GOD JUL!

Soleglad 4++IMG_1402

Styret i Olav Sletto-selskapet takkar medlemmene i Olav Sletto-selskapet for god støtte gjennom året vi no er ved å leggje bak, og vil få ynskje kvar enkelt av dykk – og andre lesarar – gode dagar fram mot solsnu, og ei varm og nær julehøgtid.  Selskapet markerte at det var 130 år sidan Olav Sletto vart født ved å seta opp ei minnetavle for forfattaren i Sletto (Hol), der han vart født, og vi lanserte OLAV SLETTO-DAGEN 2016, der vi presenterte ny forsking om diktaren, ny-lesing og eigne leseopplevingar  av diktinga hans.  Medlemsbrev nr. 1 og 2/2016 gir fleire opplysingar om aktivitetar i 2016. Du finn breva ved å klikke Styret/medlemsbrev/ i venstremargen.

Soleglad. Foto: E. Almhjell

Uvêr på veg. Foto: E. Almhjell

Les meir

Bokmesse 2016 på Ål

L1110681

Olav Sletto-selskapet deltek på Bokmessa 2016 på Ål laurdag 19. november 2016.  Leiar Eva Almhjell fortel kort om si lesing av Olver-bøkene, Olav Slettos sjølvbiografi. Bøkene er ei blanding av fiksjon og fakta, med ein påstand om at Olver/Olav Sletto var tidtrøyte for urbane kvinnesakskvinner på studieferda si til Kristiania og København i 1908-1909. Var det fiksjon eller fakta, skal tru? spør Almhjell.  Bokmessa 2016 har eit spennande program med godbitar innan årets bokutgivelsar, både av lokale forfattarar og andre.  Programmet finn du i lenka under.

Ål Bibliotek – Bokmessa Folder 10-16 WEB

Framsidebildet: Ål-ordførar Solveig Vestenfor og Eva Almhjell, Olav Sletto-selskapet under Bokmessa 2015. Foto: Privat.

Les meir

Olvers kvinner på Vika

L1120149

Torsdag 13. oktober 2016 var Eva Almhjell på Vika velferdssenter i Hol og fortalde frå Olav Slettos «sjølvbiografiske» verk, dei fem bøkene om Olver, alias Olav Sletto. Dei 30 frammøtte fekk høyre henne drøfte spørsmålet: Var Olver berre tidtrøyte for urbane kvinnesakskvinner? Det er nemleg slik forfattaren sjølv let bladfyken Lønning oppsummere tida då han som nybakt forfattar var på studieferd til Kristiania og København i 1908-1909. Almhjell fann det lite truleg at denne forståelsen stemte.  Kvinnene han trefte i byane var alle rike og høyrde til den absolutte kultureliten.  Dei fann nok den sers vene fjellbonden frå Hol (Olav Sletto kalla seg sjølv så) eksotisk og spennande, og mange av dei hadde så store morskjensler, som Sletto kallar det.  Hjå desse kvinnene fekk han gratis kost og losji, fribillettar til konsertar, teater og andre kulturinstitusjonar.  Men fleire av dei som husa han var travle og samfunnsengasjerte (kvinnesaks)kvinner, radikale for si tid.  Eller i alle fall hjartegode.  Dei høver lite inn i Olavs kvinnedraumar, for han var ein tradisjonsbunden kar.  Kvinner høyrde til inna utgarden, heime, og skulle tene mann og barn – i den rekkefølgja!  Kanskje var relasjonen hans til desse rådrike urbane rikingane heller av det praktiske slaget?  Kanskje vart han ein selskapsmann dei rike kvinnene kunne smykke seg med, men det var heller ikkje dumt å få det meste kostnadsfritt, for den alltid pengelense bokdebutanten, kanskje?  Olav Sletto framstiller gjerne seg sjølv som offer.  Men – heller enn å vera eit offer, var det han som visste å nytte seg av føremunene det ga han å vera ein vakker ung mann frå fjellbygda i dei moderne byane, blant dei moderne kvinnene – og mennene? Møtet på Vika var ein forsmak på OLAV SLETTO-DAGEN 2016, laurdag 15. oktober 2016, ein dag som Sparebankstiftelsen Hallingdal har gitt si økonomiske støtte til.

