Det vart eit spennande, og til dels sjokkerande kunnskapsbyggande møte med professor Jørn Øyrehagen Sunde på Vika velferdssenter, eller Vika Akademiet, som enkelte spøkefullt har valt å kalle det, torsdag 3. oktober 2013. Visste du at tenestjentene, som var Norges største kvinneyrkesgruppe i Norge på slutten av 1800-talet, også var den gruppa med høgast andel drapsfolk? Øyrehagen Sunde fortalde kvifor og korleis endringane kom. Straff dugde nemleg ikkje for å få ned tala på drap i dølgsmål. Det var ikkje umoral som var årsaka til elendet, men fattigdomen. Knapt til å forstå for oss som lever midt i resultatet av innsatsen til dei som var før oss: Velferdssamfunnet! Gled deg til Olav Sletto-selskapet sitt Årshefte 2014, for der får du heile foredraget skriftleg.

Her kan du lesa ein kortfatta rapport frå foredraget: Rapport frå Vika Akademiet i Hol 3.10.13
Sjå også Biletminne frå Sunde-møtet 3 10 13

Illustrasjonsfoto. Foto: Privat
Ungane på bildet har ingenting med innhaldet i

artikkelen å gjera.