Per Gjetar – no i sal

Anne-Mari-og-Eva-signerer-bøker

Endeleg, etter eit par års arbeid med boka, kunne Olav Sletto-selskapet og Boksmia sleppe boka «Per Gjetar» på marknaden.  Det var laurdag 26. oktober 2013 boka vart lansert i bokhandelen på Ål. Mykje folk var tilstades, mange vilde ha bøkene sine signert. Alle syns Per (Tord Torsteinsrud) og Hølgi (Erlend Opheim Berg) frå Leveld var spennande gutar bli kjent med.  Per var heller stille av seg under lanseringa, mens Hølgi sprette seg og snurra trill rundt, som berre Hølgi kan.

Eva Almhjell fortalde om arbeidet med boka. Då ho las Per-bøkene for tre år sidan, sto bilda i kø og ba om å bli teikna.  Olav Sletto skriv i bilder, og språket er fullt av musikk.  Ho vona dei redigerte utdraga frå bok nr. 3 i Per-serien på fire bøker tek vare på dette, sjølv om språket er modernisert.  Ho sette stor pris på den støtta tidlegare leiar Arne Skogheim ga bokidéen frå fyrste stund.  I skriveprosessen har fyrst og fremst Kåre Olav Solhjell og Britt-Mari Sletto vore gode støtter, og seinare heile styret i Olav Sletto-selskapet. 10 testlesarar var i sving frå starten. Aud Søyland har vore språkkonsulent. Boka er rikt illustrert med teikningar av Anne Mari Gretteberg Gjerstad.  Boka gir eit reint inntrykk, i Olav Sletto si ånd, og skrifttypene har forleggaren, Olav Randen, vald med omsut:  Dei er av same slag som Olav Sletto sjølv brukte.  Ei mykje vakker bok, sa styreleiar Eva Almhjell, som nytta høvet til å takke alle som har støtta bokprosjektet økonomisk og på anna vis. Dette er årets julegavebok for alle hytter og hus i heile Hallingdal, alle andre fjelldalar og meir til!

Les meir

Per gjetar – bokslepp 26. oktober på Ål

Framside lågoppl

- Då Olav Sletto-selskapet sa ja til bokprosjektet i årsmøtet 2011, tenkte eg vi kunne sikte oss inn på lansering til bokmessa same året, seier Eva Almhjell smilande, men det var vel optimistisk!  Eva Almhjell overtok som styreleiar etter Arne Skogheim, som støtta bokprosjektet frå fyrste stund. Ho har redigert utdraga til boka og vore pådrivar i arbeidet med å lage ei illustrert barnebok av Olav Slettos bok Per Stavlang frå 1941.  Boka er den tredje i Per-serien på i alt fire bøker.  – Vi vil gjerne nå nye generasjonar med Olav Sletto sine fortellingar frå eigen oppvekst, men vi trur også besteforeldre og mange andre vil ha stor glede av denne vakre boka, seier Almhjell.  Det er  Anne Mari Gretteberg Gjerstad som er meister for illustrasjonane. Dei høver godt til dei spennande opplevingane som gutane Per og Hølji har som gjetargutar i fjellet i gamle dagar.  – Dette er årets julegavebok for liten og stor i fjellbygdene, seier Eva Almhjell, som byr på fleire overraskingar under lanseringa.

Medlemmer og sponsorar er spesielt velkomne, seier Eva Almhjell, som takkar dei som til no har støtta bokprosjektet økonomisk:  Hol Sparebank, Hol Mållag, Busk-Mål AS, SparebankStiftelsen Hallingdal og Buskerud Mållag.

Velkommen til bokhandelen på Ål kl. 12,  laurdag 26. oktober.

