OLAV SLETTO-DAGEN 2017 – program

Mimi Falsen maleri portrett OS

Laurdag 21. oktober 2017, kl. 13-1715 finn Olav Sletto-dagen 2017 stad i Ål kulturhus. Det blir Olav Slettos liv og dikting – og Olav Duun – om bygd og bygdafolk, med nytt stoff, ny forsking og nye sider ved Hallingdals store forfattar.  Og det er prisløna formidlarar som kjem: Professor Jørn Øyrehagen Sunde, velkjent som glitrande forelesar frå Universitetet i Bergen, Ph.D. Grethe Fatima Syéd og Erling Sørli, spesialistar på Olav Duun – og med stor interesse for Olav Sletto, og professor Jan Inge Sørbø, som skriv bok om nynorsk litteraturhistorie, der Olav Sletto har sin plass.  Olav Sletto er for lite kjent, og vi prøver gjera noko med det!  Røynslene med Olav Sletto-dagen 2016 var så gode, at vi held fram med Olav Sletto-dagen dette året, og tek sikte på at den blir ein tradisjon, seier Eva Almhjell, leiar i Olav Sletto-selskapet,  som har  med seg Ål bibliotek som arrangør denne hausten.

OLAV SLETTO-DAGEN 2017 er støtta av Buskerud Mållag, Ål kommune, Hol Mållag, Ål Mållag og SKUE Sparebank.

Arrangørane ynskjer av hjarta velkommen.

Frist for påmelding: Måndag 16. oktober 2017.

Program 2017 – OLAV SLETTO-dagen

Prof. Jørn Øyrehagen Sunde, UiB.

 

Ph.D. Grethe Fatima Syéd

 

 

Les meir

Dei budde også i Vesleheimen

Tor Finstad

Tor Finstad, og tanta hans, Randi Pedersen, Vollen historielag i Asker, har begge budd i Vesleheimen til Olav og Karin Sletto etter at dei flytta i 1917.  Tor Finstad (85) budde der som gut under krigen, og kjenner att mange av stadene og stigane som Olav Sletto beskriv i Olver-bøkene.  Randi Pedersen (95) budde der på 1950- og 1960-talet.  Ho og mannen, Finn, dreiv det gamle gartneriet som ligg i grannelaget for Vesleheimen.  Deler av den gamle isdammen (sjå bildet av Vesleheimen med dammen i framgrunnen under). Eva Almhjell var i Asker og snakka med dei to Vesleheimen-buarane 15. mai 2017.  Heilt fram til i våre dagar var Vollen ein landleg idyll med gartneridrift og beitemarker innover eit lite dalsøkk frå Vesleheimen.  I dag er dei store hagane rundt dei få bustadene, gartneriet og beitemarkene frå den gongen nedbygde av moderne småhus og boligar i rekkje. Olav og Karin fekk sett opp Vesleheimen og flytta inn i 1912.  Tomta fekk dei av ein bror av Karin.  Olav hadde ei skrivehelle utmed sjøen, der han m.a. skreiv LOKE-bøkene.  Tor Finstad er lommekjent i området og ser for seg stigen Olav følgde frå huset ned til skrivehella.  Han arbeider med å kartfeste denne til historiske kart.  Også andre stader som blir skildra i Olver-bøkene, blir plotta inn.  Det er spennande å samarbeide med Vollen historielag, seier Eva Almhjell, som transkriberer brevvekslinga mellom Olav og Karin, og som no er komen til breva i den tida dei budde i Vesleheimen.

Framsidebildet:  Tor Finstad, Vollen historielag, kjentmann for Olav Sletto-selskapet.

Vesleheimen, Vollen i Asker, slik han ser ut i dag. Isdammen i framgrunnen. Foto: E. Almhjell, 2017

Randi Pedersen (95), Vesleheimenbuar på 1950- og 1960-talet. Foto: E. Almhjell

 

Les meir

Tid for samarbeid mellom Olav Sletto-selskapet og Leveld Kunstnartun?

Steinar Saghaug (t.v.) avløyser Embrik Luksengard som styreleiar i Leveld Kunstnartun. Foto: E.Almhjell

Leveld Kunstnartun er god på å feire alt det fantastiske dei får til!  Og dele med medlemmer og folk ellers!  I fjor sommar var det stor festival etter 5 års hardt arbeid med resultat ingen ville trudd var mogleg då det heile starta.  Laurdag 22. april 2017 vart fast plass for Leveld Kunstnartun på statsbudsjettet feira, etter eit årsmøte der Embrik Luksengard vart avløyst som styreleiar av Steinar Saghaug.  Luksengard vart takka og hylla med ord av glede, respekt og ære. Årsmøtet nikka samtykkjande til forsalg om å utvikle eit samarbeid mellom Leveld Kunstnartun og Olav Sletto-selskapet for å få Hallingdals store forfattar fram i lyset.

