Hol gamle kyrkje på måleriutstilling i MiA

Fellesfoto MiA 14.1.2018

62 av Mimmi Falsen (1861-1957) sine målerier er no å finne i ei flott utstilling ved Museet i Asker (MiA). Randi Horgen, som har hatt hovudansvaret for utstillinga, ynskte meir enn 80 folk velkommen, og var sers glad for alle – familie, vener, fagfolk, insitusjonar m.fl. – som hadde hjelpt til, slik at ho fann fram til så mange av målarstykka.  Målet med utstillinga, kalla «Et fenomen i sin tid», er å få pioneren Mimmi Falsen ut or gløymsla. Blant bilda finn vi også «Hol gamle kirke» som Falsen måla i 1908, utlånt av Bygdearkivet i Hol.  Eva Almhjell, leiar i Olav Sletto-selskapet, var tilstades under opninga av utstillinga 14. januar 2018. -Vi har lagt mykje arbeid ned i å finne Falsens «gule portrett» av Olav Sletto frå 1909, seier ho, men det var fånyttes. Her er likevel så mange gode bilder å glede seg over, og eg er spesielt begeistra for barneportretta ho har laga, mellom anna av Eva Sletto, Olav og  Karins eldste dotter. Mimmi Falsen såg barnet, sa Randi Horgen, og det er sant!  Dr. philos. Knut Ljøgodt opna utstillinga med eit interessant foredrag om Mimmi Falsen. Han fortalde at Falsen måtte bryte med familien for å bli målar,  og at ho og andre kvinner som måla, svært nedlatande, vart kalla malerøser. Ein kunne bli kvinnesakskvinne for mindre, noko Mimmi Falsen også var, og ho arbeidde hardt for å få kvinnelege kunstnarar organisert, m.a. for å betre deira kår.  Ho hadde si utdanning både frå m.a. Paris og Kristiania. Ein fyldig katalog ligg føre og utstillinga står fram til 15. april 2018.  Tilstades under opninga var også fleire av Olav og Karin sine etterkomarar. På framsidebildet ser vi f.v. Dina Muri, Allan Sletto, Eva Cecilie Sletto, Karin Bull, Eva Almhjell og Anders Bull. Bak ser vi Mimmi Falsens «Hol gamle kirke» frå 1908.  Foto: Privat.

Under: bilder frå utstillingsopninga på MiA 14.1.2018.

Eva Cecilie Sletto med 3 Falsen-måla portrett av mor si, Eva Sletto, bak. Foto: E.Almhjell

Eva Almhjell framma Mimmi Falsens "Hol gamle kirke" 1908. Foto: Privat

 

Full sal og høg stemning under opninga av utstillinga "Et fenomen i sin tid" - Mimmi Falsen i Museet i Asker 14.1.2018. Foto: Eva Almhjell

Dr.philos. Knut Ljøgodt og Randi Horgen, hovudansvarleg for Mimmi Falsen-utstillinga i Museet i Asker. Foto: E. Almhjell

Les meir

GODT NYTT ÅR

SOLSNU 2017

Olav Sletto-selskapet sitt styre ynskjer alle trufaste, gode medlemmer, og andre lesarar, eit godt nytt år.  Vi takkar for det gamle, og håpar de er nøgde med framdrifta i vårt store prosjekt «Digitalisering av Olav Sletto-arkivet» og med Olav Sletto-dagen 2017, våre store satsingar i gamleåret.  Takk til alle medlemmer som kvart år støttar oss med årspengar, og takk til  Ål kommune, Ål mållag, Buskerud mållag og Sparebanken SKUE,  som har gitt si økonomiske støtte til Olav Sletto-dagen 2017, og til Hol kommune for støtte til vårt arbeid med prosjekt «Digitalisering av Olav Sletto-arkivet» i  året som no ligg bak.

Det er laga tre prosjekt-rapportar i 2017. Dei finn du ved å klikke «Olav Sletto-materiale i Hol Bygdearkiv » i venstre margen.

Vel møtt i 2018!  Vi har mykje glede oss til og over også dette året. Hovudsatsinga blir ferdigstilling av digitaliseringsprosjektet.

