Olav Sletto-selskapet var med då Per Sivle-laget hadde sitt årsmøte i Flåm 1.-2. april 2017. Dr.art. Heming Gujord frå Universitetet i Bergen tala om temaet «Den litterære historieløysa i norsk skole» i dag. Spørmålet var korleis det blir undervist i faget og om det er rom for dei som mange oppfattar som gløymde nynorsk-forfattarar – som Per Sivle, Olav Sletto m.fl. – undervisninga. Gujord overraska med å tenne lys i mørkret, og meinte det ikkje var så gale som vi trur. Men norskfaget må tilpasse seg den nye tida. Det må vera levande og skapa ei direkte line mellom lesar og litteratur. Det er ikkje rett at litteraturhistorie og litteratur er ute av skolen. Utfordringa framover blir heller å få meir merksemd om litteraturen og mindre vekt på ferdigheit i faget. Skola må dessutan akseptere norskfaget i elektronisk form, men arbeida med å førebu møtet mellom barnet som lesar og teksten. Du skal ikkje berre lære om, men av og gjennom, understreka Gujord til slutt. «Heile bygda» støtta opp om årsmøtet: Her var hornmusikk, sang og spel – alt i Per Sivles ånd. Meir enn 40 av dei omlag 60 deltakarane på årsmøtet var med på omvisning i Flåmsdalen, der Per Sivle vart født 6. april 1857. Det var både triveleg og morosamt, oppsummerer Eva Almhjell, leiar i Oav Sletto-selskapet, men framfor alt svært nyttig. Eit samarbeid mellom dei to laga er fullt mogleg!
Framsidebilde: «Den fysrte song» ved Per Sivle-bautaen i Flåmsdalen, der diktaren vart født 6. april 1857. Foto: E. Almhjell.