Medlemmer i Olav Sletto-selskapet og andre er hjarteleg velkomen til Sletto, sundag 19. juni 2016 kl. 17-18. Især ynskjer vi velkomen elevar som har arbeidd med Olav Sletto-stoff i Den kulturelle skolesekken i Hol og Leveld.  Det blir avduka ei minnetavle på denne garden, der Olav Sletto vart født for 130 år sidan (1886).  Her sat han skreiv debutboka si ”Dei gamle”, som hausta stor fagnad (1908).  Sidan vart det 43 bøker til.  Dei best kjente er Per-bøkene og ”Soga um Røgnaldfolket”, med handlingar lagt til heimbygda, og med mange kjennelege trekk frå forfattaren sjølv i hovudkarakterane, småguten Per og presten Silju. Etter mange år utanfor bygda, kom Olav og Karin Sletto heim i 1946, det året mor til Sletto, Anne, døydde.  Dei flytta inn i huset i Timbrehaugen og budde der heilt til dei kom på gamleheimen på Geilo mot slutten av 1950-talet.  Der døydde Olav Sletto i 1961, ho eit par år etter.

Ordførar Petter Rukke vil halde dagens tale.  Det har i alle år vore eit nært og godt uformelt samarbeid mellom Hol  kommune, som eig Olav Sletto-arkivet, og Olav Sletto-selskapet, men det har også lenge vore eit sams ynskje å formalisere samarbeidet.  Og no er ei avtale endeleg underteikna.  Tidlegare leiar i Olav Sletto-selskapet, Arne Skogheim, og Sletto-eigar Barbro Aasen, vil foreta avdukinga av minnetavla over Olav Sletto. Styremedlem Margarethe L’orange har stått for utforminga av tavla, Hallingdal Trykk for trykkinga og styremedlem Odd Olveisgard for monteringa av tavla i Sletto, slik Barbro Aasen har bestemt.

Knut V. Seim ga i 2012 Norsk Leksikon i gave til Olav Sletto-selskapet.  Det siste bindet kom i mars 2016 og Knut skulle overrekt dette i Sletto 19. juni 2016.  Diverre fall han burt før 130-års-markeringa.  Bjørn Seim vil difor overrekkje siste bindet på vegne av onkelen sin. Leiar i Olav Sletto-selskapet, Eva Almhjell er programleiar, og vil også lesa ei  helsing som Olav Sletto skreiv til Tor og Birgit Sletto etter eit besøk på garden i 1952.  Det skulle vise seg å bli det siste besøket forfattaren gjorde i Sletto.

Og etterpå blir det  god tid til svall og kaffe/brus med noko attåt.

Foto: Sletto, med Hallingskarvet, som betydde så mykje for Olav Sletto, mot vest, mai 2016. Foto: Eva Almhjell.