Signert protokoll frå årsmøtet i Olav Sletto-selskapet 26.4.2019 er publisert under «Styret»/Årsmøter i venstre margen. Og med dette takkar eg av som leiar gjennom sju år. Ein skal, slik eg ser det, ikkje sita for lenge i slike posisjonar. Andre må få sleppe til, og gjerne med andre ståstader enn min. Under mi leiing er det kvinnene i Olav Slettos liv og dikting som er synleggjort: Mor og hustru. Det finst andre innfallsvinklar, t.d. å lesa Loke-kvartetten som fantasy-litteratur. Og kva med Slettos religiøse ståstad?  Sto han også innan dette feltet i motkulturen? Med brodd mot teologien som statskyrja preika?

I 2012 vart eg vald som leiar i Olav Sletto-selskapet. Utan å ane stort om denne unike forfattaren frå Hol. Åra som har gått har gitt rikeleg høve til å bli kjent med både livet og diktinga til Olav Sletto.  Og Karin Bryde, hans lojale hustru gjennom utrulege 52 år. Glimt frå dette livet fins under «Taleferdartiklar» i venstre margen og i Årshefte for Olav Sletto-selskapet 2012-2019. Dei er skrivne av Eva Almhjell. Andre i styret har også skrive om Slettos liv som forfattar, t.d. i Dølaminne 2018 (Margarethe L’orange).

Olav Sletto sto i ein tung norsk tradisjon, som sosiologen Stein Rokkan kallar motkulturen, runne av periferien sin motstand mot sentrum i norsk politikk og kulturliv. Sletto var, slik Lars Reinton ser han, m.a. venstremann, målmann og avhaldsmann. Han var mot det moderne, mot bylivet med all si sædløyse, mot industrialiseringa, mot massane og klassekampen. Han var ein lærd mann utan akademisk bakgrunn, og han hadde eit sterkt engasjement for og tru på folkehøgskulen som «motgift» til det moderne.  Slik sto han trygt i motkulturen, som ein kan avlesa det i Rokkans sentrum-periferi-modell (henta frå Arild Stubhaugs biografi «Stein Rokkan. Fra periferi til sentrum», 2019, bildesekvensen mellom s. 416-417):

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Olav Sletto-selskapets styre 2019. F.v. Margarethe L'orange, Inger Grostølen, Grethe Larsgard Rudningen, Ola Ruud (kasserar - ikkje med i styret) og Eva Almhjell. Eva-Charlotte Mørk var ikkje til stades då bildet vart tatt. Foto: Ingrid Wollebæk.

Sju år med ein makalaus stilkunstnar som skreiv med godheit for sine karakterar, for bygda og bygdefolket. Ikkje mykje duunsk eller jonssonsk bygdedyr å spore.  Men djup einsemd – som ingen ana. Det er ikkje alt ein deler med bygda. Utan Karin ville kanhende einsemda ha stige til same nivå som hjå Tor Jonsson? Olav meinte i alle fall det sjølv.

God støtte frå styrer og årsmøter i Olav Sletto-selskapet, og trufaste medlemmer, har gjort desse sju åra til ei reise det var verdt gjera.

Og så treffest me att på Olav Sletto-dagen 2019 på Leveld Kunstnartun, laurdag 12. oktober 2019! Då blir det fest!

Velkomne!

 

 

 

Framsidebilde: Årsmøte i Olav Sletto-selskapet 2019. F.v. Oddvar Reinton, Jon Johnsen, Turid-Birgit Lien, Gunnveig Nerol, Dag Wollebæk, Margarethe L’orange, Sverre Sataøen, Inger Grostølen Grethe Larsgard Rudningen, Ola Ruud og Eva Almhjell. Foto: Ingrid Wollebæk.