Nyhende

Sletto-helsing til Lars Eskeland – 70 år

Lars Eskeland. Foto: Wikipedia

Frå Olav Sataslåtten har vi fått ei unik helsing frå Olav Sletto til Lars Eskeland sin 70-årsdag i 1937.  Alle hallingar som hadde site under hans lærestol ved Voss folkehøgskule hadde laga kvar si helsing. Alle helsingane vart skinninnbunde og overrekt jubilanten.  Her går det tydeleg fram at Slettos fyrste store læremeister har betydd svært mykje for han og hans utvikling som forfattar – og talar, ikkje minst det.  Lars Eskeland er kjent for å ha drilla studentane sine i talekunst. Olav Sletto gjorde seg god nytte av lærdomen. Han vart sjølv kjent som ein stortalar, ja, ein talekunstnar – som sitt store ideal.

Sletto-helsing til Lars Esekland 70 år 1937

Les meir

Olav Sletto – kjærleikshungrid talekunstnar

Den unge Karin Bryde

Forfattaren Olav Sletto er godt arkivert i gløymsla for folk flest. Diverre, vil eg si, som har gleda av å transkribere m.a. breva mellom Olav og hans store kjærleik, Karin Bryde.  Det er brev med litterær kvalitet som gir eit unikt inntak til å forstå meir av denne originale stilkunstnaren i nynorsk litteraturhistorie.  Brevartikkelen som vi publiserer her, er den fyrste av ein serie brevartiklar frå brevvekslinga mellom Olav og Karin, g. Sletto.

Eg er takksam for å høyre frå deg som les. Mi e-adresse er:  eva.almhjell@gmail.com

Olav Sletto (1886-1963) vart født på garden Sletto i Hol i Hallingdal – som sokalla «uægte barn». Mor, tenest-jenta Anne (18), måtte ut att i tenest radt etter nedkomsten. Guten vaks opp hjå besteforeldra – i enkle kår – som så mange andre i små fjellbygder på slutten av 1800-talet. Olav var trass alt heldig, men han kjende, skriv han i mange brev, på ei stor einsemd og eit djupt morssakn.

Det transkriberte materialet frå Sletto-arkivet i Hol kommune er ei gullgrube for forskning, enten det er i Slettos eige liv og dikting, eller samanlikna med andre, t.d. Tor Jonsson, Olav Duun og andre.

Agder – OS taleferd april-mai 1911 – 23.5.18

Forsidebilde: Karin Bryde, 16 år. Bildebearbeiding: Hol bygdearkiv.

Les meir

Sletto i Asker – minnedag 16. september 2018

Styret i Vollen historielag, f.h. Morten Gisle Johnsen, leiar Harald Bøckmann og Tor Finstad. T.v. Trine Bendixen, noverande eigar av Vesleheimen. Foto: E. Almhjell

Styret i Vollen historielag ynskjer å gjera stas på forfattaren Olav Sletto og hans familie.  Det er dagens Vesleheimen-eigar, Trine Bendixen, som opnar Olav og Karins fyrste heim for publikum, og som saman med styret planlegg dagen. Den er sett til sundag 16. september 2018 kl. 13-17.  Fyrste planmøte var tysdag 8. mai. Det blir fest, lovar dei!

I åra 1912-1917/18 var Vollen heimstaden til Karin og Olav Sletto, og dei tre barna som kom til der, Eva, Randi og Bjørn. Karins familie, reiarbror Gottfred Maurits frå Sandefjord,  eigde mykje jord i Vollen med eit feriehus  dei kalla Skjæret.  Av denne eigedomen vart det skilt ut ei ca. 5 mål stor tomt til Karin og Olav. Dei venta sitt fyrste barn etter kveitebrødsdagar i København, men levde kvar for seg, type særbu 1912. Olav hadde korkje sosial eller økonomisk kapital til husbygging, men Karin si mor og nok ein reiarbror, Johan, sørga for finansiering, så dei fekk sett seg opp sin fyrste sams bustad.  Vesleheimen, som dei kalla han, skulle «lyse utetter og verme innetter». Han skulle gi næring for djup kjærleik og evig truskap innetter, og vera open utetter for sjeler som var i åndeleg trengsel. Saman skulle dei to søkje «det fuldkomne». Dei hadde store draumar, Olav og Karin Sletto. Om dette og mykje anna er Eva Almhjell, leiar i Olav Sletto-selskapet, invitert til å fortelja. Heile programmet kjem til hausten.

