Årsmøte i Olav Sletto-selskapet vart helde på Vika velferdssenter i Hol/Hallingdal fredag 21. april 2017. Årsmøtet var veld nøgd med styret sitt arbeid, spesielt det omfattande arbeidet som er i gang med digitalisering av Sletto-arkivet i Hol bygdearkiv. Styret fekk også full støtte for sin måte å handsame ei gave frå Olav Randen, som gir restopplaget av dei to bøkene Boksmia har vore forlag for til Olav Sletto-selskapet. Givaren ville også at den delen av salsinntektene som før gjekk til Boksmai, no skulle tilfalle Olav Sletto-selskapets leiar. Styret aksepterte og takka for denne rause gava. Styreleiar Eva Almhjell ville imidlertid at selskapet fekk denne delen. Det sikrar ein fast sum for kvar seld bok til selskapet. Salsinntekter utover dette går til styreleiaren. Bøkene er i mammutfasen, og det er ein fordel at grunnbeløpet på kr. 140 uavkorta går til selskapet. I tillegg til å gi styret støtte i saka, ba årsmøtet styret sende brev til Boksmia med stor takk for gava. Rekneskap og arbeidsplan 2017 vart samrøystes godkjent, liksom val av nytt styremedlem og vara vart godkjent. Protokoll med fleire detaljar blir publisert med det fyrste. Etter årsmøtet tala Arild Mikkelsen, medlem i Olav Sletto-selskapet, tidlegare folkehøgskulerektor, forfattar – no pensjonist, om Olav Sletto og folkehøgskulen. Folkehøgskulen var langt på veg sjølve livet for Sletto. Mikkelsen la m.a. til grunn Sletto-taler, som no er digitalisert, om hans syn på folkehøgskulen. Dette var heilt nytt stoff for den røynde rektor og forfattar, som han fann sers interessant! Olav Sletto var i sitt arbeid som lærar/rektor i folkehøgskulen inspirert av antikkens Pytogoras og Platon, og nyare tyske filosofar som Hegel og Fichte, men fyrst og fremst kjenner Mikkelsen att Grundtvig i Slettos lærings- og danningsfilosofi. Sletto henta imidlertid også inspirasjon frå USA og Polen! Oppseding av ungdom må ta sitt utgangspunkt i det nære og konkrete (jorda) og gå vegen frå handa til hovudet, der åndens foredlinga finn stad. Olav Sletto gir i liten grad referanser til dei han sjølv lærer av i det han tenkjer og skriv. Han ville vera sin eigen profet, seier åndsfrenden Alf Larsen. Difor må den som leitar hjå Sletto ha stor kunnskap for å forstå kvar Sletto hentar sine tankar frå. Det gjorde Mikkelsen! Ein lærerik og god time, dette, for dei 18 frammøtte medlemmene av Olav Sletto-selskapet! Kåre Olav Solhjell, tidlegare mangeårig styremedlem og ven, vart minna med ord av Arne Skogheim før gjenomgangen av årsmøtesakene. Årsmøtet godkjente valet og arbeidsplanen for 2017, og støtta styret sitt arbeid med å byggje opp ei ressursgruppe av forskarar og andre med interesse for Olav Slettos liv og dikting rundt styret. Leiaren takka avtroppande styre- og varamedlemmer og ynskte nye velkomen i flokken. Ho og styret var takksam for all støtte årsmøtet ga styret i sitt daglege og strategiske arbeid til beste for Olav Sletto-selskapet. Signert protokoll i lenka under.
Protokoll Olav Sletto-selskapet-årsmøte 2017
Tittelbilde: Arild Mikkelsen. Foto: E. Almhjell.
Bildet under: Arne Skogheim minnest Kåre Olav Solhjell. Foto: E. Almhjell.