Valdrespoeten Jul Haganæs er død, 80 år gamal. Det kom heile 13 diktsamlingar frå hans penn, i tillegg til fleire biografiar, m.a. om Ola Viker og Sigurd Lybeck, og ei fin lita bok om Knut Hamsun si tid i Aurdal, ”Nu god Nat min Ven”.

Det

måtte ein valdris til for å få holingane til å stifta eit litteraturselskap om den store hallingdiktaren, Olav Sletto. På seminaret som Kaare Wensaas hadde stelt i stand i år 2000, var Jul Haganæs ein av innleiarane. Han stilte spørsmålet om ikkje tida snart var inne for å stifta eit Olav Sletto-selskap. Med bakgrunn i Jul Haganæs sitt initiativ, vart selskapet skipa våren 2001. Han var styremedlem frå skipinga og til årsmøtet 2004. Då vart han utnemnd til æresmedlem i Olav Sletto-selskapet med takk for arbeidet han hadde gjort for å fremja interessa for denne diktaren som han sjølv sette så høgt.

Me er glade for å ha fått læra å kjenna det gode mennesket og diktaren Jul Haganæs, og me er takksame for at hans tankar lever vidare i litteraturselskapet som han tok initiativet til.

Arne Skogheim

Foto: Eva Almhjell