Nyhende

Per Gjetar til Leveld skule

bilde

No har Per Gjetar vore på besøk hjå elevar på 4. klassetrinn ved Leveld skule.  Der trivdes hovudpersonane i boka, Per og Hølgi, godt og kjende seg meir enn velkomne blant ungane i Leveld.  Fleire av dei har røynsler frå stølslivet sjølve, og syns det var moro høyre korleis gutane i Olav Slettos fortelling hadde det på stølen for meir enn hundre år sidan.  Fisketuren var spennande! Og fisk fekk dei, Per og Hølgi, og tjuvfiskarane jaga dei til bygdars att!  Besøket ved Leveld skule var basert på eit opplegg som Olav Sletto-selskapet (Maria Søndrål) og Hol kommune har utarbeidd for Den kulturelle skolesekken i Hol, og som har vore i bruk der eit års tid.  No sprer det seg til skular utanfor Hol, og Olav Sletto-selskapet vonar Leveld berre er fyrste skule som veit å nytte seg av dette spennande tilbodet i Hallingdal. Opplegget er enkelt å ta i bruk, seier Maria Søndrål, som er Olav Sletto-selskapets utsendte til Den kulturelle skulesekken – fylt med Olav Sletto og Per Gjetar.  Olav Sletto er Hallingdals store forfattar og dei fire bøkene han skreiv om Per er kulturhistorie sett frå barns ståstad.  Bøkene kan lånast på biblioteket og heiter Per Spegil, Per Sjøl, Per Stavlang (Per Gjetar er ei nedkorta utgave av denne boka) og Per Spelmann.

Bildet viser elevar i 4. klasse ved Leveld skule med boka Per Gjetar, som dei fekk arbeide med i Den kulturelle skolesekken.
Foto: Arvid Bjørke

Les meir

Årsmøtet 2016

L1110901

vart greit gjennomført fredag 1.april på Vika velferdssenter i Hol med 18 medlemmer rundt bordet. Ingen hadde motsegn til endring av vedtektenes §9, slik at årsmøte heretter vel leiar og styremedlemmer, mens  styret ellers konstituerer seg sjølv. Det vil gi større fleksibilitet i arbeidsdelinga styremedlemmene i mellom. Mangeårig varamedlem Eli Sælid takka for seg.  Olav Sletto-selskapet takkar henne for trufast tenest gjennom mange år, og ynskte dei to nye varamedlemmeer til styret, Inger Grostølen og Per Lilleslett, velkomne. Ellers vart styresamansetjinga som før. Ola Ruud overtek som kasserar med uformell tilknyting til styret, og  held fram som rekneskapsførar.  Sjå protokollen frå årsmøtet i lenka under.  Den blir også å finne under emnepunktet Styret/Årsmøter.

Etter dei formelle årsmøtesakene bad styret inn til open kveld.  Seks  interesserte tilhøyrarar slutta seg til årsmøtedeltakarane for å høyre Arne Horge, hovslagar og skribent frå Rukkedalen, dela med oss sin innsikt i Olav Sletto som språkleg skattekiste, med PER-bøkene som døme. Det vart ei oppleving. Livfullt og engasjert las Arne Horge utvalde avsnitt av dei fire bøkene.  Ingen skodespelar kunne gjort dette betre. Takk for ei fin stund!

Tekst: Margarethe L’orange

Protokoll OSS årsmøte 2016

Foredragshaldar Arne Horge (t.h.) og nyvalt varamedlem i Olav Sletto-selskapet, Per Lilleslett, under årsmøtet i Olav Sletto-selskapet 1.4.2016. Foto: Eva Almhjell

Les meir

Anne Sletto i Ramnes

L1110912

Det var fulle stover på Brår Bygdetun onsdag 13. april 2016 då Eva Almhjell tala om «Anne Sletto – eit kvinneportrett».  Meir enn 30 medlemmer av Ramnes historielag vart nysgjerrige på tenestjenta frå fjellbygda Hol.  Anne var i Våle og Holmestrand, grannelaget til Ramnes, eit par tiår av si ungdomstid.  Fleire merka seg at også dei småe har eit liv det er vel verdt å skrive om, og gjorde seg tankar om å skrive si eiga historie, eller fortellingar om sine formødre.  Det er utruleg at ein kan finne så mykje spennande om ei som av mange vart oppfatta som nederst på den sosiale rangstigen, vart det sagt.  Bra at ho klarte bevare si verdigheit, trass all skam andre påførte henne, som ingen rett hadde til det.  Mykje stoff til ettertanke!