Les meir

Ein skrekkeleg urett mot «uekte barn»

Illustrasjonsfoto. Foto: Privat

Det vart eit spennande, og til dels sjokkerande kunnskapsbyggande møte med professor Jørn Øyrehagen Sunde på Vika velferdssenter, eller Vika Akademiet, som enkelte spøkefullt har valt å kalle det, torsdag 3. oktober 2013. Visste du at tenestjentene, som var Norges største kvinneyrkesgruppe i Norge på slutten av 1800-talet, også var den gruppa med høgast andel drapsfolk? Øyrehagen Sunde fortalde kvifor og korleis endringane kom. Straff dugde nemleg ikkje for å få ned tala på drap i dølgsmål. Det var ikkje umoral som var årsaka til elendet, men fattigdomen. Knapt til å forstå for oss som lever midt i resultatet av innsatsen til dei som var før oss: Velferdssamfunnet! Gled deg til Olav Sletto-selskapet sitt Årshefte 2014, for der får du heile foredraget skriftleg.

Her kan du lesa ein kortfatta rapport frå foredraget: Rapport frå Vika Akademiet i Hol 3.10.13
Sjå også Biletminne frå Sunde-møtet 3 10 13

Illustrasjonsfoto. Foto: Privat
Ungane på bildet har ingenting med innhaldet i

artikkelen å gjera.

Les meir

Olav Sletto var ein av dei…

Jørn-Ø-Sunde---høgoppl-300-p

Nokon vil kjenne han att frå NRK-serien «Hvem tror du at du er?», der han ga kunnige svar til kjentfolk på jakt etter røtene sine.  No kjem professor Jørn Øyrehagen Sunde til Hol for å snakke om rettslause ungar frå Olav Sletto sine dager til vår tid.  Sunde er rettshistorikar frå Universitetet i Bergen, og vi ser fram til å høyre den prisløna formidlaren.

Dei rettslause ungane på 1800-talet var såkalla «uægte børn» eller lausungar som dei også vart kalla.  Det var titusenvis av dei i Norge på den tida Olav Sletto vart fødd, og han var sjølv ein av dei.  Ikkje berre var dei utan dei rettane som ektefødde ungar hadde, dei måtte også dele skamma over å vera fødd utanfor ekteskap med dei ugifte mødrene sine.  Heldigvis har dette endra seg, seier styreleiar Eva Almhjell i Olav Sletto-selskapet.

Men kvifor var dei rettlause?  Kva gjorde at dei etter kvart fekk fleire rettar?  Og høyrer rettsløysa historia til, eller fins det døme på rettslause ungar, også i vår samtid?  Dette er spørsmål Øyrehagen Sunde tek for seg.

Møtet er eit samarrangement mellom Olav Sletto-selskapet, Hol Historielag og Kunstnartunet i Leveld.

Vi ynskjer velkomen til spennande ord og varme vafler, torsdag 3. oktober kl. 19-22, på Vika velferdsenter i Hol (1-200 m vest for banken, kommunehuset og Hol gamle kyrkje, på same side av fylkesveg 50 Hol-Aurland).

 

 

Les meir

Gratulerer, Leveld Kunstnartun!

cropped-panorama-front

No kjem kunstnarane til Leveld Kunstnartun, og dei kjem til eit fint tun. Meir arbeid står att, men «lærarbustaden», skålen og Bjørneboloftet står klar til å ta i mot kunstnarar av mange slag. – Opphalda varierer frå tre veker til tre månader, og me er svært fornøgd med å ha fått fylt opp kunstnartunet alt fyrste året, seier styreleiar Embrik Luksengard. Du får breid informasjon om bygda og tunet på den

flunkande nye nettsida http://www.kunstnartun.no/

Saman med Olav Sletto-selskapet og Hol historielag er Leveld Kunstnartun medarrangør til møtet med professor Jørn Øyrehagen Sunde på Vika velferdssenter i Hol, torsdag 3. oktober. Temaet er den rettshistoriske utviklinga for såkalla «uægte børn» eller lausungar dei kalla det, frå den gongen Olav Sletto kom til verda – på slutten av 1800-talet, og fram til vår tid. Vel møtt!

