Av Kåre Olav Solhjell

Olav Sletto er diktaren i Hol, framfor andre. Han vart fødd 21. juni 1886, voks opp på Sletto i det austre dalføret, og levde pensjonsåra på Geilo i det vestre. Der døydde han 24. oktober 1963. Ein lang bolk av livet levde han utanfor bygda, og han skreiv om emne som var bygda fjernt. Men det var her han begynte og det var her han slutta.

Det følgjer gjerne noko gåtefullt med ein diktar. Olav Sletto er gåtefull så det greier seg. Likevel har nye gåter vorte dikta til, slik at dikt ikkje alltid kan skiljast frå sanning. Slikt kan skje med personar som skil seg ut frå det vanlege. Mor hans var ei ung, ugift jente som hadde reist utover for å tene. Namnet hennar var Anne Jensdotter Sletto. Ho var berre 19 år då Olav vart fødd i 1886. Johannes Kristiansen Lundeby, ein ung gardbrukar frå Sande i Vestfold, er skriven som far til barnet. Johannes Lundeby døydde ugift i 1900, 38 år gammal. At faren skulle vere sjølvaste Bjørnstjerne Bjørnson, har Lars Reinton avvist som grunnlause rykte. Folkehøgskolelærar Audun Thorsen, som har granska Bjørnson sine brev, seier det same. Men rykta lever vidare. Også Sletto sjølv og andre i familien har gitt næring til dei. Og Lars Reinton har i eit radiointervju sagt at det ikkje kan førast noko avgjerande bevis for at Bjørnson ikkje kan vere faren. Det er elles vel kjent at Sletto var ein stor beundrar av Bjørnson og at han ved minst eitt høve fekk møte den store diktaren. Det kan ha gitt næring til rykta at Sletto reiste landet rundt med sitt ”Bjørnson-foredrag”. Då vart det sagt at Sletto, nett som Bjørnson, var ein av dei største folketalarane i landet. Somme meinte også å sjå at Sletto hadde andletsdrag som minte om diktaren på Aulestad. Og med alpeluva på var posituren den same.

Kort etter at Olav var fødd, reiste mora attende til Vestfold for å tene. Der fekk ho endå eit barn, Jenny, fødd i 1891. Så voks Olav Sletto opp hjå besteforeldra Jens og Birgit på Sletto. Veslesøstera Jenny kom også dit. Olav skulle tru at besteforeldra var rette mor og far hans. Han skulle først få vite den rette samanhengen i konfirmasjonsalderen. Han fann det ut før. Men han fekk aldri noko nært tilhøve til mor si. Han møtte henne ein gong i oppveksten. Neste gong han såg henne var i 1915, etter at mora hadde slege seg til på Geilo. Då var Olav Sletto 29 år og landskjend.

I dei sjølvbiografiske bøkene og i oppteikningar han etterlét seg, var Olav oppteken av å finne ei forklaring på korleis det kunne gå til at han, med ein slik bakgrunn, kunne bli diktar. Han leita såleis etter diktarevner i slekta, helst på morsida. Lars Reinton, som saman med Johs. A. Dahle har skrive biografien over Olav Sletto, leita i same lei. Men dei legg også vekt på oppvekståra i Hol og på den opplæringa han fekk i heimen og i skolen. Naturen i Hol er kulissar i bøkene hans, også når han skriv om emne frå Israel og frå Hellas i antikken. Bygda gav han dessutan eit persongalleri som kunne gi personane i bøkene hans karakter. Mange av dei kunne brukast som dei var, utan å dikte noko til. Bøker fekk han låne i boksamlinga, hjå presten og klokkaren, og elles der det høvde. Nynorsk stil lærte han ved å skrive av nynorsk litteratur og ved å lytte til forteljaren Nils Løingslåttun. Det var klokkaren Sjugurd Reinton som tilskunda han til det.

Etter debutromanen drog Sletto ut i verda
Vinteren 1902-1903 gjekk Sletto folkehøgskolen på Voss. Der var det særleg norsklæraren Lars Eskeland som sette spor i utviklinga hans. Hausten 1904 reiste han til lærarskolen på Notodden. Sjugurd Reinton og eit par andre lånte han pengar og kausjonerte så han kunne få råd til å reise. På lærarskolen var livet pensum, og målet var eit papir. Der gjennomlevde han ei personleg krise, medan han streid for å finne framtidsvegen. Læraren hans i Hol var til god støtte for han i denne tida. Gjennom dette mogna det i han ei beslutning om at det var diktar han skulle bli.

