Tor Finstad, og tanta hans, Randi Pedersen, Vollen historielag i Asker, har begge budd i Vesleheimen til Olav og Karin Sletto etter at dei flytta i 1917.  Tor Finstad (85) budde der som gut under krigen, og kjenner att mange av stadene og stigane som Olav Sletto beskriv i Olver-bøkene.  Randi Pedersen (95) budde der på 1950- og 1960-talet.  Ho og mannen, Finn, dreiv det gamle gartneriet som ligg i grannelaget for Vesleheimen.  Deler av den gamle isdammen (sjå bildet av Vesleheimen med dammen i framgrunnen under). Eva Almhjell var i Asker og snakka med dei to Vesleheimen-buarane 15. mai 2017.  Heilt fram til i våre dagar var Vollen ein landleg idyll med gartneridrift og beitemarker innover eit lite dalsøkk frå Vesleheimen.  I dag er dei store hagane rundt dei få bustadene, gartneriet og beitemarkene frå den gongen nedbygde av moderne småhus og boligar i rekkje. Olav og Karin fekk sett opp Vesleheimen og flytta inn i 1912.  Tomta fekk dei av ein bror av Karin.  Olav hadde ei skrivehelle utmed sjøen, der han m.a. skreiv LOKE-bøkene.  Tor Finstad er lommekjent i området og ser for seg stigen Olav følgde frå huset ned til skrivehella.  Han arbeider med å kartfeste denne til historiske kart.  Også andre stader som blir skildra i Olver-bøkene, blir plotta inn.  Det er spennande å samarbeide med Vollen historielag, seier Eva Almhjell, som transkriberer brevvekslinga mellom Olav og Karin, og som no er komen til breva i den tida dei budde i Vesleheimen.

Framsidebildet:  Tor Finstad, Vollen historielag, kjentmann for Olav Sletto-selskapet.

Vesleheimen, Vollen i Asker, slik han ser ut i dag. Isdammen i framgrunnen. Foto: E. Almhjell, 2017

Randi Pedersen (95), Vesleheimenbuar på 1950- og 1960-talet. Foto: E. Almhjell