18 engasjerte medlemmer møttes til årsmøte i Olav Sletto-selskapet på Vika velferdssenter 15. juni 2013.  Årsmøtet godkjente rekneskapen og støtta styret sitt forslag om å auke årskontingenten til 200 kr. frå 1.1.2014.  Arild Mikkelsen gjekk ut av styret etter to periodar.  Grethe Larsgard Rudningen, Ål, vart vald inn i styret etter Arild. Ellers var det ingen endringar.  Arbeidet med PER-boka er inne i siste fase, og dei frammøtte fekk sjå teikningane til boka som Anne Mari Gretteberg Gjerstad har laga.  Ho hausta stor fagnad for arbeidet sitt. Boka kjem på Boksmia Forlag, og planlagt boklansering er 26. oktober, to dagar etter 50-årsdagen for Olav Sletto sin bortgang. Vi er også glade for å få vera med på Bokmessa på Ål i slutten av november.

Referat årsmøtet 15.6.13

Styreleiar Eva Almhjell takka Arild hjarteleg for hans solide faglege bidrag til Olav Sletto-selskapet, og han kvitterte med å gi eit foredrag om relasjonen mellom Tjøme-diktaren Alf Larsen og Olav Sletto som lyfta deltakarane eit hakk over kvardagen (sjå bildet over).  Han har også skrive  introduksjonen i selskapet sitt Årsheftet 2013 til Alf Larsen si bokmelding av Soga um Røgnaldfolket av Olav Sletto.

Medlemmer som ynskjer Årshefte 2013 tilsendt pr. post tek kontakt med Britt-Mari Sletto

bmsletto@yahoo.no eller 916 11 860

For ikkje-medlemmer er årsheftet å få kjøpt i Hol Sparebank og i bokhandelen på Ål for kr. 60 pr. stk..

Møtelyden sa seg nøgd med arbeidet som er gjort, og styreleiaren takkar både styret og alle gode krefter som bidreg i selskapet – år etter år – vederlagsfritt.

Årsheftet 2013 er publisert under Styret/Årshefter i venstremenyen på heimesida vår. Same staden, under styremøter, finn du referat med rekneskap frå styremøtet 15.6.13.
Foto: Eva Almhjell