Og etterpå sessa omlag 80 folk seg til måltid i kjellaren under den flotte låven, siste tilskot på hussamlinga rundt kunstnartunet, der Tor Egil og Mari Kreken underheld med countrypop (dei to er del av prislønna ”Darling West”). Dei lar seg inspirere av fjellet, og framførte m.a. eit par låtar ingen før hadde høyrt.

Omlag 80 folk feirar alt det flotte Leveld Kunstnartun får til, no sist fast plass på statsbudsjettet. Foto: E. Almhjell

Tor Egil og Mari Kreken frå gruppa "Darling West" underheld. Foto: E.Almhjell

Les meir

Her budde Olav sommaren 1909

Olav Sletto budde hjå Inga Falsen Gjerdrum då han kom heim frå København sommaren 1909. Huset er det kvite midt i bildet med takopplyft. Foto: E. Almhjell

Eva Almhjell var gjest hjå dyktige fagfolk på Asker Museum tysdag 2. mai 2017.  Dei, Randi Malm, Randi Horgen og Brit Espinoza, tok gjesten med til Billingstad, på leit etter det Olav Sletto kallar «Kvindegarden» i Olver-bøkene. Den som leitar, den finn! Og vi fann huset, der Olav Sletto budde sommaren 1909, då han kom heim att frå turen til København 1908-1909.  Huset tilhøyrde den gongen Inga Falsen Gjerdrum (kalla «fru Husherre» i Olver-bøkene), og var hovudhuset på eit småbruk under garden Berger.  I dag bur Ingeborg Høgsæt med sin familie der (sjå tittelbildet over). Ho tok vel imot. I ein sidebygning, der det no står garasjar, hadde syster til Inga sitt atelier. Ho var målar og heitte Mimi Falsen (kalla «Kunstmenneske» i Olver-bøkene). Sletto skildrar med snert og ironi livet på «Kvindegarden», ein stad der tidas (kvinne)intelligensia og kvinnesakskvinner samla seg til studier og fest.  Som kjent var ikkje slike kvinner Olav Slettos ideal. Hans draum var Gretchen i Goethes Faust.  Mimi Falsen måla mellom anna eit «gult» portrett av Olav Sletto medan han budde hjå dei (sjå under). Dette  portrettet leitar Randi Horgen etter no.  Det skal vera med i ei stor minneutstilling om Mimi Falsen, som opnar ved Asker Museum 14. januar 2018.  Les meir om tida på «Kvindegarden»  i Eva Almhjells artikkel i Olav Sletto-selskapets årshefte 2017.

Kjenner nokon til dette gule portrettet?  Ver god å ta kontakt med Randi Horgen     Randi.Horgen@mia.no

F.v. Randi Malm, Ingeborg Høgsæt, Randi Horgen og Brit Espinoza. Høgsæt bur i det huset Inga Falsen Gjerdrum eigde då Olav Sletto budde der sommaren 1909. Foto: E. Almhjell.

Olav Sletto. Portrett måla av Mimi Falsen 1909.