Vinteren 1907-08 var Sletto lærar i Vats. Samtidig arbeidde han på den første boka som han fekk trykt, ”Dei gamle”. Modellar for hovudpersonane er dels henta frå ein gard i nabolaget og dels frå hans eigne besteforeldre i Sletto. Debut-boka hans har såleis ei sterk lokal farge, men tek samtidig opp eit allment tema. Dei gamle får døy i fred, etter at dei har gjort opp med medmenneske og forsona seg med seg sjølv.

Etter debutromanen drog Sletto ut i verda. Nokre veker om hausten utfalda han seg i litterære kretsar i hovudstaden. Han fekk gratisbillettar til Nationaltheateret, og han gjekk på forelesingar på Universitetet, utan å vere innskriven som student. Frå Oslo drog han til Askov folkehøgskole i Danmark. Det skulle vere ei førebuing til ei stilling som folkehøgskolelærar. Men Sletto braut av i Askov og reiste til København i staden. Der møtte han Sven Moren som inviterte han med på ein tur til Tyskland. På denne måten gjorde han seg kjent med europeisk kunst og litteratur, og han lærte seg herredømme over tysk språk. Olav Sletto var tiltenkt ei stilling på Olav Langelands folkehøgskole på Fiskum så snart skolen kom i gang. Men så kom det rykte frå Danmark. Det kom fram at han var vist bort frå Askov. ”Grunden var hans forhold til de unge Piger, som han rent ud sagt hypnotiserede og kyssede”. Han hadde også gjort seg til uvenns med Sven Moren, som nå hjelpte til med å spreie vonde rykte om sin diktarfrende og reisekamerat. Difor vart det inga stilling på Fiskum med det same. Læraren hans i Hol sat i styret for skolen og var med og stengde vegen. Utanlandsreisa fekk også ei anna følgje. Ho gav ny avklaring i den diktarvegen han skulle følgje. Han ville ikkje bli folkelivsskildar frå Hallingdal, slik Sven Moren rådde han til. Han ville skrive om meir allmenne emne. Lesarar vil likevel kunne leite etter emne dei saknar. Sletto skreiv ikkje erotiske skildringar, eller på annan måte avslørte intime sider ved livet til personane sine. Han var heller ikkje oppteken av sosiale emne eller samfunnsspørsmål i vidare meining. Det er den ”åndelege” utviklinga til personane sine han vil skildre.

Reisetalar og folkehøgskolelærar
Hausten 1909 vikarierte Olav Sletto ei stund for S. Reinton på skolen i Holet. Samtidig heldt han kveldsskole og underviste i nynorsk. Etter nyttår vart han reisetalar for ungdomslag og folkeakademi. I åra som følgde, fram til 1917, veksla han mellom dikting om sommaren og foredragsreiser om vinteren. Det var hardt å få endane til å møtast. I 1911 gifta han seg hemmeleg med Karin Bryde, dotter til ein skipsreiar i Sandefjord. For å få det til melde han seg ut av kyrkja og gifta seg borgarleg. Fire år seinare melde han seg inn att. Familien til kona hjelpte til så dei fekk bygd seg hus i Asker. Familien skøytte også på inntekta ei tid. Brevvekslinga viser at familien levde med samanhengande pengesorger, heilt til han fekk stillinga på folkehøgskolen på Fiskum.

I 1915 kom Sletto til Geilo for å halde foredrag på Holms Hotell. Då møtte han mor si, visstnok for andre gong i livet. Han såg også til besteforeldra som då budde i Bøkko. Det gjorde han vondt å sjå kor fattigsleg dei levde. Han kjende seg framand for folket sitt nå. Han fjerna seg meir og meir frå heimbygda, både når det galdt diktinga og omgangskretsen. Han kom ikkje eingong heim att til gravferdene då besteforeldra døydde i 1920 og i 1931.

