Tidlegare bibliotekssjef i Hol, Terje Vindegg (1946-2018), er gått bort.  Han var medlem i Olav Sletto-selskapet frå starten i  2001.  Då Olav Sletto døydde i 1963, vart samlinga hans pakka ned og sto lagra på Geilo bibliotek og fleire andre stader i mange år.  Men på 1980-talet vart tanken lufta om å flytte den til biblioteket i Holet skule.  I denne prosessen, skriv Kåre Olav Solhjell i Årbok 2002,  var Terje Vindegg  ein pådrivar, saman med Kaare Wensaas.  På hemsen i Holet bibliotek vart det laga eit rom, Sletto-rommet kalla, som husa Slettos bibliotek, fela og andre eigelutar knytt til diktaren sitt liv og dikting.  Dei mange breva og andre dokument vart etterkvart katalogisert av Solhjell,. Dei har sin plass i Hol bygdearkiv. Eg hadde av og til lange telefonsamtaler med Terje Vindegg.  Han var ei kjelde til nyttig kunnskap.  Han merka seg det Olav Sletto-selskapet dreiv med og støtta oss i arbeidet.  Olav Sletto-selskapet er takksam for Terje Vindegg sitt arbeid for å få ordna arkivet og realisert planane om eit eige rom for den store samlinga etter Olav Sletto.

Eva Almhjell
Leiar
Olav Sletto-selskapet

Framsidefoto: Hallingskarvet sett frå sør. Foto: Eva Almhjell.