62 av Mimmi Falsen (1861-1957) sine målerier er no å finne i ei flott utstilling ved Museet i Asker (MiA). Randi Horgen, som har hatt hovudansvaret for utstillinga, ynskte meir enn 80 folk velkommen, og var sers glad for alle – familie, vener, fagfolk, insitusjonar m.fl. – som hadde hjelpt til, slik at ho fann fram til så mange av målarstykka.  Målet med utstillinga, kalla «Et fenomen i sin tid», er å få pioneren Mimmi Falsen ut or gløymsla. Blant bilda finn vi også «Hol gamle kirke» som Falsen måla i 1908, utlånt av Bygdearkivet i Hol.  Eva Almhjell, leiar i Olav Sletto-selskapet, var tilstades under opninga av utstillinga 14. januar 2018. -Vi har lagt mykje arbeid ned i å finne Falsens «gule portrett» av Olav Sletto frå 1909, seier ho, men det var fånyttes. Her er likevel så mange gode bilder å glede seg over, og eg er spesielt begeistra for barneportretta ho har laga, mellom anna av Eva Sletto, Olav og  Karins eldste dotter. Mimmi Falsen såg barnet, sa Randi Horgen, og det er sant!  Dr. philos. Knut Ljøgodt opna utstillinga med eit interessant foredrag om Mimmi Falsen. Han fortalde at Falsen måtte bryte med familien for å bli målar,  og at ho og andre kvinner som måla, svært nedlatande, vart kalla malerøser. Ein kunne bli kvinnesakskvinne for mindre, noko Mimmi Falsen også var, og ho arbeidde hardt for å få kvinnelege kunstnarar organisert, m.a. for å betre deira kår.  Ho hadde si utdanning både frå m.a. Paris og Kristiania. Ein fyldig katalog ligg føre og utstillinga står fram til 15. april 2018.  Tilstades under opninga var også fleire av Olav og Karin sine etterkomarar. På framsidebildet ser vi f.v. Dina Muri, Allan Sletto, Eva Cecilie Sletto, Karin Bull, Eva Almhjell og Anders Bull. Bak ser vi Mimmi Falsens «Hol gamle kirke» frå 1908.  Foto: Privat.

Under: bilder frå utstillingsopninga på MiA 14.1.2018.

Eva Cecilie Sletto med 3 Falsen-måla portrett av mor si, Eva Sletto, bak. Foto: E.Almhjell

Eva Almhjell framma Mimmi Falsens "Hol gamle kirke" 1908. Foto: Privat

 

Full sal og høg stemning under opninga av utstillinga "Et fenomen i sin tid" - Mimmi Falsen i Museet i Asker 14.1.2018. Foto: Eva Almhjell

Dr.philos. Knut Ljøgodt og Randi Horgen, hovudansvarleg for Mimmi Falsen-utstillinga i Museet i Asker. Foto: E. Almhjell