Vel blåst – Olav Sletto-dagen 2019

IMG_1465

Olav Sletto-dagen 2019 svinga seg inn i historia med humor og vemod i tekst og tonar. Professor Arne Bugge Amundsen og fjellbonde Olav Randen tok oss med på ei morosam og interessant reise knytt til temaet «Fjellbonden som nasjonsbyggjar», ei fortelling om kvifor fjellbonden vart nasjonsbyggjar i Norge under nasjonalromantikken på 1800-talet. Ein måtte få merksemda vekk frå sjøen som batt oss til omverda, og då var det rimeleg vende blikket mot landet innafor, og mot fjellbonden, slik nasjonsbyggjarar som historikarane Sars, Munch, Koht mfl. såg det.

Fjellbonden i Hol var ei stolt folkeferd, den gongen som no, med ein viktig funksjon i eit samfunn under klimapress, med optimal nytting av ressursgrunnlaget i bygd og fjell, og produksjon av kortreist mat.

Stein Torleif Bjella fekk opp humringa i salen med sine dikt om den jordsjuke frå Jordsjukeantologi I, og tårene sto i augo på fleire då Tove Bøygard (tonesettar på gitar) og Hege Rimestad (fele) urframførte dikt av Eva Almhjell, som var inspirert av Olav og Karin Slettos liv og samliv.

Almhjell tok i sitt foredrag utgangspunkt i Stein Rokkans begrep sentrum-periferi-spenningar og motkultur som den dynamiske drivaren i denne spenninga. Rokkan brukte dei i sine analyser av maktforhold – i Norge og mange andre land.  Ho drøfta Olav Sletto som motkulturell målmann, folkehøgskule-lærar, -rektor og diktar i spennet mellom periferi og sentrum.

Foredraget er publisert under TALEFERDARTIKLAR og LITTERATUR (sjå i venstre margen).

Almhjell sto også for programleiinga i kjellaren i Leveld Kunstnartun, der ein effektiv dugnadsgjeng fekk halvdagen til å gli som på skinner.

Dei mange frammøtte (60) vart traktert med kortreist mat (fjellrøye, killingkjøt, heimebaka eplekake) og mengder av kaffe. Ål kommune, Ål og Hol mållag og Skue Sparebank støtta arrangementet økonomisk, medan arrangørane dette året kom frå heile Hallingdal (Leveld Kunstnartun, Ål bonde- og småbrukarlag, Utvalde kulturlandskap i landbruket – Leveld, Olav Sletto-selskapet og alle biblioteka i Hallingdal).

Steinar Saghaug var der med kamera, og då veit vi det blir fargerikt. Bilder, film og lydfiler er publisert på hans og fleire andre sine fjesboksider.

Ein stor takk til alle dei nemnde, men størst takk likevel til eit framifrå godt publikum.

Olav Randen (t.v.) og Arne Bugge Amundsen foreleste om "Fjellbonden som nasjonsbyggjar". Foto: Eva Almhjell, 2019.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Stein Torleif Bjella fek humringa fram hjå både den jordsjuke og den ikkje-jordsjuke då han las og sang frå Jordsjukantologi I under Olav Sletto-dagen 2019. Foto: Eva Almhjell, 2019.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Eva Almhjell. Foto: Steinar Saghaug, 12.10.2019

 

 

 

 

 

 

 

 

Framsidebilde: Tove Bøygard (gitar) og Hege Rimestad (fele) urframførte dikt av Eva Almhjell, tonesett av Tove Bøygard, under Olav Sletto-dagen 2019. Foto: Eva Almhjell.

 

Les meir

Olav Sletto-dagen 2019

Garden Sletto, Olav Sletto sin fødestad, Holet med Holsfjorden, Hovsfjorden og Hallingskarvet mot vest. Foto: Eva Almhjell

Dette blir litt av ein dag: Med professorar, bønder, fele og gitar, rock og lyrikk kring tema fjellbonden som nasjonsbyggjar, bufast i periferien – og jord og kjærleik.

Olav Sletto-dagen 2019 er lagt til Leveld kunstnartun, og dagen er laurdag 12. oktober kl. 13-17.