Arrangementet er open for alle, bygdefolk frå Volden og stroka deromkring, for folk frå fjellbygdene i Hallingdal, Slettos fødedal, og sjølvsagt Slettos etterkomarar.

Forsidebilde: Styret i Vollen historielag, f.h. Morten Gisle Johnsen, leiar Harald Bøckman og Tor Finstad. T.v. Trine Bendixen, noverande eigar av Vesleheimen. Foto: E. Almhjell.

Vesleheimen måla i 1919 av 10-åringen Rolf Halvorsen, sonen i ein familie som ferierte saman med familien sin i Vesleheimen etter at fam. Pedersen tok over då Slettos flytta til Fiskum. Legg merke til bogane framma verandaen og vindaugo på endeveggen. Olav var sers nøgd med Karin sine husteikningar. Foto: E. Almhjell

Les meir

Kom mai, du skjønne, milde…

Blå og sjokkrosa blåveis og ein einsleg kvitveis. Foto: E. Almhjell.

Styret i Olav Sletto-selskapet ynskjer medlemmer og andre ein fargerik og varm mai!

Blåveis trumfar fjorårslauv på Veierland. Foto: E. Almhjell

Kom mai, du skjønne, milde ... Foto: E. Almhjell

Sjokkrosa blåveis på Veierland. Foto: E. Almhjell

Våren trumfar fjorårslauv. Foto: E. Almhjell

Les meir

Årsmøtet 6. april 2018 – mykje nytt

Styret i Olav Sletto-selskapet 2018. F.v. framme: Grethe Larsgard Rudningen, Eva Almhjell, Eva-Charlotte Mørk. Bak f.v. Inger Grostølen, Ola Ruud (kasserar - ikkje med i styret) og Margarethe L'orange. Foto: Brit Kaupang.

Dei 18 årsmøtedeltakarane fekk med seg mykje nytt frå Olav Sletto-selskapet sine aktivitetar 2017 og fram til april 2018. Etter handsaminga av årsmøtesakene, fekk vi høyre eit NRK-intervju med Olav Sletto frå tidleg 1950-tal. Det var forvitneleg høyre stemma hans, og vi merka oss at han tala normalisert nynorsk. Han fortalde om folkemusikkens betydning i diktinga si. 2017 har vore eit år med transkriberingar frå Sletto-arkivet si rike samling av brev.  Eva Cecilie Skaarberg fortalde frå sitt arbeid med breva frå Alf Larsen, Olav Slettos åndsfrende framfor nokon, og Margarethe L’orange ga att frå brev mange andre hadde skrive til Olav Sletto, som t.d. Arne Garborg. Det var mykje morosamt og interessant stoff, fortalt på levande vis.  Eva Almhjell las utdrag frå breva mellom Karin og Olav Sletto den tida dei budde i Asker (1912-1917). Mykje å undre seg over, mykje å lære – om to einsame sjeler som fann den store kjærleiken saman.  Almhjell skriv «brevartiklar» til ulike historielag, der Sletto var på taleferd for 100 år sidan. Forvitnelege reiseskildringar. Ei rik kjelde til kunnskap om den store forfattarens sitt liv og dikting.

Protokollen frå årsmøtet er publisert under Styret/årsmøter/2018 og under
Protokoll årsmøte 2018 – Olav Sletto-selskapet – sign.

Bildet viser det nye styret i Olav Sletto-selskapet: f.v. framme Grethe Larsgard Rudningen, Eva Almhjell, Eva-Charlotte Mørk. Bak f.v. Inger Grostølen og Margarethe L’orange. I midten Ola Ruud, som er kasserar men ikkje formelt med i styret.

