GOD PÅSKE!

Foto: Eva Almhjell

Styret i Olav Slettos-selskapet ynskjer alle gode medlemmer og andre ei strålande påske anten ho blir feira i våre snørike fjell, ved sjøen, i bygd eller by. Minner om årsmøtet fyrste fredag etter påske – 6. april kl. 1800 på Vika velferdssenter i Holet. Velkomne!

Framsidebilde: Flyadn. Foto: E. Almhjell.

Les meir

ÅRSMØTE 6. APRIL 2018

Moutmarka. Foto: E. Almhjell

Fredag 6. april 2018 er det årsmøte i Olav Sletto-selskapet på Vika velferdssenter i Holet kl. 18.00 inntil 21.30.
Styret ynskjer av hjarta velkommen. Innkalling er sendt alle medlemmer. Frå kl. 19 er årsmøtet ope for alle. Då vil det bli orientering om prosjekt «Digitalisering av Olav Sletto-selskapet». Innkallinga finn du nedanfor,  med innkomne forslag til endring av vedtektene §§ 6 og 7.  Våre to revisorar gjennom mange år er på val og tek ikkje attval. Det er ikkje naudsynt med to revisorar.  Styret legg derfor fram forslag om endring frå to til ein revisor. Innkalling med endringsframlegg finn du nedanfor.

Innkalling til OSS-årsmøte 2018

Framsidefoto: Moutmarka. Foto: E. Almhjell.

Les meir

Terje Vindegg – minneord

Hallingskarvet sett frå sør. Foto: E. Almhjell.

Tidlegare bibliotekssjef i Hol, Terje Vindegg (1946-2018), er gått bort.  Han var medlem i Olav Sletto-selskapet frå starten i  2001.  Då Olav Sletto døydde i 1963, vart samlinga hans pakka ned og sto lagra på Geilo bibliotek og fleire andre stader i mange år.  Men på 1980-talet vart tanken lufta om å flytte den til biblioteket i Holet skule.  I denne prosessen, skriv Kåre Olav Solhjell i Årbok 2002,  var Terje Vindegg  ein pådrivar, saman med Kaare Wensaas.  På hemsen i Holet bibliotek vart det laga eit rom, Sletto-rommet kalla, som husa Slettos bibliotek, fela og andre eigelutar knytt til diktaren sitt liv og dikting.  Dei mange breva og andre dokument vart etterkvart katalogisert av Solhjell,. Dei har sin plass i Hol bygdearkiv. Eg hadde av og til lange telefonsamtaler med Terje Vindegg.  Han var ei kjelde til nyttig kunnskap.  Han merka seg det Olav Sletto-selskapet dreiv med og støtta oss i arbeidet.  Olav Sletto-selskapet er takksam for Terje Vindegg sitt arbeid for å få ordna arkivet og realisert planane om eit eige rom for den store samlinga etter Olav Sletto.

Eva Almhjell
Leiar
Olav Sletto-selskapet

Framsidefoto: Hallingskarvet sett frå sør. Foto: Eva Almhjell.

Les meir

Munnleg historie – Memoar 2018

Forelesarar Memoarkonfaransen 2018. f.v. Malin Thor Tureby (prof. ved Linkøping Universitet), Bjørn Enes (leiar Memoar), Ingar Kaldal (prof. NTNU), Bjørn André Widvey (Skeivt Arkiv), stig Tenold (prof. NH), Maja Gudim Burheim (22. juli-senteret), Audun Kjus (Folkemuseet). Foto: E. Almhjell.

Bergen offentlege bibliotek var staden for ei storhending innan munnleg historie 17. februar 2018. Då gjekk den fyrste Memoarkonferansen av stabelen. Meir enn 60 folk frå akademia og frå frivillige organisasjoner var der for å dele røynsler og  samla seg til felles innsats  for å få til ein beredskapsplan for umiddelbar historie-forteljing ved store hendingar i Norge (eks. 22. juli 2011) spesielt, og for å få merksemd om den munnlege fortellinga som viktig historisk dokumentasjon.

Memoar vart stifta i Bergen i 2015. Initiativtakaren var Bjørn Enes, som også er leiar i Memoar.  Han framheva at målet er å byggje ein landsfemnande organisasjon for munnleg historie, for forteljingar frå vanlege folks kvardagsliv.  Alle var samde om at dei små stemmene skal høyrast. Historier sett nedanfrå skal forteljast, for dei er politiske.  Enkeltindivida sine forteljingar dannar tilsaman ein kvalitativ heilskap som trengs for å komplettere offentleg norsk historie, vart det sagt.