Hausten 1917 fekk han fast stilling som lærar på folkehøgskolen ”Heimtun” i Fiskum. Då fekk han samle seg om det han hadde meint var livskallet: Folkehøgskolen og diktinga. Han vart seks år på Darbu. Då hadde det bygd seg opp motsetningar til styraren Olav Langeland, og Sletto såg seg om etter andre oppgåver. Hausten 1923 vart han styrar på Romerike folkehøgskole på Årnes. Der fekk han tid til å skrive. Kvart år kom ei ny bok. I 1929 vart det bygd ein ny folkehøgskole for Romerike på Sørumsand, og Olav Sletto flytta med dit. Han gjorde teneste der heilt til tyske soldatar overtok lokala i 1940. Då måtte han sjå talarstolen sin sundslegen. I 1941 evakuerte han saman med familien til garden Bingen ved Glomma. Der budde han til 1946. Det året døydde mor hans, og Olav og Karin Sletto flytta til Geilo, der dei tok inn i det huset mor hans hadde hatt.

Ny kurs på 50-årsdagen
På 50-årsdagen i 1936 skjedde det eit omskifte i Olav Sletto si dikting. Den dagen sette han seg til for å minnast attende til barneåra. Då steig dei fram for han i levande bilde dei menneska han kjende i oppveksten. Utover sommaren og hausten skreiv han ned desse minna i ei ”minnebok”. Denne minneboka danna i si tid råmaterialet til Per-bøkene, der han sjølv er hovudperson. Det første bindet, ”Per Spegil”, kom ut i 1939.

I arbeidet med Per-bøkene fekk han òg hjelp av det første bindet av bygdeboka ”Folk og fortid i Hol” som kom ut i 1938. Dei fire Per-bøkene kom ut i åra 1939-1942. Med desse bøkene vart Olav Sletto ”folkelivsdiktar”, det han ikkje ville bli. Og med desse bøkene, der han vende attende til seg sjølv og si eiga bygd, fekk han det endelege gjennombrotet som diktar. Nå kunne ikkje kritikarane i hovudstaden heilt oversjå han lenger.

Samtidig med at Sletto fekk vidare anerkjenning som diktar, tok helsa til å skrante. I 1940 fekk han eit lettare slagtilfelle, og han hadde hjartefeil og magesår. I 1941 søkte han permisjon frå skolen, og tre år seinare gjekk han av med invalidepensjon. Då fekk han samtidig meir tid til diktinga. Den fridommen dette gav, utløyste krefter til å skrive bøkene om ”Røgnaldfolket”. Under førebuinga til dette verket gjekk han i ”ein salig rus”. ”Fær eg det til som eg no ser det, skal Hallingdal få sin roman”, skreiv han i eit brev til Lars Reinton i 1942.

Det vart stilt spørjeteikn ved Olav Sletto si nasjonale haldning under andre verdskrigen. Det har Lars Reinton omtala i «Ei bok om Olav Sletto» (Samlaget 1966). Av æresretten i Den norske Forfattarforening (DnF) vart Sletto straffa hardt etter krigen.  Under 125-års jubileet for DnF i 2018, får 17 norske forfattarar ei orsaking frå leiaren i DnF, Heidi Marie Kriznik, for urettvis handsaming av æresretten i DnF. Olav Sletto er ein av dei.

Eva Almhjell har skrive ein artikkel om saka: EA Olav Sletto og andre verdskrigen

”Soga om Røgnaldfolket”, som også kan kallast ”Soga om Silju”, fekk fem dryge bind. Modell for hovudpersonen, presten Silju, er Erling Grønland, som var kapellan i Hol 1885 – 1886. Dessutan brukar Sletto sin eigen lokalkunnskap med støtte i Lars Reintons doktoravhandling om Villandætta og dei to binda av bygdebøker som då var komne ut. Arbeidet med dei to siste binda av soga om Røgnaldfolket vart gjort etter at han hadde flytta til Geilo. Det høvde godt. For desse bøkene handla om den forandringa som kom til bygda med jernbanen og turistnæringa.