Les meir

GOD PÅSKE!

Foto: Eva Almhjell

Styret i Olav Slettos-selskapet ynskjer alle gode medlemmer og andre ei strålande påske anten ho blir feira i våre snørike fjell, ved sjøen, i bygd eller by. Minner om årsmøtet fyrste fredag etter påske – 6. april kl. 1800 på Vika velferdssenter i Holet. Velkomne!

Framsidebilde: Flyadn. Foto: E. Almhjell.

Les meir

ÅRSMØTE 6. APRIL 2018

Moutmarka. Foto: E. Almhjell

Fredag 6. april 2018 er det årsmøte i Olav Sletto-selskapet på Vika velferdssenter i Holet kl. 18.00 inntil 21.30.
Styret ynskjer av hjarta velkommen. Innkalling er sendt alle medlemmer. Frå kl. 19 er årsmøtet ope for alle. Då vil det bli orientering om prosjekt «Digitalisering av Olav Sletto-selskapet». Innkallinga finn du nedanfor,  med innkomne forslag til endring av vedtektene §§ 6 og 7.  Våre to revisorar gjennom mange år er på val og tek ikkje attval. Det er ikkje naudsynt med to revisorar.  Styret legg derfor fram forslag om endring frå to til ein revisor. Innkalling med endringsframlegg finn du nedanfor.

Innkalling til OSS-årsmøte 2018

Framsidefoto: Moutmarka. Foto: E. Almhjell.

Les meir

Terje Vindegg – minneord

Hallingskarvet sett frå sør. Foto: E. Almhjell.

Tidlegare bibliotekssjef i Hol, Terje Vindegg (1946-2018), er gått bort.  Han var medlem i Olav Sletto-selskapet frå starten i  2001.  Då Olav Sletto døydde i 1963, vart samlinga hans pakka ned og sto lagra på Geilo bibliotek og fleire andre stader i mange år.  Men på 1980-talet vart tanken lufta om å flytte den til biblioteket i Holet skule.  I denne prosessen, skriv Kåre Olav Solhjell i Årbok 2002,  var Terje Vindegg  ein pådrivar, saman med Kaare Wensaas.  På hemsen i Holet bibliotek vart det laga eit rom, Sletto-rommet kalla, som husa Slettos bibliotek, fela og andre eigelutar knytt til diktaren sitt liv og dikting.  Dei mange breva og andre dokument vart etterkvart katalogisert av Solhjell,. Dei har sin plass i Hol bygdearkiv. Eg hadde av og til lange telefonsamtaler med Terje Vindegg.  Han var ei kjelde til nyttig kunnskap.  Han merka seg det Olav Sletto-selskapet dreiv med og støtta oss i arbeidet.  Olav Sletto-selskapet er takksam for Terje Vindegg sitt arbeid for å få ordna arkivet og realisert planane om eit eige rom for den store samlinga etter Olav Sletto.

Eva Almhjell
Leiar
Olav Sletto-selskapet

Framsidefoto: Hallingskarvet sett frå sør. Foto: Eva Almhjell.

Les meir

Munnleg historie – Memoar 2018

Forelesarar Memoarkonfaransen 2018. f.v. Malin Thor Tureby (prof. ved Linkøping Universitet), Bjørn Enes (leiar Memoar), Ingar Kaldal (prof. NTNU), Bjørn André Widvey (Skeivt Arkiv), stig Tenold (prof. NH), Maja Gudim Burheim (22. juli-senteret), Audun Kjus (Folkemuseet). Foto: E. Almhjell.

Bergen offentlege bibliotek var staden for ei storhending innan munnleg historie 17. februar 2018. Då gjekk den fyrste Memoarkonferansen av stabelen. Meir enn 60 folk frå akademia og frå frivillige organisasjoner var der for å dele røynsler og  samla seg til felles innsats  for å få til ein beredskapsplan for umiddelbar historie-forteljing ved store hendingar i Norge (eks. 22. juli 2011) spesielt, og for å få merksemd om den munnlege fortellinga som viktig historisk dokumentasjon.