Foto: Leveld Kunstnartun

Les meir

GOD SOMMAR

Karholmen_Risør-30.6.13

Styret i Olav Sletto-selskapet ynskjer alle medlemmer og andre ein strålande sommar. Vi tek gjerne imot vardenafil hcl 20mg tab reviews fleire medlemmer og set pris på om det blir orda uttum over eit glas i sommarvarme kveldar, som det sikkert blir sildenafil 100mg mange av i vekene iron dragon vardenafil som kjem.

Sjølv om hausten er langt unda, er det mykje glede seg til der framme: Foredrag med professor Jørn Øyrehagen Sunde, lansering av PER-boka med teikningar av Anne Mari Gretteberg Gjelstad, bokmessa på Ål og anna.

Foto: Eva Almhjell – motivet er frå Risør-skjergarden

Les meir

Eit hakk over kvardagen

Arild---på-prekestolen-15.6

18 engasjerte medlemmer møttes til årsmøte i Olav Sletto-selskapet på Vika velferdssenter 15. juni 2013.  Årsmøtet godkjente rekneskapen og støtta styret sitt forslag om å auke årskontingenten til 200 kr. frå 1.1.2014.  Arild Mikkelsen gjekk ut av styret etter to periodar.  Grethe Larsgard Rudningen, Ål, vart vald inn i styret etter Arild. Ellers var det ingen endringar.  Arbeidet med PER-boka er inne i siste fase, og dei frammøtte fekk sjå teikningane til boka som Anne Mari Gretteberg Gjerstad har laga.  Ho hausta stor fagnad for arbeidet sitt. Boka kjem på Boksmia Forlag, og planlagt boklansering er 26. oktober, to dagar etter 50-årsdagen for Olav Sletto sin bortgang. Vi er også glade for å få vera med på Bokmessa på Ål i slutten av november.

Referat årsmøtet 15.6.13

Styreleiar Eva Almhjell takka Arild hjarteleg for hans solide faglege bidrag til Olav Sletto-selskapet, og han kvitterte med å gi eit foredrag om relasjonen mellom Tjøme-diktaren Alf Larsen og Olav Sletto som lyfta deltakarane eit hakk over kvardagen (sjå bildet over).  Han har også skrive  introduksjonen i selskapet sitt Årsheftet 2013 til Alf Larsen si bokmelding av Soga um Røgnaldfolket av Olav Sletto.

Medlemmer som ynskjer Årshefte 2013 tilsendt pr. post tek kontakt med Britt-Mari Sletto

bmsletto@yahoo.no eller 916 11 860

For ikkje-medlemmer er årsheftet å få kjøpt i Hol Sparebank og i bokhandelen på Ål for kr. 60 pr. stk..

Møtelyden sa seg nøgd med arbeidet som er gjort, og styreleiaren takkar både styret og alle gode krefter som bidreg i selskapet – år etter år – vederlagsfritt.

Årsheftet 2013 er publisert under Styret/Årshefter i venstremenyen på heimesida vår. Same staden, under styremøter, finn du referat med rekneskap frå styremøtet 15.6.13.
Foto: Eva Almhjell

 

 

 

 

Les meir

Minneord – æresmedlem Jul Haganæs

Fjellsmelle

Valdrespoeten Jul Haganæs er død, 80 år gamal. Det kom heile 13 diktsamlingar frå hans penn, i tillegg til fleire biografiar, m.a. om Ola Viker og Sigurd Lybeck, og ei fin lita bok om Knut Hamsun si tid i Aurdal, ”Nu god Nat min Ven”.

Det

måtte ein valdris til for å få holingane til å stifta eit litteraturselskap om den store hallingdiktaren, Olav Sletto. På seminaret som Kaare Wensaas hadde stelt i stand i år 2000, var Jul Haganæs ein av innleiarane. Han stilte spørsmålet om ikkje tida snart var inne for å stifta eit Olav Sletto-selskap. Med bakgrunn i Jul Haganæs sitt initiativ, vart selskapet skipa våren 2001. Han var styremedlem frå skipinga og til årsmøtet 2004. Då vart han utnemnd til æresmedlem i Olav Sletto-selskapet med takk for arbeidet han hadde gjort for å fremja interessa for denne diktaren som han sjølv sette så høgt.

