, leiar i Olav Sletto-selskapet, som er hovudtalar sundag 16. september 2018 kl. 13-16, i Vesleheimen, Slemmestadveien 401, Vollen. Det blir sett opp telt, servert lettare mat og vi får høyre tidstypisk sang. Etterpå er det ei vandring i nærmiljøet, m.a. til «Skjæret», der Karin og Olav budde medan deira fyrste heim, Vesleheimen,  vart reist.

 

Les meir

Samlaget 150 år – Olav Sletto er med

IMG_4248

I år feirar Det Norske Samlaget 150 år. Det blir dugleg markert over heile landet, fyrst og fremst med praktverket «Nynorsk litteraturhistorie» som professor Jan Inge Sørbø har skrive, men også med utstillingar som museer og andre lagar. Soleis har Hol Bygdemuseum laga ei fin liten utstilling, kalla «150 år med litteratur om Hallingdal frå Det Norske Samlaget». Det er Gro Randen som har gjort utstillinga. Der er også Olav Sletto med. Samlaget ga i åra 1977-1980 ut dei fire Per-bøkene hans i Orion-serien, og i 1966 kom Johs. A. Dale og Lars Reintons «Ei bok om Olav Sletto».  Alle er å finne i utstillinga, saman med mykje anna interessant stoff.

Les meir

Olav Sletto i Leveld Kunstnartun-skogen

Eva ser på OS tekster

Denne sommaren har den faste utstillinga i Leveld Kunstnartun-skogen, Birgit Hagen sine strålande vevde tepper, fått følgje av tekster frå ulike, mest lokale diktarar.  Utstillinga er kalla «Dikt i skogen». Tekstene handlar om tilhøvet mellom menneske og natur. Blant dei utvalde diktarane finn vi to tekstplakater av Olav Sletto. Leveld Kunstnartun og Olav Sletto-selskapet følgjer opp avtala om samarbeid. Dette er eit godt døme på det. Utstillinga er vel verdt eit besøk – tekstene gir stoff til ettertanke.
Framheva bilde: Eva Almhjell les Sletto-tekster i Leveld Kunstnartun-skogen. Foto: Grethe Larsgard  Rudningen.

Olav Sletto i godt selskap i Leveld Kunstnartun-skogen 2018. Foto: E. Almhjell

Olav Sletto-tekster i Leveld Kunstnartun-skogen 2018. Foto: E. Almhjell

Les meir

Olav Sletto og kjærleik i hundre

Unge Karin og Olav Sletto. Fotomontasje av Bjørn Furuseth/Hol Bygdearkiv

Tre brevartiklar skrivne av Eva Almhjell, leiar i Olav Sletto-selskapet, er publisert på http://www.olavslettoselskapet.no /taleferdartiklar-3/ Det er breva mellom Olav Sletto og kona Karin i åra 1911-1918, som er underlaget for artiklane. Dei kan lesast som spennande fortellingar frå ulike taleferder som Sletto gjorde i åra 1910-1917.  Om ein ynskjer kan ein lesa artiklane kronologisk og slik skaffe seg eit samla og unikt innblikk i liv og samliv – fram til september 1911.  Det er eit kjærleiksdrama i hundre.  Ein brevartikkel om Sletto-familien sine fem år  i Vollen i Asker (1912-1918), blir fyrst publisert i Årbok for Vollen histporielag 2018 til mot slutten av året. Så kjem den i elektronisk form her etterpå.

Framsidebilde: Unge Olav og Karin Sletto. Karin-bilde utlånt av Are von der Lippe. Fotomontasje Bjørn Furuseth/Hol Bygdearkiv.

Les meir

Sletto-arkivet ferdig transkribert

Holsbygda mot vest. Foto: Olav S. Reinton, ca. 1915/Hol Bygdearkiv

Det er med eit tilfreds sukk vi no set strek for transkriberingar frå Sletto-arkivet. Arbeidet starta før jul 2016 og omfattar fleire hundre brev og tusenvis av skanna originalsider. Originalane er skrivne av og sett saman til avskrifter som syner brevvekslinga, der begge avsendarar er å finne, som den mellom Olav og kona hans, Karin Sletto. Ellers er det brev Sletto har motteke frå kjende menn, som t.d. Arne Garborg, Alf Larsen, Kristoffer Uppdal mfl. vi har arbeidd med.  Målet er å få publisert dette omfattande materialet på Olav Sletto-selskapet si heimeside – www.olavslettoselskapet.no, slik at det blir enkelt tilgjengeleg for dei som vil nytte det til forskning og undervisning – og for den litterært interesserte ålmenta ellers.   Til det treng vi pengar. Vi ventar svar på søknaden vår frå Hol kommune.  Det er kommuna som eig Sletto-arkivet. Olav Sletto-selskapet forvaltar det. Leiaren i Olav Sletto-selskapet rettar ein stor takk til dei som har bidratt i arbeidet med Sletto-arkivet desse åra, Margarethe L’orange og Eva-Cecilie Skaarberg.

Framsidebilde: Olav S. Reinton, ca. 1915/Hol bygdearkiv.