Foto: Solsnu. Moutmarka/Tjøme, 21.12.2017. Foto: Eva Almhjell

Tvers over Oslofjorden, vest av Moutmarka,  ligg Sandefjord, der Karin Sletto (f. Bryde 1884) var født.  Det var i eit slikt kystlandskap  ho budde og vaks opp

Les meir

VINTERSOLSNU

Sol over isstig 2

Ville berre minne om at den mørkaste tida no ligg bak og at lyset tek over – meir og meir.  For visst – enno ein gong.

Les meir

GOD JUL

Mot Hol. Foto: E. Almhjell nov. 2017

Olav Sletto-selskapet sitt styre vil få ynskje alle sine trufaste medlemmer,  og andre lesarar, ei varm og god jul.

 

Les meir

12 000 kr. til arbeidet med Sletto-arkivet

Sletto---vinter.-Svart-kvit

Hol kommune har bevilga kr. 12 000 til  Olav Sletto-selskapet sitt arbeid med transkribering og digitalisering av Sletto-arkivet. – Summen dekker dei utlegga vi har hatt i 2017 til dette arbeidet, seier ei glad Eva Almhjell.  Ho er leiar i Olav Sletto-selskapet. Det er Hol kommune som eig Sletto-arkivet, og vi ser på bevilgninga som ei solid støtte til det store og omfattande arbeidet vi driv med.

Foto: Hans Petter Hive

Les meir

Ikkje nazist, ikkje facist, ikkje rasist!

F.v. Jan Inge Sørbø, Erling Sørli, Grethe Fatima Syéd og Jørn Øyrehagen Sunde.  Foto: Birger Bolstad.

Han var ikkje nazist, ikke facist, ikkje rasist! Han var pasifist og religiøs utopist!  Det slo stortalaren Jørn Øyrehagen Sunde ettertrykkeleg fast då han tala om stortalaren Olav Sletto under Olav Sletto-dagen 2017 i Ål kulturhus, laurdag 21. oktober. Professoren i rettshistorie – og talaren – ved Universitetet i Bergen hadde studert 28 av temaene Olav Sletto i si tid tala over, og som no er transkriberte og digitaliserte.  Øyrehagen Sunde er prisløna for si formidlingsevne. Han gjekk inn i rolla som talaren Olav Sletto, brukte hans metode, hans måte å byggje opp ei tale på, og hans måte å framføre bodskapen.  Sletto studerte talekunst då han var i København i 1908-09.  Aldri, sa Øyrehagen Sunde,  var Olav Sletto betre som talar enn då han tala om andre talarar, t.d. Lars Eskeland, Slettos lærar ved  Voss folkehøgskule! Mon tru om ikkje publikum opplevde å ha sjølvaste Olav Sletto i salen?  Han som i brev til kona Karin skriv om seg sjølv då han var på Geilo og tala i februar 1915 (der han førde mor si til setes på fyrste benken, de veit) at han aldri hadde kjent seg «so sterk og vakker som då».  Sletto var ein forkynnar, og talane var bygde opp som eit stykke norsk folkemusikk – for fele. Folk som har høyrt Olav Sletto tala seier han tala på normalisert nynorsk-  ispedd austlandsk bymål.   Publikum, nær 50 unike folk i Veslesalen, såg kanhende talarane for seg, og høyrde rytma og musikken i framføringa. Kjende dei også rommet opne seg for intellektuell og åndeleg vekst, nett slik Olav Sletto ville det skulle vera?  Vi høyrde ein meistertalar som ytte stortalaren han tala om full rettferd. Olav skreiv i brev heim frå ei taleferd i Trøndelagen hausten 1913: Folk var nøgde. Klappinga ville ingen ende ta! Det ville ho heller ikkje då Jørn Øyrehagen Sunde takka for seg.