Temaet i år er altså fjellbonden som nasjonsbyggjar – i Olav Sletto si tid og vår. Til grunn ligg fjellbonden og hans/hennar rolle i Olav Sletto si heimstaddikting: «Dei gamle», Per-kvartetten og «Soga um Røgnaldfolket», samanhelde med dagens fjellbonderolle.  Det er professor Arne Bugge-Amundsen, Universitetet i Oslo, og Olav Randen, sosiolog, fjellbonde og forfattar mm. som vil ta oss med på denne ferda.  Vi kjenner dei som kunnskapsrike og spennande foredragshaldarar.

Jord og kjærleik er viktige storleikar i Olav Sletto sitt liv og samliv.  Og vi byr ikkje berre på ord, men også tonar.  Ord- og tonekunstnarar frå Ål stiller opp i kø: Stein Torleif Bjella tek med gitaren sin og songar frå Jordsjukantologi I. Tove Bøygard har med både gitaren sin og Hege Rimehaug på fele, og urframfører tekster om kjærleik av Eva Almhjell, f.d. leiar i Olav Sletto-selskapet. No debuterer ho – denne gongen som poet.

Eva Almhjell snakkar dessutan om Olav Slettos ulike bustader og diktinga hans. Inspirert av Stein Rokkan, kallar ho foredraget «Frå periferi til periferi. Heime hjå Olav Sletto».

Denne gongen er heile Hallingdal med på arrangørsida: Leveld kunstnartun, Ål Bonde- og småbrukarlag, Utvalde kulturlandskap i jordbruket – Leveld og alle biblioteka i Hallingdal – forutan Olav Sletto-selskapet.

Desse støttar Olav Sletto-dagen 2019 økonomisk: Ål kommune, Hol og Ål mållag, Sparebanken SKUE.

Påmelding innan onsdag 9. oktober til eva.almhjell@gmail.com / 970 98 723

Billettar – kr. 250 for ikkje-medlemmer av Olav Sletto-selskapet og kr. 200 for medlemmer
(inkl. mat) – er å få kjøpt ved inngangen til kjellaren i kunstnartun-låven. Minner om å ta med kontantar.

Program OSD 12.9.19

Programmet finn du også i venstre margen: Styret/medlemsbrev

Av hjarta velkømne til Olav Sletto-dagen 2019. Vi sjåast i Leveld kunstnartun.

 

 

Framsidebilde: Garden Sletto, Olav Sletto sin fødestad, med Holsfjorden, Hovsfjorden og Hallingskarvet mot vest. Foto: Eva Almhjell 2019.

Les meir

Årsmøteprotokoll og takk for meg

IMG_0045

Signert protokoll frå årsmøtet i Olav Sletto-selskapet 26.4.2019 er publisert under «Styret»/Årsmøter i venstre margen. Og med dette takkar eg av som leiar gjennom sju år. Ein skal, slik eg ser det, ikkje sita for lenge i slike posisjonar. Andre må få sleppe til, og gjerne med andre ståstader enn min. Under mi leiing er det kvinnene i Olav Slettos liv og dikting som er synleggjort: Mor og hustru. Det finst andre innfallsvinklar, t.d. å lesa Loke-kvartetten som fantasy-litteratur. Og kva med Slettos religiøse ståstad?  Sto han også innan dette feltet i motkulturen? Med brodd mot teologien som statskyrja preika?

I 2012 vart eg vald som leiar i Olav Sletto-selskapet. Utan å ane stort om denne unike forfattaren frå Hol. Åra som har gått har gitt rikeleg høve til å bli kjent med både livet og diktinga til Olav Sletto.  Og Karin Bryde, hans lojale hustru gjennom utrulege 52 år. Glimt frå dette livet fins under «Taleferdartiklar» i venstre margen og i Årshefte for Olav Sletto-selskapet 2012-2019. Dei er skrivne av Eva Almhjell. Andre i styret har også skrive om Slettos liv som forfattar, t.d. i Dølaminne 2018 (Margarethe L’orange).