Framsidebilde: Eva Almhjell på Vika 13.10.16. Foto: Osvald Medhus

Les meir

OLAV SLETTO-DAGEN 2016

helgehognestad

Vi skriv oktober, og tida for OLAV SLETTO-DAGEN nærmar seg.   Hensikten med dagen er å presentere ny forsking og ny-lesing av Olav Slettos bøker.  Nylanseringa går av stabelen på biblioteket på Dr. Holms hotell, laurdag 15. oktober, kl. 13 til kl. 17.

På programmet står foredrag av Helge Hognestad, uredd og ukonvensjonell prest, som ser på Olav Slettos dikting i lys av vår tids nye åndelegheit.  Då eg høyrde Hognestad tala om den nye åndelegheita i Tønsberg i februar, tenkte eg at desse to kunne ha mykje å samtale om, seier Eva Almhjell, og no kjem han for å dele dei tankane han har gjort seg under lesinga av Olav Sletto det siste halve året.  Mon tru om dei trivdes i lag?

Det er ei spesiell glede at vi blant foredragshaldarane har med ungdom!  Eva-Charlotte Mørk skreiv masteroppgava si om «Mytologisk prefigurasjon i Olav Slettos Loke-bøker».  Ho har lese Loke-bøkene som fantasy-litteratur!  Den er lett kjenneleg avdi handlinga er lagt til ei anna verd.  I Slettos fire bøker om Loke er vi i tre verder: Utgard, Åsgard og Midtgard.  Loke smett mellom alle tre, og er dels av åsaætt, dels av jotun- og dels av menneske-ætt.  Han lurer på kven han er og kvar han høyrer heime, er på leiting etter eigen identitet.  Men makta sug! Sletto brukar både norrøn og kristen mytologi i fortellinga om Loke. Komplisert? Ja, men litteraturvitaren på 26 år vil ta oss med på Lokes kronglete stigar til det Sletto kallar Allfader.  (Masteroppgava med samandrag av dei fire Lokebøkene finn du ved å klikke Katalog i venstre margen og bla deg fram til arkivboks nr. 1, mappe 1.2.).

Eva Almhjell, leiar i Olav Sletto-selskapet har lese Olver-bøkene, som er Olav Slettos kunstferdige sjølvbiografi, ei blanding av fiksjon og fakta, men mykje av det siste, seier Lars Reinton, hans gode venn og biograf.  Sletto er kjent for å vilja vera gåtefull.  Almhjell ynskte å bli nærare kjent med mannen Olav Sletto, og nærma seg ved å analysere møter Olver/Olav har med kvinner i sine unge år.  Korleis gjekk det – vart ho klokare på mannen Olav?

Arrangementet er gratis.  Du finn programmet nedanfor, og styret i Olav Sletto-selskapet ynskjer av hjarta velkommen til Olav Sletto-dagen 2016.

program Olav Sletto-dagen 15.10.16

Les meir

Karin Sletto-vevde puter

L1120093

Eva Cecilie Sletto har gitt fire fine puter til Sletto-rommet i biblioteket i Holet. Dei er vevde av Karin Bryde og Eva Sletto, hhv. mormor og mor til Eva Cecilie, og har funne sin plass i stolane ved arbeidsbordet.  Olav Sletto-selskapet takkar!

Foto: Eva Almhjell.

Les meir

Holsdagsmarknad med Olav Sletto-stand

L1120066

Olav Sletto-selskapet var med under Holsdagen 30. juli 2016 med stand og nytt banner.  Margarethe L’orange (t.h. på bildet) og Eva Almhjell selde bøker  (Per Gjetar og Anne Sletto – eit kvinneportrett) og samtala med mange folk frå inn og utland.  Det er alltid ei glede å treffe folk som let seg engasjere av Olav Slettos liv og dikting, og kanskje skal vi sjå mot det norske Amerika i framtida? Foto: Reidar Stenberg.