Les meir

Årsmøte 2017 Olav Sletto-selskapet

L1120337

Årsmøte i Olav Sletto-selskapet vart helde på Vika velferdssenter i Hol/Hallingdal fredag 21. april 2017.  Årsmøtet var veld nøgd med styret sitt arbeid, spesielt det omfattande arbeidet som er i gang med digitalisering av Sletto-arkivet i Hol bygdearkiv.  Styret fekk også full støtte for sin måte å handsame ei gave frå Olav Randen, som gir restopplaget av dei to bøkene Boksmia har vore forlag for til Olav Sletto-selskapet. Givaren ville også at den delen av salsinntektene som før gjekk til Boksmai, no skulle tilfalle Olav Sletto-selskapets leiar. Styret aksepterte og takka for denne rause gava. Styreleiar  Eva Almhjell ville imidlertid at selskapet fekk denne delen. Det sikrar ein fast sum for kvar seld bok til selskapet. Salsinntekter utover dette går til styreleiaren.   Bøkene er i mammutfasen, og det er ein fordel at grunnbeløpet på kr. 140 uavkorta går til selskapet.  I tillegg til å gi styret støtte i saka, ba årsmøtet styret sende brev til Boksmia med stor takk for gava.  Rekneskap og arbeidsplan 2017 vart samrøystes godkjent, liksom val av nytt styremedlem og vara vart godkjent.   Protokoll med fleire detaljar blir publisert med det fyrste.   Etter årsmøtet tala Arild Mikkelsen, medlem i Olav Sletto-selskapet, tidlegare folkehøgskulerektor, forfattar – no pensjonist, om Olav Sletto og folkehøgskulen.  Folkehøgskulen var langt på veg sjølve livet for Sletto. Mikkelsen la m.a. til grunn Sletto-taler, som no er digitalisert, om hans syn på folkehøgskulen.  Dette var heilt nytt stoff for den røynde rektor og forfattar, som han fann sers interessant!  Olav Sletto var i sitt arbeid som lærar/rektor i folkehøgskulen inspirert av antikkens Pytogoras og Platon, og nyare tyske filosofar som Hegel og Fichte, men fyrst og fremst kjenner Mikkelsen att Grundtvig i Slettos lærings- og danningsfilosofi.  Sletto henta imidlertid også inspirasjon frå USA og Polen!  Oppseding av ungdom må ta sitt utgangspunkt i det nære og konkrete (jorda) og gå vegen frå handa til hovudet, der åndens foredlinga finn stad. Olav Sletto gir i liten grad referanser til dei han sjølv lærer av i det han tenkjer og skriv. Han ville vera sin eigen profet, seier åndsfrenden Alf Larsen. Difor må den som leitar hjå Sletto ha stor kunnskap for å forstå kvar Sletto hentar sine tankar frå. Det gjorde Mikkelsen!  Ein lærerik og god time, dette, for dei 18 frammøtte medlemmene av Olav Sletto-selskapet! Kåre Olav Solhjell, tidlegare mangeårig styremedlem og ven, vart minna med ord av Arne Skogheim før gjenomgangen av årsmøtesakene. Årsmøtet godkjente valet og arbeidsplanen for 2017, og støtta styret sitt arbeid med å byggje opp ei ressursgruppe av forskarar og andre med interesse for Olav Slettos liv og dikting rundt styret. Leiaren takka avtroppande styre- og varamedlemmer og ynskte nye velkomen i flokken. Ho og styret var takksam for all støtte årsmøtet ga styret i sitt daglege og strategiske arbeid til beste for Olav Sletto-selskapet.  Signert protokoll i lenka under.

Protokoll Olav Sletto-selskapet-årsmøte 2017

Tittelbilde: Arild Mikkelsen. Foto: E. Almhjell.

Bildet under: Arne Skogheim minnest Kåre Olav Solhjell. Foto: E. Almhjell.

 

Les meir

Alle Sletto-bøkene digitalisert – god påske!

Isflak i vårløysing. Foto: E.Almhjell

Med denne nyhenda vil styret i Olav Sletto-selskapet få ynskje medlemmer og andre ei strålande påske. Og no kan de hente Olav Sletto sine bøker på bokhylla.no og lesa av hjartans lyst både i påska og seinare!  Det er Nasjonalbiblioteket som digitaliserer alle bøker skrivne av norske forfattarar fram til vår tid.  Dei gjere ein kjempejobb!  Vi er sers glade for at Sletto-bøkene no er tilgjengeleg på nett, for det har vore ein bøyg å få tak i papirbøkene, t.d. for forskarar som arbeider med hans forfattarskap, og andre som er nysgjerrig på Olav Slettos dikting. Og det høver så godt, no, då styret arbeider med å digitalisere korrespondanse, talar m.v. fra Sletto-arkivet i Hol bygdearkiv, seier Eva Almhjell, leiar i Olav Sletto-selskapets styre.
Minner også om årsmøtet i Olav Sletto-selskapet fredag 21. april 2017 kl. 18.00 inntil 21.30 på Vika velferdssenter.  Kl. 19 – etter årsmøtesakene,  talar Arild Mikkelsen, forfattar, folkehøgskulerektor og Olav Sletto og folkehøgskulen. Denne delen av møtet er ope for alle!  Styret ynskjer hjartans velkommen!
Og – framleis er det mange som  kan glede seg til å betala medlemspengar for 2017, kr. 200 til konto 2333 22 62998.