Olav Sletto sto i ein tung norsk tradisjon, som sosiologen Stein Rokkan kallar motkulturen, runne av periferien sin motstand mot sentrum i norsk politikk og kulturliv. Sletto var, slik Lars Reinton ser han, m.a. venstremann, målmann og avhaldsmann. Han var mot det moderne, mot bylivet med all si sædløyse, mot industrialiseringa, mot massane og klassekampen. Han var ein lærd mann utan akademisk bakgrunn, og han hadde eit sterkt engasjement for og tru på folkehøgskulen som «motgift» til det moderne.  Slik sto han trygt i motkulturen, som ein kan avlesa det i Rokkans sentrum-periferi-modell (henta frå Arild Stubhaugs biografi «Stein Rokkan. Fra periferi til sentrum», 2019, bildesekvensen mellom s. 416-417):

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Olav Sletto-selskapets styre 2019. F.v. Margarethe L'orange, Inger Grostølen, Grethe Larsgard Rudningen, Ola Ruud (kasserar - ikkje med i styret) og Eva Almhjell. Eva-Charlotte Mørk var ikkje til stades då bildet vart tatt. Foto: Ingrid Wollebæk.

Sju år med ein makalaus stilkunstnar som skreiv med godheit for sine karakterar, for bygda og bygdefolket. Ikkje mykje duunsk eller jonssonsk bygdedyr å spore.  Men djup einsemd – som ingen ana. Det er ikkje alt ein deler med bygda. Utan Karin ville kanhende einsemda ha stige til same nivå som hjå Tor Jonsson? Olav meinte i alle fall det sjølv.

God støtte frå styrer og årsmøter i Olav Sletto-selskapet, og trufaste medlemmer, har gjort desse sju åra til ei reise det var verdt gjera.

Og så treffest me att på Olav Sletto-dagen 2019 på Leveld Kunstnartun, laurdag 12. oktober 2019! Då blir det fest!

Velkomne!

 

 

 

Framsidebilde: Årsmøte i Olav Sletto-selskapet 2019. F.v. Oddvar Reinton, Jon Johnsen, Turid-Birgit Lien, Gunnveig Nerol, Dag Wollebæk, Margarethe L’orange, Sverre Sataøen, Inger Grostølen Grethe Larsgard Rudningen, Ola Ruud og Eva Almhjell. Foto: Ingrid Wollebæk.

Les meir

VÅRLEG PÅSKE

PÅSKE 2019

Olav Sletto-selskapets styre ynskjer medlemmer og andre vårleg god påske ved berg og sjø, og minner om årsmøtet fredag 26. april 2019 på Vika i Hol kl. 18. Frå kl. 19 gir Eva Almhjell glimt frå Olav Slettos liv og dikting.  Denne delen av møtet open for alle. Tid til mat og drikke, og god svall blir det også.

Framsidebilde: Forsytia i min hage. Foto: E. Almhjell.

 

Les meir

Årsmøte 26. april 2019

Julerose til årsmøte 2019. Foto: E. Almhjell

Styret i Olav Sletto-selskapet ynskjer velkommen til årsmøte fredag 26. april 2019 kl. 18 på Vika velferdssenter i Hol. Møteinnkallinga ligg ved her. Innspel må vera styret i hende til 1. april. Etter årsmøtesakene gir Eva Almhjell glimt frå Olav og Karin Slettos liv og samliv.  Og med dette seier ho takk for seg etter 8-9 år i Olav Sletto-selskapets styre. Dei siste sju som leiar, og med kvinneperspektiv som ledetråd i arbeidet.  Det har vore utruleg spennande og lærerike år, seier ho, og vonar andre no ser dei moglegheitene som opnar seg for å granske Olav Slettos liv og dikting med andre innfallsvinklar enn den ho har hatt.

Vi vel oss april og ynskjer god vår med ei julerose i full blom (framsidefoto av E. Almhjell). Den ligg klar med all si livskraft under det kvite, kalde dekket, for så å stråle opp under vermande solstråler. Med snø rundt føtene. Magisk.

