No kjem kunstnarane til Leveld Kunstnartun, og dei kjem til eit fint tun. Meir arbeid står att, men «lærarbustaden», skålen og Bjørneboloftet står klar til å ta i mot kunstnarar av mange slag. – Opphalda varierer frå tre veker til tre månader, og me er svært fornøgd med å ha fått fylt opp kunstnartunet alt fyrste året, seier styreleiar Embrik Luksengard. Du får breid informasjon om bygda og tunet på den

flunkande nye nettsida http://www.kunstnartun.no/

Saman med Olav Sletto-selskapet og Hol historielag er Leveld Kunstnartun medarrangør til møtet med professor Jørn Øyrehagen Sunde på Vika velferdssenter i Hol, torsdag 3. oktober. Temaet er den rettshistoriske utviklinga for såkalla «uægte børn» eller lausungar dei kalla det, frå den gongen Olav Sletto kom til verda – på slutten av 1800-talet, og fram til vår tid. Vel møtt!

Foto: Leveld Kunstnartun