«Prosjekt digitalisering av Olav Sletto-arkivet»
Olav Sletto-selskapet arbeidde 2016-2018 med transkribering, dvs. avskrift av, skanning og lagring av brev og anna i Sletto-arkivet i Hol kommune.  I juli 2018 vart transkriberingane ferdige og alle originalar skanna. Slettos 28 taletemaer er også ferdige. Det har vorte fleire tusen sider med avskrifter og skanna dokument.  Dette er fase I i «Prosjekt digitalisering av Olav Sletto-arkivet».

Målet var å publisere det omfattande arkivstoffet på www.olavslettoselskapet.no,  slik at avskrifter og kjelder var lett tilgjengeleg for forskning og undervisning, og for den litterært interesserte ålmenta (fase II i «Prosjekt digitalisering av Olav Sletto-arkivet»). Av ulike grunnar, som eigarskap til Sletto-arkivet og økonomiske forhold, nådde vi ikkje dette målet.

Ferdatalaren Olav Sletto
I åra 1910-1917 gjorde Olav Sletto 70 talerferder, dvs. han reiste rundt for Noregs Ungdomslag og held taler i heile Sør-Norge om litterære, filosofiske og andre tema i tida. Sletto var kjent som ein stortalar og han samla ofte masse folk på møta sine.  Frå ferdene skreiv han brev heim – og mottok brev heimanfrå. Breva gir eit unikt innblikk i liv og samliv i Sletto-heimen og livet på ferdafot.

Eva Almhjell har transkribert heile brevvekslinga mellom Olav og Karin Sletto. Av desse er breva fram til 1918 underlag for det ho kallar brevartiklar. Artikkelen «Han hylla livet, men femna det ikkje» er ei kompaktbiografisk fortelling med glimt frå heile Slettos liv og dikting. Desse fire artiklane er publiserte nedanfor.

Det er å merke seg at Olav Sletto sjølv rydda  i papira sine før han døydde i 1963. Det han ville skulle kunne falle i framande hender, er med i arkivet. Resten har han sjølv sørga for å fjerne for all tid. Dei breva vi byggjer på her er altså godkjent av forfattaren sjølv.

Transkribert materiale tilhøyrer den som har transkribert det
Det er ynskjeleg at det transkriberte materialet blir nytta til fortsatt gransking av Olav Slettos liv og dikting, men det transkriberte materialet tilhøyrer den som har transkribert det, og bruk må derfor avtalast med den som har transkribert det.

Til Olav Sletto-dagen 2019 held Eva Almhjell foredraget «Frå periferi til periferi. Heime hjå Olav Sletto», og er publisert her: Frå periferi til periferi – 3.11.19

Agder – Olav Sletto si taleferd april-mai 1911
Olav Sletto er på taleferd i Agder. Det er våren 1911. Han er på frierføter.  Breva mellom han og den han beilar til, Karin Bryde, er farga av det. Publisert 23. mai 2018

KJÆRLEIK OG VIGSLE I DØLGSMÅL 27.juli 1911
Olav og Karin vart vigde hjå byfogden i Drammen. I det dulde. Etter vigsla bar det attende til kvardagen – som om ingenting var hendt. Det vart særbu anno 1911 for dei nyvigde. Dette er ein lett redigert versjon av ein artikkel, som fyrst vart publisert i Rundt om Drammen, nr. 2/2018. Publisert 30. juli 2018.

Numedal taleferd
August 1911:  Olav Sletto skriv brev og diktar i Sletto i Hol/Hallingdal. Etter vigsla var han på taleferd i Numedal. I august 1911 byggjer det seg opp eit formidabelt torevêr for dei nygifte. Olav syner sider ved seg sjølv ingen ana – aller minst brura.
Korleis utviklar dette seg? Publisert 31. juli 2018.

Olav Sletto: Han hylla livet, men femna det ikkje
Artikkelen «Han hylla livet, men femna det ikkje» er i to delar. Fyrste delen er frå tida familien Sletto budde i Vollen i Asker (1912-1917) og er tidlegare publisert i Årbok for Vollen historielag 2018. Andre delen handlar om resten av Sletto-livet. Det er nyskrive. Heile artikkelen er publisert i Olav Sletto-selskapets Årshefte 2019.

September 1912:  Etter nokre månader på «Skjæret», landstaden som Mauritz (Fritz) Gotfred Bryde, ein bror av Karin, åtte i Vollen i Asker, flyt dei inn i sin eigen heim, Vesleheimen.  Tomt og pengar til bygging skaffar Karins familie. Her kom tre ungar til verda, her skreiv Olav Sletto fleire bøker, m.a. den store Loke-kvartetten. I 1917 er det slutt på taleferdene.  Olav Sletto har fått lærarpost ved Buskerud folkehøgskole på Fiskum, og familien flyt dit. Der kjem siste barnet, Irene, til verda i 1919. Familie-dramaet held fram. Frå 1923 er Olav Sletto styrar ved Romerike folkehøgskole (seinare Romerike ungdomsskole). Dei bur i styrarboligen til dei i 1942 vart kasta ut av tyskarane, og lever dei siste krigsåra på Bingen gard i Sørum. Sommaren 1946 døyr Anne Sletto, mor til Olav, og Karin og Olav flyt same hausten inn i mors hus på Geilo i Hallingdal. Der trivdes Olav, mens Geilo for Karin var ein stad å mistrivast. Ho reiste til Oslo så ofte ho kunne. I 1958 flytta dei inn på Geilotun aldersheim, der Olav døydde i 1963. Karin følgde etter i 1965.

Olav Sletto skreiv 44 bøker. Det siste bindet i den sjølvbiografiske kunstromanen om Olver (6 bind) kom ut i 1963, same året han døydde.  Sletto skreiv i mange sjangrar, på eit lyrisk språk. Han var ein stilist utan make.  Mange meiner han er ein underkjent forfattar. Målet for Olav Sletto-selskapet er å få Olav Sletto ut or gløymsla. Desse artiklane er eit bidrag til å nå det målet.

Leiar i Olav Sletto-selskapet (2012-2019) har skrive alle artiklane. Reaksjonar på stoffet kan delast med henne på eva.almhjell@gmail.com