INNKALLING TIL ÅRSMØTE 26.4.19

 

Les meir

Johan Austbø om talaren Olav Sletto

elde Olav Sletto. Foto ukjent

«Naar ein ser Sletto koma inn i ein forsamlingssal, fri og sterk og bjart og roleg, so langt fraa aa minna um bondebygdi at han nærmare er ein forfina estetikar – og so høyrer han tala sine fine og formsikre ord med rein og klaar røyst, so er det vel mange som hadde trutt han var strengare og sterkare enn han no ser ut til aa vera.  Men naar dei har lydt paa eit korters tid, merkar dei ein styrke som tryllar folkeflokken inn i det som er hans tankeverd, so folk sit og syp etter anden. Daa merkar dei ein styrke hjaa han som dei sidan har age for.»

Sletto talar ikkje, paa vanleg vis, han diktar, han maalar, han penslar ut. Og under dette er det som andlitet hans etter kvart faar fastare og klaarare linor. Og ein kjem til aa tenkja paa andlitsdragi hjaa Henrik Wergeland, sluttar Johan Austbø si skildring av talaren Olav Sletto. Artikkelen er publisert i Ung-Norig, eit litterært tidsskrift aat ungdomen, Risør 1922.

Professor Jørn Øyrehagen Sunde, sjølv prisløna talar, ga publikum ei liknande oppleving då han under Olav Sletto-dagen 2017 tala om talaren Olav Sletto. Ta deg tid til å lytte på ein stortalar omtala ein annan stortalar ved å klikke deg inn på Lydfiler i venstre margen.

Bildet av den unge Olav Sletto er utlånt frå Hol bygdearkiv. Fotografen er ukjent.

Les meir

Velkomen 2019 – med nytt om Olavs syster

Jenny Bertine Sletto

Styret i Olav Sletto-selskapet ynskjer medlemmer og andre vel møtt til nytt år med vidare gransking av Olav Sletto sitt liv og dikting.  Frå leiarskiftet i Olav Sletto-selskapet våren 2012, har leiaren, Eva Almhjell, sett søkelyset på kvinnene i det forfattaren skriv og lever.  Mor hans, Anne Sletto, har fått si eiga bok. I artiklar publisert i m.a. årbøker og på denne nettsida, har kona hans, Karin, kome fram i lyset.  Og saman med dei, Olav Sletto sjølv.  Meir av dette blir det i 2019.

Året starta soleis friskt med nytt om halvsyster til Olav Sletto, Jenny Bertine Uren, jenta Anne Sletto sette til verda i 1891, men som vi ellers har hatt lite informasjon om.  No har slektsgranskaren, Anne-Grethe Syvertsen, som var med i arbeidet med boka om Anne Sletto, funne nytt om Jenny i folketellinga frå 1891.  Av den går det fram at Anne budde i Akershus, nærare bestemt på garden Stenberg i Aurskog,  omkring den tida jenta («uægte datter») kom til verda, 20. januar 1891. Ho vart døypt 22. februar same året. Av Ministeralbok nr.  I 8, 1878-1937, s. 97 står det m.a. at Anne «oppgav som Barnefader sin Forlovede Anders Johannesen Elverhøi». Han var tenestgut. Begge tente i Vestre Aker. Under «Anmerkninger» heiter det: «Angivet af Moderen, der oplyste, at hun i Anledning af sin Nedkomst reiste til Gaarden Tønsberg i Urskog, som hun igjen forlader efter Barnets daab». Kor ferda gjekk for Anne Jensdotter Sletto frå Aurskog, veit vi ikkje. Kanskje tok ho den nyfødte med til foreldra sine i Hol, der guten hennar, Olav, alt var?   I alle fall var begge ungane til Anne i Sletto ved Folketellinga 1900. Om Anne veit vi at ho var i Vestfold i 1894, at ho i 1900 gifta seg i Våle kirke, og at ho i 1910 var ho komen heim til Hol og døydde der i 1946 (Almhjell/Øyrehagen Sunde 2015).

Av Folketellinga 1900 går det fram at begge ungane til Anne, Olav og Jenny, var fosterbarn i Sletto. Då Jenny Bertine gifta seg med Olav Sveinson Uren i 1913, oppga ho Holmestrand som fødestad. Holmestrand er ein stad i Aurskog-Høland, og ikkje byen Holmestrand i Vestfold.  Denne namnelikskapen kan ha ført til mistydingar om Jenny sin fødestad i andre kjelder, som t.d. Lars Reinton i Ei bok om Olav Sletto, Samlaget 1966.  Jenny sto også skriven som tenestjente hjå Jens og Birgit Sletto i Stølslettene. Olav hadde gifta seg i 1911 og budde i Asker.

