Leveld Kunstnartun er god på å feire alt det fantastiske dei får til!  Og dele med medlemmer og folk ellers!  I fjor sommar var det stor festival etter 5 års hardt arbeid med resultat ingen ville trudd var mogleg då det heile starta.  Laurdag 22. april 2017 vart fast plass for Leveld Kunstnartun på statsbudsjettet feira, etter eit årsmøte der Embrik Luksengard vart avløyst som styreleiar av Steinar Saghaug.  Luksengard vart takka og hylla med ord av glede, respekt og ære. Årsmøtet nikka samtykkjande til forsalg om å utvikle eit samarbeid mellom Leveld Kunstnartun og Olav Sletto-selskapet for å få Hallingdals store forfattar fram i lyset.

Og etterpå sessa omlag 80 folk seg til måltid i kjellaren under den flotte låven, siste tilskot på hussamlinga rundt kunstnartunet, der Tor Egil og Mari Kreken underheld med countrypop (dei to er del av prislønna ”Darling West”). Dei lar seg inspirere av fjellet, og framførte m.a. eit par låtar ingen før hadde høyrt.

Omlag 80 folk feirar alt det flotte Leveld Kunstnartun får til, no sist fast plass på statsbudsjettet. Foto: E. Almhjell

Tor Egil og Mari Kreken frå gruppa "Darling West" underheld. Foto: E.Almhjell