Sjå kva leiar i Olav Sletto-selskapet skriv på vegne av Olav Sletto sine etterkomarar og Olav Sletto-selskapet etter at leiar i Den norske Forfatterforening (DnF), Hilde Marie Kriznik, orsaka den urettvise handsaminga æresretten ga dei 17 «dømde» i 1945. Almhjell er redd dei fleste av dei 17 blir borte i gløymsla att med media sitt fokus på berre tre av dei 17: Far og son Bjerke og Alf Larsen. For orsakinga betyr ein forskjell for Slettos etterkomarar. Endeleg er æra gjenoppretta for bestefar og oldefar Olav Sletto. No kan dei puste fritt.
Her er heile kronikken som Eva Almhjell har skrive om saka i etterkant av orsakinga frå Hilde Marie Kriznik.

Olav Sletto og æresretten
15. november 2018 fekk forfattaren Olav Sletto ei orsaking frå leiaren i Den norske Forfatterforening, Heidi Marie Kriznik, for urettvis og vilkårleg handsaming etter andre verdskrigen. Sletto var ein av dei 17 som orsakinga galdt.  Der og då var stemninga prega av glede frå etterkomarane som var tilstades. Og takksemd for ei orsaking som kom seint, men var heilt på sin plass. Den har gjort ein forskjell for mange av etterkomarane, noko det vart det gitt tydeleg uttrykk for frå m.a. Olav Sletto sine etterkomarar.

Orsakinga var av prinsipiell art. Ho retta seg mot det illegitime ved sjølve æresretten: habilitet, «lover» gitt der og då – med attendevirkande kraft, ingen motsvarsrett etc. Og ofte på sviktande faktagrunnlag. Konsekvensane var tunge å bera for dei som vart ramma av æresretten sin utanomrettslege dom, noko forteljinga om Olav Sletto kan vera eit døme på.

I ordskiftet etterpå har eg merka meg dette:  1. Korta har vorte blanda på ein måte som trugar med å gjera orsakinga til det den ikkje skulle vera: ein dom over forfattaren og diktinga hans (det var ingen kvinner blant dei æresrettdømde). Og 2. merksemda hopar seg opp omkring tre av dei 17 dømde:  far og son Bjerke, og Alf Larsen. Det er taust kring dei 14 andre. Som t.d. Olav Sletto (1886-1963) frå Hol i Hallingdal. Det kjem eg attende til nedanfor.

Ein merkedag for Olav Slettos ettermæle, og hans etterkomarar
15. november 2018 vart ein merkedag for Olav Slettos ettermæle, og for hans etterkomarar – i andre og tredje ledd. Fyrste ledd er longe vorten til mold. Under seremonien på Grand Hotel, var to barnebarn, eitt oldebarn, og andre berørte i familien tilstades.  Dei var takksame og glade for orsakinga. Oldebarnet, Tiimo Schulze, takka for orsakinga på vegne av etterkomarane. Eva Almhjell, leiar i Olav Sletto-selskapet, takka på vegne av selskapet.

Den norske Forfatterforening og æresretten etter 1945
Dag Solhjell og Hans Fr. Dahl ga i 2013 ut boka «Men viktigst er æren. Oppgjøret blant kunstnere etter 1945» (Pax). I panelet etter orsakinga, sat Dag Solhjell saman med Jan Erik Vold, Cato Schiøtz og Peter Normann Waage.  Frå dette panelet vart det sagt at Norge tok eit oppgjer med dei som hadde svikta landet under krigen. Syndarane kunne dømmast og fordømmest av så vel rettsvesen og sivile organisasjonar som av folk flest. Kunstnarorganisasjonane straffa dei som vart funne skuldig i å ha tedd seg unasjonalt, og som dermed hadde vist seg som uverdige medlemmer. Straffa fekk i mange tilfelle karakter av yrkesforbod eller innskrenking av yrkesfridomen. Oppgjeret vart vilkårleg og uføreseieleg fordi både regelverk og faktiske forhold ofte var uklare.  Også Den norske Forfatterforening etablerte sin æresrett i 1945.

Olav Sletto – pasifist, ikkjevaldsmann og religiøs utopist
Professor Jørn Øyrehagen Sunde har i fleire år understreka at eit menneske som tenkjer som Olav Sletto aldri kunne vera del av ei autoritær rørsle, t.d. nazismen. Sletto er religiøs utopist og nærast for anarkist å rekne i denne samanheng. Han var pasifist og ikkjevaldsmann. Dette er konklusjonen etter at Øyrehagen Sunde har forska både på talaren og essayisten Olav Sletto.

Olav Sletto måtte likevel leva med at det vart stilt spørjeteikn ved hans nasjonale haldning under krigen. Kvifor det?