Framsidefoto: Jenny Bertine Andersdatter Sletto. Foto: Hol bygdearkiv.

Les meir

God jul – frå mørke til lys

IMG_4939

Hjarta er på rett plass. Snart snur sola, enno ei gong. Det går mot lysara dagar – langsamt. Så er vi brått inne i eit nytt år. Og derimyljo har vi den glade juletid.
Styret i Olav Sletto-selskapet vil få takke sine trufaste medlemmer for all støtte i året som no renn ut, og ynskje alle ei varm og nær høgtid.

Framheva bilde:  Hjarta laga av barnehagebarn i Tønsberg. Foto: E. Almhjell

Sole skin i Sletto. Foto: E. Almhjell.

Lange solstråler i Karin Sletto sitt rike, ytre Oslofjord. Foto: E. Almhjell.

Sola held stand over Urdvassnuten. Foto: E. Almhjell.

Les meir

Sletto-åra i Vollen

Glimt fra Vollen 2018

Siste kveld i november var det sleppfest for Vollen historielag si årbok ‘Glimt frå Vollen’ 2018. Eva Almhjell er av dei heldige som har fått plass med ein artikkel frå Slettos fem år i Vollen – ein artikkel ho er veldig glad i frå Olav og Karins unge samliv. Mykje anna interessant stoff relatert til laget sin rolle som vertskap for det heimførte vraket av Roald Amundsens MAUD er også å lesa i den ferske årboka.

Ho kostar berre 200 kr.! Du kan bestille årboka her: bok@vollenhistorie.no

Dei kan det med fest i Vollen historielag. I september laga dei ei festleg og høgtidsam minnefest om kunstnerparet i Vesleheimen, Olav og Karin Sletto. Årets høgdepunkt, kalla formann Harald Bøckman den.

Programleiar Morten Giske Johnsen med hedersparet Kari og Bjørn Østenstad ved si side. Foto: E. Almhjell.

Monika Roser Heineberg ber stolt inn den rykande ferske årboka for Vollen historielag 2018 til omdeling blant lagsmedlemmene. Foto: E. Almhjell.

Les meir

Æresrett-orsakinga gjer ein forskjell

elde Olav Sletto. Foto ukjent

Sjå kva leiar i Olav Sletto-selskapet skriv på vegne av Olav Sletto sine etterkomarar og Olav Sletto-selskapet etter at leiar i Den norske Forfatterforening (DnF), Hilde Marie Kriznik, orsaka den urettvise handsaminga æresretten ga dei 17 «dømde» i 1945. Almhjell er redd dei fleste av dei 17 blir borte i gløymsla att med media sitt fokus på berre tre av dei 17: Far og son Bjerke og Alf Larsen. For orsakinga betyr ein forskjell for Slettos etterkomarar. Endeleg er æra gjenoppretta for bestefar og oldefar Olav Sletto. No kan dei puste fritt.
Her er heile kronikken som Eva Almhjell har skrive om saka i etterkant av orsakinga frå Hilde Marie Kriznik.

Olav Sletto og æresretten
15. november 2018 fekk forfattaren Olav Sletto ei orsaking frå leiaren i Den norske Forfatterforening, Heidi Marie Kriznik, for urettvis og vilkårleg handsaming etter andre verdskrigen. Sletto var ein av dei 17 som orsakinga galdt.  Der og då var stemninga prega av glede frå etterkomarane som var tilstades. Og takksemd for ei orsaking som kom seint, men var heilt på sin plass. Den har gjort ein forskjell for mange av etterkomarane, noko det vart det gitt tydeleg uttrykk for frå m.a. Olav Sletto sine etterkomarar.