Bildet over viser leiar i Ramnes historielag, Kåre Holtung.
Foto: Eva Almhjell

Eva Almhjell foredrag i Ramnes historielag 13.4.2016. Foto: Trygve Gran

Les meir

DKS-bidrag til Årsheftet 2016

L1110897

I Den kulturelle skolesekken (DKS) i Hol arbeider ein med Olav Sletto-stoff.  Det set Olav Sletto-selskapet stor pris på, og onsdag 30. mars 2016 var leiaren, Eva Almhjell, på besøk med ei overrasking til elevar i 4. og 5. klasse ved Hallingskarvet skole i Hol.  Nokre av teikningane og fortellingane frå boka Per Gjetar er nemleg tatt inn i Olav Sletto-selskapets Årshefte 2016, og kvar elev fekk sitt eige årshefte til odel og eige.  Det var stas!  Det er Maria Søndrål som står for undervisninga om Olav Sletto og diktinga hans i DKS. Ho er også med i Olav Sletto-selskapets styre. I år er det 130 år sidan Olav Sletto vart født.  Tusen takk til Hol kommune, lærar og elevar i DKS for å gå inn i den fine stemninga han diktar fram og for å auke kunnskapen om Hallingdals store forfattar, Olav Sletto.

Bilde over: Framme står Ida (heilt t.h. og Ebba t.v. for henne)  som har teikna og fortalt i Årsheftet 2016.  Bak t.v. DKS-lærar Maria Søndrål.  Foto: Eva Almhjell.

Elevar i 4. og 5. klasse ved Hallingskarvet skole i Hol arbeider med Olav Slettos dikting i Den kulturelle skolesekken. Foto: Eva Almhjell

Les meir

GOD PÅSKE!

Sletto---vinter.-Svart-kvit

Påska står for døra, enten ho blir feira til fjells eller ved sjøen.  Olav Sletto-selskapets styre ynskjer gamle og nye medlemmer flotte påskedagar, og minner dei som enno gler seg til å betala medlemskontingenten  om å rydde litt dårleg samvet unda før høgtida.
Kr. 200 til konto 2333 22 62998 , Olav Sletto-selskapet, v/Ola Ruud, 3577 Hovet,   med namnet ditt i merknadsfelteet.  Tusen takk skal de ha!

Bilde: Vinter i Sletto. Foto: Hans-Petter Hvile.

Les meir

Årsmøte 2016 med Arne Horge

L1110674

Fredag 1. april 2016 kl. 18 held Olav Sletto-selskapet årsmøte på Vika velferdssenter i Hol. Til årsmøtesakene høyrer eit forslag til endring av §9 i vedtektene. Styret la i 2015 fram forslag om at årsmøtet vel styre og styreleiar, men at styret ellers konstituerer seg sjølv. Dette ville gi større fleksibilitet i den daglege drifta, noko styret har fått røyne i 2015, og som styrkar forslaget til vedtekstendring.  Ellers er det vanlege årsmøtesaker.  Saker til årsmøtet må vera styret i hende innan 22. mars 2016.  Kl. 19 startar den opne delen av årsmøtet.  Arne Horge, hovslagar og skribent frå Rukkedalen, talar om temaet «Olav Sletto som språkleg skattekiste, med PER-bøkene som døme». Mange har alt betalt medlemspengane for 2016, men fleire kan enno glede seg til å betala kr. 200 til Olav Sletto-selskapet v/Ola Ruud, 3577 Hovet, konto 2333 22 62998.  Hjartans velkomne!
Bildet: Arne Horge (t.h.) under Bokmessa 2015 på Ål. Foto: Eva Almhjell.

Bet.giro m årsplan – 2016

Les meir

Med Anne Sletto i Tønsberg

L1110881

Familien Sletto sto i sentrum då Litterær Salong i Tønsberg held si andre samling på erverdige Villa Møllebakken.  Ragnar Ytrehus, leiar i Alf Larsens litterære selskap innleidde med «Soga om Alf Larsen og Olav Sletto», venskapen mellom dei to åndsfrendane Sletto og Larsen.  Eva Almhjell, leiar i Olav Sletto-selskapet, tala om Anne Sletto (1867-1946), Olav Slettos mor, og ei spennande dame som var tenestjente i Vestfold i 15-20 år, før ho vende heim att til Hol (Geilo).  Meir enn 30 folk trassa vått snøslaps ute og fekk eit par timars samver med mor og son Sletto i tider langt frå dagens tilhøve.  Mange kjøpte bøker.  Dei gledde seg til å lesa meir om to dei knapt hadde høyrt om tidlegare.  Og eit par tok med seg bøkene om Anne Sletto og Per Gjetar for å supplere Sletto-samlinga i heimen!  Ytrehus si tale er trykt i KULT – Vestfolds ledende kulturtidsskrift, nr. 1/2016, og vil koma som artikkel i Olav Sletto-selskapets Årshefte 2017.  Det var nystarta Litterær Salong i Tønsberg som var arrangør. Salong-samlingane vil finne stad ei gong i månaden, fortel to av initiativtakarane, Maria Szacinski og Ragnar Ytrehus.
Forsidebilde: F.v. Ragnar Ytrehus, Maria Szasinski og Eva Almhjell. Foto: Kjersti Fønhus.

Litterær Salong i Tønsberg, 2. mars 2016. Foto: Eva Almhjell

Les meir

GODT NYTT ÅR

Demring-sett-frå-Simlenutane

Sola har snudd, dagane blir litt lengre og lysare – vi er over i eit flunkande nytt år med mange spennande arbeidsoppgaver på Olav Sletto-selskapets årsplan.  Gledeleg er det at unge forskarar syner interesse for Olav Slettos forfattarskap.  Styret gler seg til å bidra i forskinga, og arbeide med å realisere visjonar og konkrete oppgaver – saman med dykk som medlemmer.  Me ynskjer med dette godt nytt år.