Det er taparen som vinn
Olav Sletto måtte tåle kritikk for haldninga si under krigen. Det skuldast ikkje at han beinveges støtta okkupasjonsmakta, men meir at han stilte seg motvillig til delar av motstandsrørsla. Han meinte det var eit ”svik av Kristi ånd og av tolmodslovi” når prestane sette i gang streikeaksjonar. Han meinte motstandsrørsla gjorde gale i å bruke våpen og nytte terror, nett som motstandarane. Det var det same som å ”jaga djevelen med Belsebub”, skreiv han i eit brev til Lars Reinton i 1944. Det var den passive motstanden han gjorde seg til talsmann for. Dette synet er også ein grunntone i diktinga hans. Det er taparen som vinn, det er tenaren som vinn siger. Han tala det same den tida han sjølv var på moen i 1910-11. Då samla han soldatane og heldt antimilitaristiske foredrag, noko han fekk skarp irettesetting for av sine overordna.

Fleire av barna til Karin og Olav Sletto var aktive i motstandsrørsla. Stundom kjende han seg som gissel for dei. Det hende han måtte stå med hendene i veret og la seg forhøyre om kva sonen hans dreiv med. Slike opplevingar kunne få han til å velje ei meir forsiktig linje andsynes okkupanten enn han elles ville ha gjort. Tidleg i krigen fekk Sletto diktarlønn. Lars Reinton har klandra han for at han tok mot lønna, og har kalla det hans største mistak. Etter krigen vart Sletto ekskludert frå forfattarforeininga på grunn av det same. Denne kritikken kan synast urettvis. Det var Lars Reinton, som saman med andre, søkte om kunstnarlønn for Sletto, utan at diktaren sjølv visste om det. Søknaden var sendt før krigsutbrotet. Då lønna vart innvilga, var landet okkupert. Men det var ikkje gitt noko anna grunngjeving for kunstnarlønna enn den som var gitt i søknaden.

Samtidig med at han vart ekskludert frå forfattarforeininga, vart han også fråteken retten for å gi ut bøker i eitt år. Dette kjendest sårt. Nå kunne ”den merkelege uvilje Oslolitteratane alltid har synt, få karakteren av fedrelandssinn”, skreiv han til Lars Reinton i 1948. I 1960 fekk Olav Sletto kunstnarlønn for andre gong, 74 år gammal. Han kjende det som ei oppreising. Då budde han og Karin på Geilotun. Dei flytta dit i 1958, etter at helsa svikta for dei begge.

Hovudperson i eigne bøker
I serien om Olver, som fyller seks bind, er Olav Sletto sjølv hovudperson, utan at bøkene beint fram kan seiast å vere sjølvbiografiske. Dei kom ut i åra frå 1954 til 1963. Dei tre siste kom etter at diktaren hadde flytta inn på Geilotun. Den siste har tittelen ”På alderstun” og hentar emne frå livet på gamleheimen. Diktaren døydde same året, 77 år gammal. Kona hans døydde to år seinare. Dei er gravlagde på Geilo kyrkjegard.

Olav Sletto gav ut 44 bøker, og han etterlét seg manuskript, utkast og titlar til nesten 50 bøker til. Det meste av dette skreiv han medan han reiste som ferdatalar eller ved sida av lærargjerninga. Olav Sletto var såleis driven av ei arbeidslyst og ei arbeidskraft som overgår dei fleste. Av Oslo-kritikarane fekk han aldri den anerkjenninga han venta på. Men heimbygda har vist diktaren ære. Av kommunen fekk han frå 1950 ei lita ærelønn, og han fekk Bragdprisen for kulturell innsats. ”Olav Slettos minnesamling” på Geilo bibliotek vart i 1988 flytta til biblioteket i Holsbygda. Oppe i Sletto har kommunen og ungdomslaga i Hol reist minnesteinar ved tunet og på Kambenuten like ved. Bokhandelen på Geilo kjøpte i slutten av 1950-åra restopplaget av Sletto sine bøker frå Olaf Norlis forlag, i alt kring seks tusen bind.

Om Olav Sletto måtte sakne den anerkjenninga han søkte, er han likevel langt frå nokon gløymd diktar. I Norges litteraturhistorie får han omtale over tolv sider. Det er særleg Per-bøkene og soga om Røgnaldfolket som blir løfta fram. Dette er bøker han skreiv etter at han vende attende til tema frå si eiga heimbygd.


Kjelder:
Artikkelen stod først på trykk i Kåre Olav Solhjell: ”Hol i hundre år. Bind I. Jernbanen og fjellbygda 1900 – 1950 s 539 – 542. Artikkelen har fått anna overskrift og er litt omarbeidd.