Framsidebildet viser f.v. Malin Thor Tureby, prof. ved Linkøping universitet, Bjørn Enes, leiar Memoar, Ingar Kaldal, prof. NTNU, Bjørn André Widvey, Skeivt Arkiv, Stig Tenold, prof. NH, Maja Gudim Burheim, 22. juli-senteret og Audun Kjus, Folkemuseet. Foto: E. Almhjell.

Olav Sletto-selskapet var der med leiar Eva Almhjell. Ho fann konfaransen sers nyttig og oppmodar lokalradioar, lokale bibliotek, historielag og andre frivillige organisasjoner med interesse for, enn si samlingar av,  munnleg historisk stoff å gjera seg kjent med Memoar sitt arbeid.  Memoar hjelper til med å fortelja, å samla og bevare munnleg stoff.  Dei driv kursverksemd, låner ut utstyr for opptak, og arbeider for at offentlege arkiv skal ta imot munnleg historie.  Dei har – inntil vidare – etablert eit arkiv i nettskya, der folk som er med kan dele plass.  Sjå www.Memoar.no

Salen full av interesserte tilhøyrarar under Memoarkonferansen 2018 i Bergen 17.2.2018. Foto: E. Almhjell.

Memoar er open for alle som vil vera med som medlemmer.  Årskontingent kr. 200.

 

Arrangørar i Bergen var: Memoar, Bergen Offentlege Bibliotek, Bergen Byarkiv og Universitetet i Bergen/Kulturvitskap.

 

 

 

 

Geilo stasjon februar 2018. Stoppestad for Olav Sletto på taleferd i Hallingdal januar-februar 1915. Foto: E. Almhjell.

Turen over fjellet gjekk med tog.  I januar-februar 1915 gjorde Olav Sletto ei taleferd i Hallingdal og Hardanger. Han brukte også tog på turen Kristiania – Voss – Kristiania.  På Gjeilo st. steig han av 30. januar 1915. Mor hans var der og møtte han. Ho spanderte opphaldet på Holms Hotell på sonen sin. Om kvelden førde stortalaren Olav Sletto mor si til sætes på fyrste benken. Han tala for stappfull festsal i Holms hotell. Det var truleg fyrste gongen han snakka med mor si. Meir om denne taleferda i Årshefte for Olav Sletto-selskapet 2018.

Les meir

Høyr Jørn Øyrehagen Sunde om talaren Olav Sletto

Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettshistorie ved Universitetet i Bergen

Professor Jørn Øyrehagen Sunde ved Universitetet i Bergen tala under Olav Sletto-dagen 2017 om Olav Sletto. Han kalla foredraget sitt «Internasjonal og moderne, lokal og tradisjonalist – talaren Olav Sletto».  Sletto var ein framragande talar. Han lærte seg talen utanboks og brukte aldri manus.  Slutten var alltid open. Den laga han i samspel med publikum. Talane var bygde opp som eit stykke norsk folkemusikk.  Talen var eit kunstverk. Øyrehagen Sunde er sjølv prisløna talar.  I lydfila høyrer  vi stortalaren Jørn Øyrehagen Sunde tala om stortalaren  Olav Sletto.  Lydopptaket er gjort av Radio Hallingdal og gitt att med løyve derifrå, og frå Jørn Øyrehagen Sunde.

Lydfila finn du her, og den ligg under lydfil i venstre margen.