Memoar vart stifta i Bergen i 2015. Initiativtakaren var Bjørn Enes, som også er leiar i Memoar.  Han framheva at målet er å byggje ein landsfemnande organisasjon for munnleg historie, for forteljingar frå vanlege folks kvardagsliv.  Alle var samde om at dei små stemmene skal høyrast. Historier sett nedanfrå skal forteljast, for dei er politiske.  Enkeltindivida sine forteljingar dannar tilsaman ein kvalitativ heilskap som trengs for å komplettere offentleg norsk historie, vart det sagt.

Framsidebildet viser f.v. Malin Thor Tureby, prof. ved Linkøping universitet, Bjørn Enes, leiar Memoar, Ingar Kaldal, prof. NTNU, Bjørn André Widvey, Skeivt Arkiv, Stig Tenold, prof. NH, Maja Gudim Burheim, 22. juli-senteret og Audun Kjus, Folkemuseet. Foto: E. Almhjell.

Olav Sletto-selskapet var der med leiar Eva Almhjell. Ho fann konfaransen sers nyttig og oppmodar lokalradioar, lokale bibliotek, historielag og andre frivillige organisasjoner med interesse for, enn si samlingar av,  munnleg historisk stoff å gjera seg kjent med Memoar sitt arbeid.  Memoar hjelper til med å fortelja, å samla og bevare munnleg stoff.  Dei driv kursverksemd, låner ut utstyr for opptak, og arbeider for at offentlege arkiv skal ta imot munnleg historie.  Dei har – inntil vidare – etablert eit arkiv i nettskya, der folk som er med kan dele plass.  Sjå www.Memoar.no

Salen full av interesserte tilhøyrarar under Memoarkonferansen 2018 i Bergen 17.2.2018. Foto: E. Almhjell.

Memoar er open for alle som vil vera med som medlemmer.  Årskontingent kr. 200.

 

Arrangørar i Bergen var: Memoar, Bergen Offentlege Bibliotek, Bergen Byarkiv og Universitetet i Bergen/Kulturvitskap.

 

 

 

 

Geilo stasjon februar 2018. Stoppestad for Olav Sletto på taleferd i Hallingdal januar-februar 1915. Foto: E. Almhjell.

Turen over fjellet gjekk med tog.  I januar-februar 1915 gjorde Olav Sletto ei taleferd i Hallingdal og Hardanger. Han brukte også tog på turen Kristiania – Voss – Kristiania.  På Gjeilo st. steig han av 30. januar 1915. Mor hans var der og møtte han. Ho spanderte opphaldet på Holms Hotell på sonen sin. Om kvelden førde stortalaren Olav Sletto mor si til sætes på fyrste benken. Han tala for stappfull festsal i Holms hotell. Det var truleg fyrste gongen han snakka med mor si. Meir om denne taleferda i Årshefte for Olav Sletto-selskapet 2018.

Les meir

Høyr Jørn Øyrehagen Sunde om talaren Olav Sletto

Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettshistorie ved Universitetet i Bergen

Professor Jørn Øyrehagen Sunde ved Universitetet i Bergen tala under Olav Sletto-dagen 2017 om Olav Sletto. Han kalla foredraget sitt «Internasjonal og moderne, lokal og tradisjonalist – talaren Olav Sletto».  Sletto var ein framragande talar. Han lærte seg talen utanboks og brukte aldri manus.  Slutten var alltid open. Den laga han i samspel med publikum. Talane var bygde opp som eit stykke norsk folkemusikk.  Talen var eit kunstverk. Øyrehagen Sunde er sjølv prisløna talar.  I lydfila høyrer  vi stortalaren Jørn Øyrehagen Sunde tala om stortalaren  Olav Sletto.  Lydopptaket er gjort av Radio Hallingdal og gitt att med løyve derifrå, og frå Jørn Øyrehagen Sunde.

Lydfila finn du her, og den ligg under lydfil i venstre margen.

Høyr Jørn Øyrehagen Sunde om talaren Olav Sletto nå

Les meir