Les meir

Brydeslottet 2016

L1120083

Karin Sletto, Olav Slettos kone, var født og vaks opp i Sandefjord.  Ho høyrde til den absolutte overklasse i den vesle reiarbyen. Heimen var Katrineborg, eller Brydeslottet som det heiter på folkemunne.  Det var eit staseleg hus med ein stor og gild hage, samt tre fløyar for hestar og tenestfolk.  Eva Cecilie Sletto og Eva Almhjell frå Olav Sletto-selskapet var ein tur på gamle tufter ein regntung 12. august 2016, og kunne konstatere at den erverdige villaen var under modernisering.  Her skal det bli moderne boligar i gamalt skal.  På bildet ser vi Eva Cecilie Sletto under paraplyen med Brydeslottet bak.  Foto: Eva Almhjell.

Les meir

Knut V. Seim – minneord

L1080628

Mangeårig medlem i Olav Sletto-selskapet, Knut V. Seim (1924-2016) gjekk bort på Kristi Himmelfartsdagen, 5.  mai 2016. Han var ein aktiv mann heile sitt liv og ikkje minst som pensjonist.  Mange turar var planlagt utover våren og sommaren då han så brått døydde.  Knut var født i Hol og utdanna seg som pedagog.  Mange av oss hugsar han som lærer, med tydeleg og langsam tale.  Og vi hugsar han frå tida i Hovet, då han trefte Marie Holestøl, som han seinare vart gift med.  For oss ungane var det spennande med kjærleik som blømde i ei ellers stille bygd!  Knut var litterært interessert.  I heimen var det bøker på alle veggar.  Olav Sletto høyrde til dei forfattarane han var glad i.  Knut var med på alle årsmøter i Olav Sletto-selskapet, og i 2012 overrekte han ei storslått bokgave til selskapet: Norsk Ordbok i 12 bind.  Det siste bindet kom i mars 2016.  Bokgava står i Sletto-rommet i biblioteket i Holet, slik givaren ynskte.  Han skulle overrekt bind 12 i Sletto, under avdukinga av minnetavla for Olav Sletto.  I hans stad sto nevøen, Bjørn Seim, for overrekkinga.  Vi takkar og minnest Knut V. Seim med takksemd.

Framsidebildet er frå ein tur i Hol historielag 2015, der Knut V. Seim var ein sjølvsagt deltakar. Her er han som nr. 5 f.v. Foto: Eva Almhjell.

Eva Almhjell takkar Bjørn Seim for gava han overrekte Olav Sletto-selskapet på vegne av onkelen sin, Knut V. Seim, i Sletto under avdukinga av minnetavla for Olav Sletto, 19.6.2016.

Les meir

130 år sidan Olav Sletto vart født – avduking av minnetavle i Sletto

L1110961

Medlemmer i Olav Sletto-selskapet og andre er hjarteleg velkomen til Sletto, sundag 19. juni 2016 kl. 17-18. Især ynskjer vi velkomen elevar som har arbeidd med Olav Sletto-stoff i Den kulturelle skolesekken i Hol og Leveld.  Det blir avduka ei minnetavle på denne garden, der Olav Sletto vart født for 130 år sidan (1886).  Her sat han skreiv debutboka si ”Dei gamle”, som hausta stor fagnad (1908).  Sidan vart det 43 bøker til.  Dei best kjente er Per-bøkene og ”Soga um Røgnaldfolket”, med handlingar lagt til heimbygda, og med mange kjennelege trekk frå forfattaren sjølv i hovudkarakterane, småguten Per og presten Silju. Etter mange år utanfor bygda, kom Olav og Karin Sletto heim i 1946, det året mor til Sletto, Anne, døydde.  Dei flytta inn i huset i Timbrehaugen og budde der heilt til dei kom på gamleheimen på Geilo mot slutten av 1950-talet.  Der døydde Olav Sletto i 1961, ho eit par år etter.