Orsakinga var av prinsipiell art. Ho retta seg mot det illegitime ved sjølve æresretten: habilitet, «lover» gitt der og då – med attendevirkande kraft, ingen motsvarsrett etc. Og ofte på sviktande faktagrunnlag. Konsekvensane var tunge å bera for dei som vart ramma av æresretten sin utanomrettslege dom, noko forteljinga om Olav Sletto kan vera eit døme på.

I ordskiftet etterpå har eg merka meg dette:  1. Korta har vorte blanda på ein måte som trugar med å gjera orsakinga til det den ikkje skulle vera: ein dom over forfattaren og diktinga hans (det var ingen kvinner blant dei æresrettdømde). Og 2. merksemda hopar seg opp omkring tre av dei 17 dømde:  far og son Bjerke, og Alf Larsen. Det er taust kring dei 14 andre. Som t.d. Olav Sletto (1886-1963) frå Hol i Hallingdal. Det kjem eg attende til nedanfor.

Ein merkedag for Olav Slettos ettermæle, og hans etterkomarar
15. november 2018 vart ein merkedag for Olav Slettos ettermæle, og for hans etterkomarar – i andre og tredje ledd. Fyrste ledd er longe vorten til mold. Under seremonien på Grand Hotel, var to barnebarn, eitt oldebarn, og andre berørte i familien tilstades.  Dei var takksame og glade for orsakinga. Oldebarnet, Tiimo Schulze, takka for orsakinga på vegne av etterkomarane. Eva Almhjell, leiar i Olav Sletto-selskapet, takka på vegne av selskapet.

Den norske Forfatterforening og æresretten etter 1945
Dag Solhjell og Hans Fr. Dahl ga i 2013 ut boka «Men viktigst er æren. Oppgjøret blant kunstnere etter 1945» (Pax). I panelet etter orsakinga, sat Dag Solhjell saman med Jan Erik Vold, Cato Schiøtz og Peter Normann Waage.  Frå dette panelet vart det sagt at Norge tok eit oppgjer med dei som hadde svikta landet under krigen. Syndarane kunne dømmast og fordømmest av så vel rettsvesen og sivile organisasjonar som av folk flest. Kunstnarorganisasjonane straffa dei som vart funne skuldig i å ha tedd seg unasjonalt, og som dermed hadde vist seg som uverdige medlemmer. Straffa fekk i mange tilfelle karakter av yrkesforbod eller innskrenking av yrkesfridomen. Oppgjeret vart vilkårleg og uføreseieleg fordi både regelverk og faktiske forhold ofte var uklare.  Også Den norske Forfatterforening etablerte sin æresrett i 1945.

Olav Sletto – pasifist, ikkjevaldsmann og religiøs utopist
Professor Jørn Øyrehagen Sunde har i fleire år understreka at eit menneske som tenkjer som Olav Sletto aldri kunne vera del av ei autoritær rørsle, t.d. nazismen. Sletto er religiøs utopist og nærast for anarkist å rekne i denne samanheng. Han var pasifist og ikkjevaldsmann. Dette er konklusjonen etter at Øyrehagen Sunde har forska både på talaren og essayisten Olav Sletto.

Olav Sletto måtte likevel leva med at det vart stilt spørjeteikn ved hans nasjonale haldning under krigen. Kvifor det?

Ein far sin omsut for sine barn
Forutan grunnverdiane han alt lenge før krigen hadde utvikla og som han sto inne for, kom at tre av Olav Sletto sine fire barn var aktive i motstandsrørsla.  Bjørn (f. 1915) var offiser i marinen og med i krigen frå fyrste stund, skriv Lars Reinton i «Ei bok om Olav Sletto» frå 1966.  Han sat m.a. sju månader i Ulven konsentrasjonslæger ved Bergen. Der vart han torturert og fekk varige mén av det. Han døydde i 1962. Randi (f. 1912) var sjukesyster på Ullevål og hjelpte norske patriotar å rømme derifrå, med stor fare for sitt eige liv.  Irene (f. 1919) rømte til Sverige og arbeidde under krigen i den norske legasjonen i Stockholm. Sletto skriv etter krigen at «han kjende seg som gissel for dessa borna sine».