Ein far sin omsut for sine barn
Forutan grunnverdiane han alt lenge før krigen hadde utvikla og som han sto inne for, kom at tre av Olav Sletto sine fire barn var aktive i motstandsrørsla.  Bjørn (f. 1915) var offiser i marinen og med i krigen frå fyrste stund, skriv Lars Reinton i «Ei bok om Olav Sletto» frå 1966.  Han sat m.a. sju månader i Ulven konsentrasjonslæger ved Bergen. Der vart han torturert og fekk varige mén av det. Han døydde i 1962. Randi (f. 1912) var sjukesyster på Ullevål og hjelpte norske patriotar å rømme derifrå, med stor fare for sitt eige liv.  Irene (f. 1919) rømte til Sverige og arbeidde under krigen i den norske legasjonen i Stockholm. Sletto skriv etter krigen at «han kjende seg som gissel for dessa borna sine».

Quo vadis, Tyskland?  Klarsynt forfattar frå Hol
I 1914 ga Olav Sletto ut boka «Um Tyskland», der han uroa seg for at industrialisering og militarisering i Tyskland undergrev landet som kulturnasjon. Sletto såg med forvitneleg klarsyn det helvete som var i emning under fyrste verdskrigen. Med millionar unge menn drepne i skyttargravene. Uroa kom enda tydlegare fram i Loke-kvartetten, hans kanskje største litterære verk, der han skildra noko som likna på det ragnarokket som utvikla seg under andre verdskrigen.

Då krigen kom til Norge, var Olav Sletto styrar ved Romerike Ungdomsskole på Sørumsand. Familien budde i styrarboligen ved skula. Der vart han forhøyrt om sonen Bjørn, og derfrå vart han kasta ut av tyskarane, som knuste talarstolen hans og vanæra «ein humanistisk heim», som Sletto sjølv formulerte det.  Fordriven frå eigen heim, budde familien på garden Bingen i Trøgstad fram til hausten 1946. Her dulde mange seg av dei Randi hjelpte rømme frå Ullevål på si flukt til Sverige. Etter krigen overtok Sletto mors hus på Geilo og flytta dit. Mor hans, Anne (f. Sletto) Olsen, døydde sommaren 1946.

Gode menn, m.a. Lars Reinton, søkte om diktargasje for Sletto i 1939, utan at forfattaren var informert om det.  Dei trekte ikkje søknaden attende, sjølv etter at det vart klart at det var nazimyndigheitene som fekk avgjerda.  Derimot held dei i mot Olav Sletto etter krigen at han ikkje sa i frå seg diktargasjen.  Reinton meiner dette var Slettos største mistak under krigen. Men, må ein i ettertid kunne spørja, kvifor trekte ikkje forslagsstillarane sjølve søknaden når dei såg kva veg det bar?

Domen over Olav Sletto
For si «holdning» under krigen vart Olav Sletto, då freden kom, av æresretten til Den norske Forfatterforening dømt til ikkje å gi ut nokon bok før etter eitt år (1946), og å betala attende kr. 5000 som han hadde fått i diktargasje av dei ulovlege styresmaktene. Sletto var i mesteparten av sitt diktarliv i konstant pengenaud. No var han dertil svært sjuk. Han slapp derfor, etter søknad, å betala attende gasjen, og frå april 1948 var medlemskapen hans i forfattarforeninga i orden att. Men denne straffa var ei krenking av den frie kunstnaren, og eit tap av ære for forfattaren Olav Sletto.

Olav Sletto meinte all sin dag at han vart hardare straffa enn diktarkollegaer det var rimeleg samanlikne seg med – utan at det her skal nemnast namn.

Det ville utan tvil vore Sletto heilt rett, det Den norske Forfatterforening no har gjort, nemleg å be om orsaking for den urettvise handsaming han og 16 andre forfattarar fekk i æresretten etter krigen. Truleg ville han ha helsa oppreisinga som ligg i dette for rettvis, og framhelde at dette var ein verdig måte å markere Den norske Forfatterforeningen sitt 125-års jubileum på.

Eva Almhjell
Leiar
Olav Sletto-selskapet
for selskapet og på vegne av Olav Sletto sine etterkomarar

Tønsberg, 21.11.2018

Framheva bilde: Olav Sletto. Årstal og fotograf ukjent.

Bilete frå pressekonferansen 16.11.2018

Leiar i Den norske forfatterforening, Heidi Marie Kriznik, ber om orsaking. Ho er prega av alvoret i stunda. Foto: E. Almhjell.

 

I panelet sat f.v. Jan Erik Vold, Dag Solhjell, Cato Schiøtz, Peter Normann Waage. Torvald Steen var ordstyrar. Foto: E. Almhjell.

 

 

 

Takksame. F.v. Eva Almhjell, Tiimo Schulze, Karin Bull, Dina Muri, Anders Bull. Midt blant oss Torvald Steen, tidlegare leiar i Dnf og panelstyrar 16.11.2018. Foto: Astrid Nordang, Dnf.

Full sal på Grand Hotel 16.11.2018. I denne salen vart Den norske forfatterforening stifta for 125 år sidan. Foto: E. Almhjell.