Torsdag 13. oktober 2016 var Eva Almhjell på Vika velferdssenter i Hol og fortalde frå Olav Slettos «sjølvbiografiske» verk, dei fem bøkene om Olver, alias Olav Sletto. Dei 30 frammøtte fekk høyre henne drøfte spørsmålet: Var Olver berre tidtrøyte for urbane kvinnesakskvinner? Det er nemleg slik forfattaren sjølv let bladfyken Lønning oppsummere tida då han som nybakt forfattar var på studieferd til Kristiania og København i 1908-1909. Almhjell fann det lite truleg at denne forståelsen stemte.  Kvinnene han trefte i byane var alle rike og høyrde til den absolutte kultureliten.  Dei fann nok den sers vene fjellbonden frå Hol (Olav Sletto kalla seg sjølv så) eksotisk og spennande, og mange av dei hadde så store morskjensler, som Sletto kallar det.  Hjå desse kvinnene fekk han gratis kost og losji, fribillettar til konsertar, teater og andre kulturinstitusjonar.  Men fleire av dei som husa han var travle og samfunnsengasjerte (kvinnesaks)kvinner, radikale for si tid.  Eller i alle fall hjartegode.  Dei høver lite inn i Olavs kvinnedraumar, for han var ein tradisjonsbunden kar.  Kvinner høyrde til inna utgarden, heime, og skulle tene mann og barn – i den rekkefølgja!  Kanskje var relasjonen hans til desse rådrike urbane rikingane heller av det praktiske slaget?  Kanskje vart han ein selskapsmann dei rike kvinnene kunne smykke seg med, men det var heller ikkje dumt å få det meste kostnadsfritt, for den alltid pengelense bokdebutanten, kanskje?  Olav Sletto framstiller gjerne seg sjølv som offer.  Men – heller enn å vera eit offer, var det han som visste å nytte seg av føremunene det ga han å vera ein vakker ung mann frå fjellbygda i dei moderne byane, blant dei moderne kvinnene – og mennene? Møtet på Vika var ein forsmak på OLAV SLETTO-DAGEN 2016, laurdag 15. oktober 2016, ein dag som Sparebankstiftelsen Hallingdal har gitt si økonomiske støtte til.

Framsidebilde: Eva Almhjell på Vika 13.10.16. Foto: Osvald Medhus