Eva Almhjell var gjest hjå dyktige fagfolk på Asker Museum tysdag 2. mai 2017.  Dei, Randi Malm, Randi Horgen og Brit Espinoza, tok gjesten med til Billingstad, på leit etter det Olav Sletto kallar «Kvindegarden» i Olver-bøkene. Den som leitar, den finn! Og vi fann huset, der Olav Sletto budde sommaren 1909, då han kom heim att frå turen til København 1908-1909.  Huset tilhøyrde den gongen Inga Falsen Gjerdrum (kalla «fru Husherre» i Olver-bøkene), og var hovudhuset på eit småbruk under garden Berger.  I dag bur Ingeborg Høgsæt med sin familie der (sjå tittelbildet over). Ho tok vel imot. I ein sidebygning, der det no står garasjar, hadde syster til Inga sitt atelier. Ho var målar og heitte Mimi Falsen (kalla «Kunstmenneske» i Olver-bøkene). Sletto skildrar med snert og ironi livet på «Kvindegarden», ein stad der tidas (kvinne)intelligensia og kvinnesakskvinner samla seg til studier og fest.  Som kjent var ikkje slike kvinner Olav Slettos ideal. Hans draum var Gretchen i Goethes Faust.  Mimi Falsen måla mellom anna eit «gult» portrett av Olav Sletto medan han budde hjå dei (sjå under). Dette  portrettet leitar Randi Horgen etter no.  Det skal vera med i ei stor minneutstilling om Mimi Falsen, som opnar ved Asker Museum 14. januar 2018.  Les meir om tida på «Kvindegarden»  i Eva Almhjells artikkel i Olav Sletto-selskapets årshefte 2017.

Kjenner nokon til dette gule portrettet?  Ver god å ta kontakt med Randi Horgen     Randi.Horgen@mia.no

F.v. Randi Malm, Ingeborg Høgsæt, Randi Horgen og Brit Espinoza. Høgsæt bur i det huset Inga Falsen Gjerdrum eigde då Olav Sletto budde der sommaren 1909. Foto: E. Almhjell.

Olav Sletto. Portrett måla av Mimi Falsen 1909.