Ordførar Petter Rukke vil halde dagens tale.  Det har i alle år vore eit nært og godt uformelt samarbeid mellom Hol  kommune, som eig Olav Sletto-arkivet, og Olav Sletto-selskapet, men det har også lenge vore eit sams ynskje å formalisere samarbeidet.  Og no er ei avtale endeleg underteikna.  Tidlegare leiar i Olav Sletto-selskapet, Arne Skogheim, og Sletto-eigar Barbro Aasen, vil foreta avdukinga av minnetavla over Olav Sletto. Styremedlem Margarethe L’orange har stått for utforminga av tavla, Hallingdal Trykk for trykkinga og styremedlem Odd Olveisgard for monteringa av tavla i Sletto, slik Barbro Aasen har bestemt.

Knut V. Seim ga i 2012 Norsk Leksikon i gave til Olav Sletto-selskapet.  Det siste bindet kom i mars 2016 og Knut skulle overrekt dette i Sletto 19. juni 2016.  Diverre fall han burt før 130-års-markeringa.  Bjørn Seim vil difor overrekkje siste bindet på vegne av onkelen sin. Leiar i Olav Sletto-selskapet, Eva Almhjell er programleiar, og vil også lesa ei  helsing som Olav Sletto skreiv til Tor og Birgit Sletto etter eit besøk på garden i 1952.  Det skulle vise seg å bli det siste besøket forfattaren gjorde i Sletto.

Og etterpå blir det  god tid til svall og kaffe/brus med noko attåt.

Foto: Sletto, med Hallingskarvet, som betydde så mykje for Olav Sletto, mot vest, mai 2016. Foto: Eva Almhjell.

 

 

Les meir

Mastergrad om Olav Slettos LOKE

Eva-Charlotte Mørk: Mytologisk prefigurasjon i Olav Slettos bøker om Loke, NTNU, V-2016

Eva-Charlotte Mørk har levert si masteroppgave i nordisk litteratur ved NTNU i Trondheim.  Ho tek mastergraden på Olav Slettos fire bøker om LOKE (Loke 1915, Millom eldar 1917, Skyming 1918 og Domen 1916).  Bøkene handlar om Loke, ei blanding av jotne, gud og menneskje, sitt jag mot det guddommelege i seg – ein prosess der Loke tek alle maktas virkemiddel i bruk.  Sletto har brukt mange kjelder, m.a. psykoanalyse, og norrøn og bibelsk mytologi.  I avhandlinga diskuterer ho mytologiens rolle som prefigurasjon i Loke-serien.  Begrepet prefigurasjon er utvikla av litteraturteoretikaren John J. White.  Det handlar om å forstå den aktuelle teksten med bakgrunn i det stoffet lesaren alt kjenner frå dei tidlegare forelegga, som t.d. Edda og Bibelen.  Eva-Charlotte Mørk meiner ho har hatt stor nytte av å jobbe med Loke-bøkene for sitt framtidige yrke som norsklektor, men ho tenkjer at bøkene er for vanskelege som undervisningsunderlag  for elevar,  både på ungdomstrinnet og i den vidaregående skulen.  Ikkje berre er innhald og form komplisert. Olav Slettos språk er  også svært krevande.  Avhandlinga kallar ho «Mytologisk prefigurasjon i Olav Slettos bøker om Loke».  Den er publisert under «Katalog»  i venstremenyen, boks 1, mappe 1.2.,  og ligg i lenka nedanfor.  Eva-Charlotte Mørk er, så vidt vi veit, den fyrste som skriv ei avhandling om Loke-serien.

EVA-C. MØRKS MASTEROPPGAVE mai 2016 – A4

Les meir