Høyr Jørn Øyrehagen Sunde om talaren Olav Sletto nå

Les meir

Hol gamle kyrkje på måleriutstilling i MiA

Fellesfoto MiA 14.1.2018

62 av Mimmi Falsen (1861-1957) sine målerier er no å finne i ei flott utstilling ved Museet i Asker (MiA). Randi Horgen, som har hatt hovudansvaret for utstillinga, ynskte meir enn 80 folk velkommen, og var sers glad for alle – familie, vener, fagfolk, insitusjonar m.fl. – som hadde hjelpt til, slik at ho fann fram til så mange av målarstykka.  Målet med utstillinga, kalla «Et fenomen i sin tid», er å få pioneren Mimmi Falsen ut or gløymsla. Blant bilda finn vi også «Hol gamle kirke» som Falsen måla i 1908, utlånt av Bygdearkivet i Hol.  Eva Almhjell, leiar i Olav Sletto-selskapet, var tilstades under opninga av utstillinga 14. januar 2018. -Vi har lagt mykje arbeid ned i å finne Falsens «gule portrett» av Olav Sletto frå 1909, seier ho, men det var fånyttes. Her er likevel så mange gode bilder å glede seg over, og eg er spesielt begeistra for barneportretta ho har laga, mellom anna av Eva Sletto, Olav og  Karins eldste dotter. Mimmi Falsen såg barnet, sa Randi Horgen, og det er sant!  Dr. philos. Knut Ljøgodt opna utstillinga med eit interessant foredrag om Mimmi Falsen. Han fortalde at Falsen måtte bryte med familien for å bli målar,  og at ho og andre kvinner som måla, svært nedlatande, vart kalla malerøser. Ein kunne bli kvinnesakskvinne for mindre, noko Mimmi Falsen også var, og ho arbeidde hardt for å få kvinnelege kunstnarar organisert, m.a. for å betre deira kår.  Ho hadde si utdanning både frå m.a. Paris og Kristiania. Ein fyldig katalog ligg føre og utstillinga står fram til 15. april 2018.  Tilstades under opninga var også fleire av Olav og Karin sine etterkomarar. På framsidebildet ser vi f.v. Dina Muri, Allan Sletto, Eva Cecilie Sletto, Karin Bull, Eva Almhjell og Anders Bull. Bak ser vi Mimmi Falsens «Hol gamle kirke» frå 1908.  Foto: Privat.

Under: bilder frå utstillingsopninga på MiA 14.1.2018.

Eva Cecilie Sletto med 3 Falsen-måla portrett av mor si, Eva Sletto, bak. Foto: E.Almhjell

Eva Almhjell framma Mimmi Falsens "Hol gamle kirke" 1908. Foto: Privat

 

Full sal og høg stemning under opninga av utstillinga "Et fenomen i sin tid" - Mimmi Falsen i Museet i Asker 14.1.2018. Foto: Eva Almhjell

Dr.philos. Knut Ljøgodt og Randi Horgen, hovudansvarleg for Mimmi Falsen-utstillinga i Museet i Asker. Foto: E. Almhjell

Les meir

GODT NYTT ÅR

SOLSNU 2017

Olav Sletto-selskapet sitt styre ynskjer alle trufaste, gode medlemmer, og andre lesarar, eit godt nytt år.  Vi takkar for det gamle, og håpar de er nøgde med framdrifta i vårt store prosjekt «Digitalisering av Olav Sletto-arkivet» og med Olav Sletto-dagen 2017, våre store satsingar i gamleåret.  Takk til alle medlemmer som kvart år støttar oss med årspengar, og takk til  Ål kommune, Ål mållag, Buskerud mållag og Sparebanken SKUE,  som har gitt si økonomiske støtte til Olav Sletto-dagen 2017, og til Hol kommune for støtte til vårt arbeid med prosjekt «Digitalisering av Olav Sletto-arkivet» i  året som no ligg bak.

Det er laga tre prosjekt-rapportar i 2017. Dei finn du ved å klikke «Olav Sletto-materiale i Hol Bygdearkiv » i venstre margen.

Vel møtt i 2018!  Vi har mykje glede oss til og over også dette året. Hovudsatsinga blir ferdigstilling av digitaliseringsprosjektet.

Foto: Solsnu. Moutmarka/Tjøme, 21.12.2017. Foto: Eva Almhjell

Tvers over Oslofjorden, vest av Moutmarka,  ligg Sandefjord, der Karin Sletto (f. Bryde 1884) var født.  Det var i eit slikt kystlandskap  ho budde og vaks opp

Les meir

VINTERSOLSNU

Sol over isstig 2

Ville berre minne om at den mørkaste tida no ligg bak og at lyset tek over – meir og meir.  For visst – enno ein gong.

Les meir

GOD JUL

Mot Hol. Foto: E. Almhjell nov. 2017

Olav Sletto-selskapet sitt styre vil få ynskje alle sine trufaste medlemmer,  og andre lesarar, ei varm og god jul.

 

Les meir

12 000 kr. til arbeidet med Sletto-arkivet

Sletto---vinter.-Svart-kvit

Hol kommune har bevilga kr. 12 000 til  Olav Sletto-selskapet sitt arbeid med transkribering og digitalisering av Sletto-arkivet. – Summen dekker dei utlegga vi har hatt i 2017 til dette arbeidet, seier ei glad Eva Almhjell.  Ho er leiar i Olav Sletto-selskapet. Det er Hol kommune som eig Sletto-arkivet, og vi ser på bevilgninga som ei solid støtte til det store og omfattande arbeidet vi driv med.

Foto: Hans Petter Hive

Les meir