Mangeårig medlem i Olav Sletto-selskapet, Knut V. Seim (1924-2016) gjekk bort på Kristi Himmelfartsdagen, 5.  mai 2016. Han var ein aktiv mann heile sitt liv og ikkje minst som pensjonist.  Mange turar var planlagt utover våren og sommaren då han så brått døydde.  Knut var født i Hol og utdanna seg som pedagog.  Mange av oss hugsar han som lærer, med tydeleg og langsam tale.  Og vi hugsar han frå tida i Hovet, då han trefte Marie Holestøl, som han seinare vart gift med.  For oss ungane var det spennande med kjærleik som blømde i ei ellers stille bygd!  Knut var litterært interessert.  I heimen var det bøker på alle veggar.  Olav Sletto høyrde til dei forfattarane han var glad i.  Knut var med på alle årsmøter i Olav Sletto-selskapet, og i 2012 overrekte han ei storslått bokgave til selskapet: Norsk Ordbok i 12 bind.  Det siste bindet kom i mars 2016.  Bokgava står i Sletto-rommet i biblioteket i Holet, slik givaren ynskte.  Han skulle overrekt bind 12 i Sletto, under avdukinga av minnetavla for Olav Sletto.  I hans stad sto nevøen, Bjørn Seim, for overrekkinga.  Vi takkar og minnest Knut V. Seim med takksemd.

Framsidebildet er frå ein tur i Hol historielag 2015, der Knut V. Seim var ein sjølvsagt deltakar. Her er han som nr. 5 f.v. Foto: Eva Almhjell.

Eva Almhjell takkar Bjørn Seim for gava han overrekte Olav Sletto-selskapet på vegne av onkelen sin, Knut V. Seim, i Sletto under avdukinga av minnetavla for Olav Sletto, 19.6.2016.