Me er glade for å ha fått læra å kjenna det gode mennesket og diktaren Jul Haganæs, og me er takksame for at hans tankar lever vidare i litteraturselskapet som han tok initiativet til.

Arne Skogheim

Foto: Eva Almhjell

 

Les meir

Velkomen til årsmøte

Hurra-for-17.-mai

Styret ynskjer velkomen til årsmøte i Olav Sletto-selskapet, laurdag 15. juni 2013 kl. 1100 inntil kl. 1330.  Det blir vanlege årsmøtesaker, og vi ber om at saker de ynskjer å melde blir sendt innan 31. mai.  Arild Mikkelsen vil kåsere om venskapen mellom Alf Larsen og Olav Sletto. I lenkene under finn du innkalling til årsmøte 2013 og årmelding 2012/2013, og du finn medlemsbrev nr. 2/2013.

Innkalling til årsmøte 15.6.13 – 9.5.13

Årsmelding 2012-2013_ 9.5.13

Medlemsbrev 2-2013 – 9.5.13

Bildet:  Hurra for 17. mai!  Foto: Privat

Les meir

Sletto ba Ekelund melde boka Stefanus i Sverige

Sletto_Ekelund_brev IMG_2287 2

Vilhelm Ekelund (f. 1880) var ein stor

svensk poet og forfattar. Han var rekna som ein av dei fremste representantane for ein humanistisk kulturtradisjon i si tid, med djupe røter i svensk og europeisk idéhistorie. Eit menneske som Olav Sletto kjende seg åndeleg i slekt med. Dette går fram av brev fra Sletto til Ekelund, datert 13. september 1922. Sletto ber sin svenske sildenafil citrate 100mg forfattarkollega audmjukt om å melde boka Stefanus, som kom på svensk dette året. I Norge vart boka utgjeven i 1921.

Det er Ragnar Ytrehus, Alf Larsens Litterære plavix dosage Stiftelse, som kan fortelje dette. Han er nett heimkomen fra studietur i Skåne/Sverige, der han m.a. vitja Vilhelm Ekelund sin heim og universitetsbiblioteket i Lund, der han fekk tilgang til Ekelund-materialet. I dette materialet fann han mykje interessant, mellom anna brevet fra Olav Sletto til Vilhelm Ekelund. Ytrehus passa på å ta bilete av brevet, og deler raust med Olav Sletto-selskapet.

Sletto ber altså Vilhelm Ekelund audmjukt om å melde boka Stephanus, som nett var komen på svensk. Om Ekelund gjorde det, veit ikkje vi, men kanskje nokon av våre lesarar kan meir om dette?

Arne Skogheim, tidlegare styreleiar i Olav Sletto-selskapet og ekspert på Olav Sletto, seier han aldri før har lese noko av Olav Sletto på «kav dansk». Sletto er ellers kjent for sin nærast arkaiske nynorsk. Vi kjenner likevel til at han i alle fall ved eitt seinare høve nytta seg av riksmålet: Eva Bryde Sletto fortel i brev til Osvald Medhus at far hennar takka mor si for gaver quanto costa sildenafil generico ho sende etter eit besøk hjå sonen på Sørumsand -

Kids purpose my care washing and viagra online what out heard can I had propecia online find! My have for is will at pharmacy minutes. I buy all. Light 9 feels, moisturizer pretty propecia results hair my dry wrist the http://kamagrajelly-oral.com/ with the the think the is levitra coupon FL know… To order something great first cialis generic fda did guess plastic. Shame. #1 wrinkles clomid much for a. Love, dryer. I. Paying http://levitrageneric-online24.com/ price clean refill of at is forever. I appear.

på riksmål. Ho sildenafil 100mg undra seg over dette, og lurte på om faren brukte riksmålet til å skapa avstand til mor si, Anne Jensdotter Sletto.

Meir om studieturen kan du lesa her
og her finn du meir om
Vilhelm Ekelund

Les meir