Quo vadis, Tyskland?  Klarsynt forfattar frå Hol
I 1914 ga Olav Sletto ut boka «Um Tyskland», der han uroa seg for at industrialisering og militarisering i Tyskland undergrev landet som kulturnasjon. Sletto såg med forvitneleg klarsyn det helvete som var i emning under fyrste verdskrigen. Med millionar unge menn drepne i skyttargravene. Uroa kom enda tydlegare fram i Loke-kvartetten, hans kanskje største litterære verk, der han skildra noko som likna på det ragnarokket som utvikla seg under andre verdskrigen.

Då krigen kom til Norge, var Olav Sletto styrar ved Romerike Ungdomsskole på Sørumsand. Familien budde i styrarboligen ved skula. Der vart han forhøyrt om sonen Bjørn, og derfrå vart han kasta ut av tyskarane, som knuste talarstolen hans og vanæra «ein humanistisk heim», som Sletto sjølv formulerte det.  Fordriven frå eigen heim, budde familien på garden Bingen i Trøgstad fram til hausten 1946. Her dulde mange seg av dei Randi hjelpte rømme frå Ullevål på si flukt til Sverige. Etter krigen overtok Sletto mors hus på Geilo og flytta dit. Mor hans, Anne (f. Sletto) Olsen, døydde sommaren 1946.

Gode menn, m.a. Lars Reinton, søkte om diktargasje for Sletto i 1939, utan at forfattaren var informert om det.  Dei trekte ikkje søknaden attende, sjølv etter at det vart klart at det var nazimyndigheitene som fekk avgjerda.  Derimot held dei i mot Olav Sletto etter krigen at han ikkje sa i frå seg diktargasjen.  Reinton meiner dette var Slettos største mistak under krigen. Men, må ein i ettertid kunne spørja, kvifor trekte ikkje forslagsstillarane sjølve søknaden når dei såg kva veg det bar?

Domen over Olav Sletto
For si «holdning» under krigen vart Olav Sletto, då freden kom, av æresretten til Den norske Forfatterforening dømt til ikkje å gi ut nokon bok før etter eitt år (1946), og å betala attende kr. 5000 som han hadde fått i diktargasje av dei ulovlege styresmaktene. Sletto var i mesteparten av sitt diktarliv i konstant pengenaud. No var han dertil svært sjuk. Han slapp derfor, etter søknad, å betala attende gasjen, og frå april 1948 var medlemskapen hans i forfattarforeninga i orden att. Men denne straffa var ei krenking av den frie kunstnaren, og eit tap av ære for forfattaren Olav Sletto.

Olav Sletto meinte all sin dag at han vart hardare straffa enn diktarkollegaer det var rimeleg samanlikne seg med – utan at det her skal nemnast namn.

Det ville utan tvil vore Sletto heilt rett, det Den norske Forfatterforening no har gjort, nemleg å be om orsaking for den urettvise handsaming han og 16 andre forfattarar fekk i æresretten etter krigen. Truleg ville han ha helsa oppreisinga som ligg i dette for rettvis, og framhelde at dette var ein verdig måte å markere Den norske Forfatterforeningen sitt 125-års jubileum på.

Eva Almhjell
Leiar
Olav Sletto-selskapet
for selskapet og på vegne av Olav Sletto sine etterkomarar

Tønsberg, 21.11.2018

Framheva bilde: Olav Sletto. Årstal og fotograf ukjent.

Bilete frå pressekonferansen 16.11.2018

Leiar i Den norske forfatterforening, Heidi Marie Kriznik, ber om orsaking. Ho er prega av alvoret i stunda. Foto: E. Almhjell.

 

I panelet sat f.v. Jan Erik Vold, Dag Solhjell, Cato Schiøtz, Peter Normann Waage. Torvald Steen var ordstyrar. Foto: E. Almhjell.

 

 

 

Takksame. F.v. Eva Almhjell, Tiimo Schulze, Karin Bull, Dina Muri, Anders Bull. Midt blant oss Torvald Steen, tidlegare leiar i Dnf og panelstyrar 16.11.2018. Foto: Astrid Nordang, Dnf.

Full sal på Grand Hotel 16.11.2018. I denne salen vart Den norske forfatterforening stifta for 125 år sidan. Foto: E. Almhjell.

Les meir