Endeleg, etter eit par års arbeid med boka, kunne Olav Sletto-selskapet og Boksmia sleppe boka «Per Gjetar» på marknaden.  Det var laurdag 26. oktober 2013 boka vart lansert i bokhandelen på Ål. Mykje folk var tilstades, mange vilde ha bøkene sine signert. Alle syns Per (Tord Torsteinsrud) og Hølgi (Erlend Opheim Berg) frå Leveld var spennande gutar bli kjent med.  Per var heller stille av seg under lanseringa, mens Hølgi sprette seg og snurra trill rundt, som berre Hølgi kan.

Eva Almhjell fortalde om arbeidet med boka. Då ho las Per-bøkene for tre år sidan, sto bilda i kø og ba om å bli teikna.  Olav Sletto skriv i bilder, og språket er fullt av musikk.  Ho vona dei redigerte utdraga frå bok nr. 3 i Per-serien på fire bøker tek vare på dette, sjølv om språket er modernisert.  Ho sette stor pris på den støtta tidlegare leiar Arne Skogheim ga bokidéen frå fyrste stund.  I skriveprosessen har fyrst og fremst Kåre Olav Solhjell og Britt-Mari Sletto vore gode støtter, og seinare heile styret i Olav Sletto-selskapet. 10 testlesarar var i sving frå starten. Aud Søyland har vore språkkonsulent. Boka er rikt illustrert med teikningar av Anne Mari Gretteberg Gjerstad.  Boka gir eit reint inntrykk, i Olav Sletto si ånd, og skrifttypene har forleggaren, Olav Randen, vald med omsut:  Dei er av same slag som Olav Sletto sjølv brukte.  Ei mykje vakker bok, sa styreleiar Eva Almhjell, som nytta høvet til å takke alle som har støtta bokprosjektet økonomisk og på anna vis. Dette er årets julegavebok for alle hytter og hus i heile Hallingdal, alle andre fjelldalar og meir til!

Biletalbum:  PER GJETAR2 -lansering 26.10.13