Styret i Vollen historielag ynskjer å gjera stas på forfattaren Olav Sletto og hans familie.  Det er dagens Vesleheimen-eigar, Trine Bendixen, som opnar Olav og Karins fyrste heim for publikum, og som saman med styret planlegg dagen. Den er sett til sundag 16. september 2018 kl. 13-17.  Fyrste planmøte var tysdag 8. mai. Det blir fest, lovar dei!

I åra 1912-1917/18 var Vollen heimstaden til Karin og Olav Sletto, og dei tre barna som kom til der, Eva, Randi og Bjørn. Karins familie, reiarbror Gottfred Maurits frå Sandefjord,  eigde mykje jord i Vollen med eit feriehus  dei kalla Skjæret.  Av denne eigedomen vart det skilt ut ei ca. 5 mål stor tomt til Karin og Olav. Dei venta sitt fyrste barn etter kveitebrødsdagar i København, men levde kvar for seg, type særbu 1912. Olav hadde korkje sosial eller økonomisk kapital til husbygging, men Karin si mor og nok ein reiarbror, Johan, sørga for finansiering, så dei fekk sett seg opp sin fyrste sams bustad.  Vesleheimen, som dei kalla han, skulle «lyse utetter og verme innetter». Han skulle gi næring for djup kjærleik og evig truskap innetter, og vera open utetter for sjeler som var i åndeleg trengsel. Saman skulle dei to søkje «det fuldkomne». Dei hadde store draumar, Olav og Karin Sletto. Om dette og mykje anna er Eva Almhjell, leiar i Olav Sletto-selskapet, invitert til å fortelja. Heile programmet kjem til hausten.

Arrangementet er open for alle, bygdefolk frå Volden og stroka deromkring, for folk frå fjellbygdene i Hallingdal, Slettos fødedal, og sjølvsagt Slettos etterkomarar.

Forsidebilde: Styret i Vollen historielag, f.h. Morten Gisle Johnsen, leiar Harald Bøckman og Tor Finstad. T.v. Trine Bendixen, noverande eigar av Vesleheimen. Foto: E. Almhjell.

Vesleheimen måla i 1919 av 10-åringen Rolf Halvorsen, sonen i ein familie som ferierte saman med familien sin i Vesleheimen etter at fam. Pedersen tok over då Slettos flytta til Fiskum. Legg merke til bogane framma verandaen og vindaugo på endeveggen. Olav var sers nøgd med Karin sine husteikningar. Foto: E. Almhjell