Ph.D. Grethe Fatima Syéd og lektor før dette, Erling Sørli, er begge speisalistar på Olav Duun.  Dei tok den utfordringa Eva Almhjell ga dei sommaren 2016, nemleg å lese seg opp på Sletto og samanlikna framstillings av bygd og bygdefolk hjå dei to forfattarane med basis i Duuns «Juvikfolke» og Slettos Per-bøker og «Soga um Røgnaldfolket».  Det vart ei samtale som utvida vår innsikt og forståelse for både likskap og ulikskap hjå dei to Olavane.  Syéd og Sørli reflekterte m.a. over «bygdedyret», og fann hjå Sletto eit bitte lite dyr, nemmast ein snill skjødehund, mens bygdedyret hjå Duun flekka tenner og skambeit, ja, drepte!  Mens godheit er ein raud tråd i hovudverket til Sletto, er uhygga det hjå Duun. Kanskje er bygd og bygdefolk idyllisert i Slettos fjellbygd? I alle fall samanlikna med sjøtrøndarane i Namdalen! Olav Sletto trefte Olav Duun i januar 1914, då han var på taleferd i Vestfold. Sletto likte den stillfarande karen oppe på fjellet i Holmestrand, men fann karakterane hans for sjablonaktige…Den kritikken ramma faktisk Olav Sletto sjølv, også!  Sletto gjorde eit unntak for «Medmenneske».

I 2018 fyller Det Norske Samlaget 150 år. I jubileumsåret gjev dei ut storverket Nynorsk litteraturhistorie. Det er Jan Inge Sørbø, professor ved Høgskulen i Volda, som skriv det.  Olav Sletto har hatt ein altfor bljug plass i norsk litteraturhistorie -  så langt. Sørbø fortalde frå arbeidet sitt, og vi skjønar at vi no kan sjå fram til ei nynorsk litteraturhistorie som gir Olav Sletto den plassen han fortener.  Jan Inge Sørbø har, meinte han, i samspelet med Olav Sletto-selskapet, fått kjennskap til stoff han tidlegare ikkje kjende til, t.d. Johan Austbøs omtale av Olav Slettos bøker fram til 1922.  Boka Sørbø skriv er  ellers ei reise i den nynorske skjønnlitteraturen frå Ivar Aasen si tid og fram til i dag – og gjev eit heilt nytt perspektiv på norsk litteratur.  Boka kjem i mars 2018. Ein kan få bokverket til redusert pris ved å skrive seg på tabula gratulatoria her:  https://samlaget.no/pages/nynorsk-litteraturhistorie

Bildet: F.v. Jan Inge Sørbø, Erling Sørli, Grethe Fatima Syéd og Jørn Øyrehagen Sunde. Foto: Birger Bolstad.

Les meir

Olav Sletto-dagen 2017 – program

Mimi Falsens portrett av Olav Sletto, 1909.

Laurdag 21. oktober 2017, kl. 13-1715 finn Olav Sletto-dagen 2017 stad i Ål kulturhus. Det blir Olav Slettos liv og dikting – og Olav Duun – om bygd og bygdafolk, med nytt stoff, ny forsking og nye sider ved Hallingdals store forfattar.  Og det er prisløna formidlarar som kjem: Professor Jørn Øyrehagen Sunde, velkjent som glitrande forelesar frå Universitetet i Bergen, Ph.D. Grethe Fatima Syéd og Erling Sørli, spesialistar på Olav Duun – og med stor interesse for Olav Sletto, og professor Jan Inge Sørbø, som skriv bok om nynorsk litteraturhistorie, der Olav Sletto har sin plass.  Olav Sletto er for lite kjent, og vi prøver gjera noko med det!  Røynslene med Olav Sletto-dagen 2016 var så gode, at vi held fram med Olav Sletto-dagen dette året, og tek sikte på at den blir ein tradisjon, seier Eva Almhjell, leiar i Olav Sletto-selskapet,  som har  med seg Ål bibliotek som arrangør denne hausten.

OLAV SLETTO-DAGEN 2017 er støtta av Buskerud Mållag, Ål kommune, Hol Mållag, Ål Mållag og SKUE Sparebank.

Arrangørane ynskjer av hjarta velkommen.

Frist for påmelding: Onsdag 18. oktober 2017     til  hallingbillett.no

Program 2017 – OS-dagen

Prof. Jørn Øyrehagen Sunde, UiB.