Les meir

«Den fyrste song» i Flåm

Den fyrste song ved PS-obelisken i Flåm, 2.4.2017

Olav Sletto-selskapet var med då Per Sivle-laget hadde sitt årsmøte i Flåm 1.-2. april 2017.  Dr.art. Heming Gujord frå Universitetet i Bergen tala om temaet «Den litterære historieløysa i norsk skole» i dag.  Spørmålet var korleis det blir undervist i faget og om det er rom for dei som mange oppfattar som gløymde nynorsk-forfattarar – som Per Sivle, Olav Sletto m.fl. – undervisninga.  Gujord overraska med å tenne lys i mørkret, og meinte det ikkje var så gale som vi trur.  Men norskfaget må tilpasse seg den nye tida.  Det må vera levande og skapa ei direkte line mellom lesar og litteratur.  Det er ikkje rett at litteraturhistorie og litteratur er ute av skolen.  Utfordringa framover blir heller å få meir merksemd om litteraturen og mindre vekt på ferdigheit i faget.  Skola må dessutan akseptere norskfaget i elektronisk form, men arbeida med å førebu møtet mellom barnet som lesar og teksten.  Du skal ikkje berre lære om, men av og gjennom, understreka Gujord til slutt.  «Heile bygda» støtta opp om årsmøtet: Her var hornmusikk, sang og spel – alt i Per Sivles ånd.  Meir enn 40 av dei omlag 60 deltakarane på årsmøtet var med på omvisning i Flåmsdalen, der Per Sivle vart født 6. april 1857. Det var både triveleg og morosamt, oppsummerer Eva Almhjell, leiar i Oav Sletto-selskapet, men framfor alt svært nyttig.  Eit samarbeid mellom dei to laga er fullt mogleg!

Framsidebilde: «Den fysrte song» ved Per Sivle-bautaen i Flåmsdalen, der diktaren vart født 6. april 1857. Foto: E. Almhjell.

Roald Waktskjold, Per Sivle-laget (t.h.) takkar Heming Gujord for lærerik tale. Foto: Eva Almhjell

Les meir

Digitaliseringa i gang

L1120252

Så er den fyrste av i alt 28 arkivboksar i Sletto-arkivet digitalisert!  Dette er eit tidkrevjande, interessant og lærerikt prosjekt, seier Eva Almhjell, leiar i Olav Sletto-selskapets styre.  – No har vi arbeidd oss i gjennom alle talene Olav Sletto held, dvs. dei temaene han snakka om.  Folkehøgskula i ein eller annan variant er eit av dei store emnene for Sletto. Han brann for folkehøgskulen!  No går vi vidare med brevvekslinga, som omfattar mange arkivboksar.  Det blir spennande!  I dette arbeidertser vi også kor grundig arbeid som er lagt ned i oppbyggingen av sjølve arkivet.  Vi  er imponert og takksame for det store arbeidet tidlegare styremedlem Kåre Olav Solhjell og Arne Skogheim, styreleiar dei fyrste 11 åra i selskapet har gjort, avsluttar Almhjell.  Talane blir granska ved Universitetet i Bergen. Resultatet kjem under OLAV SLETTO-DAGEN 2017 på Ål.

Les meir

GODT NYÅR!

Uvêr i Skarvet. Foto: E. Almhjell

Styret i Olav Sletto-selskapet vil få takke alle medlemmer for det gamle året, og ynskje alle vel møtt  – og alt godt – i det nye året.  Merk dykk datoen for årsmøtet:  Fredag 21. april 2017 kl. 18 inntil kl. 2130 på Vika velferdssenter i Holet.

Bildet: Uvêr i Skarvet.  Foto: E. Almhjell.

Les meir

Kåre Olav Solhjell – minneord

Kåre Olav Solhjell

Kåre Olav Solhjell var med i styret i Olav Sletto-selskapet heilt frå det vart skipa i 2001, og var den som mellom anna bygde opp det rikhaldige og velordna arkivet i selskapet:  Ein kort biografi om forfattaren, oversikt over alle bøkene han skreiv, katalog over arkivet som inneheld manus, talar, korrespondanse og mykje anna, var det Kåre Olav som sto for, saman med tidlegare leiar i Olav Sletto-selskapet, Arne Skogheim.  Kåre Olav var også redaktør for den fyrste årboka til selskapet, som kom i 2002.  Han hadde ein uvanleg stor arbeidskapasitet, som kom Olav Sletto-selskapet til gode. Noverande leiar, Eva Almhjell, hadde stor glede og nytte av samarbeidet med Kåre Olav, mellom anna då ho redigerte boka ”Per Stavlang”, den tredje i Olav Slettos serie på fire om vesle Per. Den kom ut under namnet Per Gjetar.  Vi var heldige som fekk nytte oss av denne kapasiteten i så mange år.

Kåre Olav har vore ei støtte for Olav Sletto-selskapet og dei styra han var med i, som fagperson og medmenneske.  Vi takkar han for godt samarbeid og lyser fred over hans minne.

Arne Skogheim og Eva Almhjell

 

Les meir