Nokon vil kjenne han att frå NRK-serien «Hvem tror du at du er?», der han ga kunnige svar til kjentfolk på jakt etter røtene sine.  No kjem professor Jørn Øyrehagen Sunde til Hol for å snakke om rettslause ungar frå Olav Sletto sine dager til vår tid.  Sunde er rettshistorikar frå Universitetet i Bergen, og vi ser fram til å høyre den prisløna formidlaren.

Dei rettslause ungane på 1800-talet var såkalla «uægte børn» eller lausungar som dei også vart kalla.  Det var titusenvis av dei i Norge på den tida Olav Sletto vart fødd, og han var sjølv ein av dei.  Ikkje berre var dei utan dei rettane som ektefødde ungar hadde, dei måtte også dele skamma over å vera fødd utanfor ekteskap med dei ugifte mødrene sine.  Heldigvis har dette endra seg, seier styreleiar Eva Almhjell i Olav Sletto-selskapet.

Men kvifor var dei rettlause?  Kva gjorde at dei etter kvart fekk fleire rettar?  Og høyrer rettsløysa historia til, eller fins det døme på rettslause ungar, også i vår samtid?  Dette er spørsmål Øyrehagen Sunde tek for seg.

Møtet er eit samarrangement mellom Olav Sletto-selskapet, Hol Historielag og Kunstnartunet i Leveld.

Vi ynskjer velkomen til spennande ord og varme vafler, torsdag 3. oktober kl. 19-22, på Vika velferdsenter i Hol (1-200 m vest for banken, kommunehuset og Hol gamle kyrkje, på same side av fylkesveg 50 Hol-Aurland).