 

Ph.D. Grethe Fatima Syéd

 

 

Les meir

Olav Sletto på Kjerringtorget 2017

Under same tak på Kjerringtorget 2017: Frå venstre Eva Almhjell, Grethe Larsgard Rudningen, Gunnveig Nerol og kunde. Foto: Privat

Olav Sletto-selskapet var med på Kjerringtorget i Nesbyen 26. og 27. august 2017, og markerte seg med bøker og hefter blant mange titals utstillarar frå alle kantar av landet.  Produktutvalet var breidt og mangfaldig, og kjerringane som selde likeso.  Sola flomma ned over Kjerringtorget begge dagane, og salet av Per Gjetar og boka om Anne Sletto gjekk over all forventning.  Tusenvis av besøkande i kjøpehumør ga eit travelt og humørfylt sorl over utstillingsområdet, og det vart mange spennande samtaler med kjente og ukjente folk. Olav Sletto-selskapet delte stand med Gunnveig Nerol, som selde måleri og vakker glaskunst.  Dette var fyrste gongen Olav Sletto-selskapet var med på Kjerringtorget. Det blir neppe siste!

Eva Almhjell, leiar i Olav Sletto-selskapet,
selde bøker på Kjerringtorget 2017.
Foto: Privat.

Les meir

Einar Tufte – minneord

Røsslyng. Foto: E. Almhjell 2017

Einar Tufte trefte eg fyrste gongen då eg arbeidde med boka om mor til Olav Sletto, Anne Jensdotter Sletto, som kom ut i 2015 (Boksmia forlag). Tufte viste meg «Villa Lunde», huset Anne fekk sett opp i 1913 på Geilo. Der budde ho til ho døydde i 1946. Straks etter flytta sonen Olav inn i mors hus. Han trivdes der.  Mor til Einar Tufte var litt saman med Anne Sletto, og  Einar Tufte kjende Olav Sletto både frå arbeidet i ungdomslaget og bokhandelen på Geilo.  Tufte delte kunnskap han hadde om både Olav Sletto og mor hans, som kom godt med i arbeidet med boka om Anne Sletto.  Han var sers oppteken av Olavs faderlege opphav, og i denne samanhengen viste han til eit notat hans eigen mor, Inga Tufte,  hadde skrive hausten 1966, nokre månader etter at «Ei bok om Olav Sletto» kom ut (Dale/Reinton, 1966). Det som låg Tufte mest på hjarta, var, slik eg opplevde han, mor Ingas ettermæle. Inga hevda at Olav Sletto hadde Bjørnson-blod i årene. Sonen la vekt på at mor hans var eit truverdig og ærleg menneske.  Som det blir slått fast i boka om Anne Sletto, kan ingen vita kven som er far til Olav Sletto.  Det vi veit er at Johannes Lundeby står skriven som far i kyrkjeboka i Hol.  Men er det sanninga?  Ved St.Hans-tider i år ba Einar Tufte leiaren i Olav Sletto-selskapet om å ta vare på det han hadde samla om Olav Sletto.  Dette materialet er no ein del av Olav Sletto-arkivet i Hol bygdearkiv.  Einar Tufte døydde 3. august 2017, nær 95 år gamal. I all historiegransking er motstemmer viktige.  Einar Tufte var ei motstemme som vi takkar for.

Eva Almhjell
Leiar
Olav Sletto-selskapet

Bilde: Røsslyng. Foto: E. Almhjell 2017

Les meir

Leveld bygdekvinnelag i Sletto

Leveld bygdekvinnelag-besøk i Sletto (Hol) 8. juni 2017. Foto: E. Almhjell

Dei kom til Sletto, Olav Slettos fødestad, torsdag 8. juni 2017 – i grått vêr, men med sol i hjarta, dei sju bygdekvinnene frå Leveld.  Her fekk dei ei innføring i den sers spennande brevvekslinga mellom Olav Sletto og den som kom til å bli kona hans, Karin Bryde frå Sandefjord.  Svært ulike av bakgrunn, men syskjen i ånden, kan ein vel kort oppsummere desse to.  Innføringa var ein gløtt inn i det omfattande arbeidet Olav Sletto-selskapet gjer med å digitalisere Olav Sletto-arkivet i Hol bygdearkiv.  Etter besøket i Sletto, gjekk turen til Hovet, der dei var Hovet bygdekvinnelag sine gjester.  Dei var imponert over alt den vesle bygda hadde å vise fram av kunst- og kultur-aktivietar!

Bilde:  Leveld bygdekvinnelag med f.v.: Bjørg Feten, Oliv Bakkeplass, Gunnhild L. Bjørnsvik, Astrid Oleivsgard,  Anne Gerd Gudbrandsgard, Sigrid Ella Kyrkjedelen og Borgny Feten. Foto: E.Almhjell.

 

Les meir