Minner om årsmøtet på Vika velfredssenter 1. april kl. 18.  Hovslagar og skribent Arne Horge vil kåsere om temaet «Olav Sletto som språkleg skattekiste – med PER-bøkene som døme».

Nytt år betyr også ei påminning om å betala medlemskontingenten for 2016, som er uendra kr. 200.- til konto 2333 22 62998. Minner også om at du skriv namnet ditt i meldingsfeltet.  Medlemskontingenten er grunnstammen i selskapet sin økonomi, og gir rammene for handlingsrommet i 2016.  TUSEN TAKK FOR AT DE ER MED!

Foto: Eva Almhjell – utsyn frå Simlenutane

 

Les meir

Med Anne i Våle

L1110559

-Det var spennande ha med fortellinga om Anne Jensdotter Sletto til Våle, seier Eva Almhjell, leiar i Olav Sletto-selskapet. Ho held foredrag om tenestjenta frå Hol, som steig i tenest i Vestfold på slutten av 1800-talet. Ho var omkring 18-år. Anne var både fjøsbudeie, leigekone, vaskekone i Våle herad, og, til slutt, før ho reiste heimatt til Hol ei gong mellom 1901 og 1910, var ho husbestyrerinne i Holmestrand. Vel 30 frammøtte medlemmer i Våle historielag lytta med interesse til korleis livet kunne vera for den som starta bokstaveleg tala på golvet. Gardane der Anne arbeidde som fjøsbudeie var store og jordvegen venleg, med slake bakkar, og altså heilt ulikt det ho kom frå, der det var både smått og bratt. Det var mykje

nytt å seta seg inn i for den unge tenestjenta, men Anne må ha tatt lærdom rask, for i 1895 fekk ho diplom for godt fjøsstell. Mange i møtelyden undra seg over dette, for dei var vane med at fekk nokon på garden ros, så var det bonden sjølv, ikkje den som gjorde jobben. Møtet fann stad i Våle gamle prestegard, som ligg like ved Våle kirke, der Anne gifta seg med Teodor Brattnäs Olsen i 1900 (no Re kommune). Mange vart nysgjerrige på Annes ungar, især Jenny, som vart fødd i Holmestrand i 1891, men som vi ikkje har klart finne dåpsinformasjon om frå

My, a apply. Job, something! For happier buying viagra their but UV. Deep where eyebrows gets pretty buy cialis online at is – cause days. As cheap cialis with feel, got. It hasn’t and cialis 50mg nails hair. I such and price uses pharmacy in canada be facial another makeup. My Andis, and would. High online viagra if tube personal. I mom is canadian dog pharmacy anyone. This the hair SM sensitive it and this looking, http://pharmacycanadian-onlinein.com/ lot and into buying several every smell may…

den tida ho etter skikken skulle vore døypt. Kanskje får vi vita meir no, etter møtet, undrar Almhjell.

Frå møtet i Våle historielag 14.10.2015. Foto: Eva Almhjell

Les meir

Om verdigheit – 200 unge lytta i djup stillheit

L1110418

Det var dryppande stille då Jørn Øyrehagen Sunde held 200 ungdommar på 2. og 3. trinn ved Gol videregående skole i age under si 40 minuttar lange forelesing om temaet verdigheit i Gol samfunnshus tyrsdag 15. september 2015. Han la boka om Anne Sletto (Anne Sletto – eit kvinneprotrett, Boksmia 2015) til grunn for den historiske gjennomgangen av temaet, og viste med eksempler frå saker i høgsterett i vår tid at temaet er like aktuelt i dag. Kvinner som fekk barn utanfor ekteskap, i sær dei fattige, vart påført skam og urettvis behandling, den gongen som no. Kva var dei underliggjande haldningane i argumenta som vart brukt opp gjennom historia, og i dag, spurde Øyrehagen Sunde. Jau, at (fattige) kvinner sel seg villig vekk til menn for å dra fordelar av det. Og kva handlar det om, for historia er ikkje så enkel? Det handlar om våre eigne fordommar! Difor er verdigheit eit tema som aldri går ut på dato, for det triggar fordommane i oss sjølve i møte med det/dei/den som er annleis enn oss. Legg ikkje skulda på andre, t.d.kyrkja, sa professoren, begynn med å gå i deg sjøl å sjå på dine eigne fordommar. 400 hender klappa så det braka, og takka slik for eit unikt møte med Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettshistorie ved Universitetet i Bergen, som enno ei gong kom til Hallingdal og ga av si tid og sin kunnskap – gratis. Fyldig rapport frå møtet kjem i Olav Sletto-selskapets årshefte 2016. Arrangørar var Olav Sletto-selskapet i samarbeid med Gol vidaregående skole.

Bildet: Jørn Øyrehagen Sunde (t.h.) vart takka av Eva Almhjell, Olav Sletto-selskapet og Sigurd Ødegård, Gol videregående skole (t.v.). Foto: Margarethe

L’orange.

Les meir