Styret i Olav Sletto-selskapet ynskjer medlemmer og andre vel møtt til nytt år med vidare gransking av Olav Sletto sitt liv og dikting.  Frå leiarskiftet i Olav Sletto-selskapet våren 2012, har leiaren, Eva Almhjell, sett søkelyset på kvinnene i det forfattaren skriv og lever.  Mor hans, Anne Sletto, har fått si eiga bok. I artiklar publisert i m.a. årbøker og på denne nettsida, har kona hans, Karin, kome fram i lyset.  Og saman med dei, Olav Sletto sjølv.  Meir av dette blir det i 2019.

Året starta soleis friskt med nytt om halvsyster til Olav Sletto, Jenny Bertine Uren, jenta Anne Sletto sette til verda i 1891, men som vi ellers har hatt lite informasjon om.  No har slektsgranskaren, Anne-Grethe Syvertsen, som var med i arbeidet med boka om Anne Sletto, funne nytt om Jenny i folketellinga frå 1891.  Av den går det fram at Anne budde i Akershus, nærare bestemt på garden Stenberg i Aurskog,  omkring den tida jenta («uægte datter») kom til verda, 20. januar 1891. Ho vart døypt 22. februar same året. Av Ministeralbok nr.  I 8, 1878-1937, s. 97 står det m.a. at Anne «oppgav som Barnefader sin Forlovede Anders Johannesen Elverhøi». Han var tenestgut. Begge tente i Vestre Aker. Under «Anmerkninger» heiter det: «Angivet af Moderen, der oplyste, at hun i Anledning af sin Nedkomst reiste til Gaarden Tønsberg i Urskog, som hun igjen forlader efter Barnets daab». Kor ferda gjekk for Anne Jensdotter Sletto frå Aurskog, veit vi ikkje. Kanskje tok ho den nyfødte med til foreldra sine i Hol, der guten hennar, Olav, alt var?   I alle fall var begge ungane til Anne i Sletto ved Folketellinga 1900. Om Anne veit vi at ho var i Vestfold i 1894, at ho i 1900 gifta seg i Våle kirke, og at ho i 1910 var ho komen heim til Hol og døydde der i 1946 (Almhjell/Øyrehagen Sunde 2015).

Av Folketellinga 1900 går det fram at begge ungane til Anne, Olav og Jenny, var fosterbarn i Sletto. Då Jenny Bertine gifta seg med Olav Sveinson Uren i 1913, oppga ho Holmestrand som fødestad. Holmestrand er ein stad i Aurskog-Høland, og ikkje byen Holmestrand i Vestfold.  Denne namnelikskapen kan ha ført til mistydingar om Jenny sin fødestad i andre kjelder, som t.d. Lars Reinton i Ei bok om Olav Sletto, Samlaget 1966.  Jenny sto også skriven som tenestjente hjå Jens og Birgit Sletto i Stølslettene. Olav hadde gifta seg i 1911 og budde i Asker.

Framsidefoto: Jenny Bertine Andersdatter Sletto. Foto: Hol bygdearkiv.