Les meir

Sletto-helsing til Lars Eskeland – 70 år

Lars Eskeland. Foto: Wikipedia

Frå Olav Sataslåtten har vi fått ei unik helsing frå Olav Sletto til Lars Eskeland sin 70-årsdag i 1937.  Alle hallingar som hadde site under hans lærestol ved Voss folkehøgskule hadde laga kvar si helsing. Alle helsingane vart skinninnbunde og overrekt jubilanten.  Her går det tydeleg fram at Slettos fyrste store læremeister har betydd svært mykje for han og hans utvikling som forfattar – og talar, ikkje minst det.  Lars Eskeland er kjent for å ha drilla studentane sine i talekunst. Olav Sletto gjorde seg god nytte av lærdomen. Han vart sjølv kjent som ein stortalar, ja, ein talekunstnar – som sitt store ideal.

Sletto-helsing til Lars Esekland 70 år 1937

Les meir

Olav Sletto – kjærleikshungrid talekunstnar

Den unge Karin Bryde

Forfattaren Olav Sletto er godt arkivert i gløymsla for folk flest. Diverre, vil eg si, som har gleda av å transkribere m.a. breva mellom Olav og hans store kjærleik, Karin Bryde.  Det er brev med litterær kvalitet som gir eit unikt inntak til å forstå meir av denne originale stilkunstnaren i nynorsk litteraturhistorie.  Brevartikkelen som vi publiserer her, er den fyrste av ein serie brevartiklar frå brevvekslinga mellom Olav og Karin, g. Sletto.

Eg er takksam for å høyre frå deg som les. Mi e-adresse er:  eva.almhjell@gmail.com

Olav Sletto (1886-1963) vart født på garden Sletto i Hol i Hallingdal – som sokalla «uægte barn». Mor, tenest-jenta Anne (18), måtte ut att i tenest radt etter nedkomsten. Guten vaks opp hjå besteforeldra – i enkle kår – som så mange andre i små fjellbygder på slutten av 1800-talet. Olav var trass alt heldig, men han kjende, skriv han i mange brev, på ei stor einsemd og eit djupt morssakn.

Det transkriberte materialet frå Sletto-arkivet i Hol kommune er ei gullgrube for forskning, enten det er i Slettos eige liv og dikting, eller samanlikna med andre, t.d. Tor Jonsson, Olav Duun og andre.

Agder – OS taleferd april-mai 1911 – 23.5.18

Forsidebilde: Karin Bryde, 16 år. Bildebearbeiding: Hol bygdearkiv.

Les meir

Sletto i Asker – minnedag 16. september 2018

Styret i Vollen historielag, f.h. Morten Gisle Johnsen, leiar Harald Bøckmann og Tor Finstad. T.v. Trine Bendixen, noverande eigar av Vesleheimen. Foto: E. Almhjell

Styret i Vollen historielag ynskjer å gjera stas på forfattaren Olav Sletto og hans familie.  Det er dagens Vesleheimen-eigar, Trine Bendixen, som opnar Olav og Karins fyrste heim for publikum, og som saman med styret planlegg dagen. Den er sett til sundag 16. september 2018 kl. 13-17.  Fyrste planmøte var tysdag 8. mai. Det blir fest, lovar dei!

I åra 1912-1917/18 var Vollen heimstaden til Karin og Olav Sletto, og dei tre barna som kom til der, Eva, Randi og Bjørn. Karins familie, reiarbror Gottfred Maurits frå Sandefjord,  eigde mykje jord i Vollen med eit feriehus  dei kalla Skjæret.  Av denne eigedomen vart det skilt ut ei ca. 5 mål stor tomt til Karin og Olav. Dei venta sitt fyrste barn etter kveitebrødsdagar i København, men levde kvar for seg, type særbu 1912. Olav hadde korkje sosial eller økonomisk kapital til husbygging, men Karin si mor og nok ein reiarbror, Johan, sørga for finansiering, så dei fekk sett seg opp sin fyrste sams bustad.  Vesleheimen, som dei kalla han, skulle «lyse utetter og verme innetter». Han skulle gi næring for djup kjærleik og evig truskap innetter, og vera open utetter for sjeler som var i åndeleg trengsel. Saman skulle dei to søkje «det fuldkomne». Dei hadde store draumar, Olav og Karin Sletto. Om dette og mykje anna er Eva Almhjell, leiar i Olav Sletto-selskapet, invitert til å fortelja. Heile programmet kjem til hausten.

Arrangementet er open for alle, bygdefolk frå Volden og stroka deromkring, for folk frå fjellbygdene i Hallingdal, Slettos fødedal, og sjølvsagt Slettos etterkomarar.

Forsidebilde: Styret i Vollen historielag, f.h. Morten Gisle Johnsen, leiar Harald Bøckman og Tor Finstad. T.v. Trine Bendixen, noverande eigar av Vesleheimen. Foto: E. Almhjell.

Vesleheimen måla i 1919 av 10-åringen Rolf Halvorsen, sonen i ein familie som ferierte saman med familien sin i Vesleheimen etter at fam. Pedersen tok over då Slettos flytta til Fiskum. Legg merke til bogane framma verandaen og vindaugo på endeveggen. Olav var sers nøgd med Karin sine husteikningar. Foto: E. Almhjell

Les meir