Dette blir litt av ein dag: Med professorar, bønder, fele og gitar, rock og lyrikk kring tema fjellbonden som nasjonsbyggjar, bufast i periferien – og jord og kjærleik.

Olav Sletto-dagen 2019 er lagt til Leveld kunstnartun, og dagen er laurdag 12. oktober kl. 13-17.

Temaet i år er altså fjellbonden som nasjonsbyggjar – i Olav Sletto si tid og vår. Til grunn ligg fjellbonden og hans/hennar rolle i Olav Sletto si heimstaddikting: «Dei gamle», Per-kvartetten og «Soga um Røgnaldfolket», samanhelde med dagens fjellbonderolle.  Det er professor Arne Bugge-Amundsen, Universitetet i Oslo, og Olav Randen, sosiolog, fjellbonde og forfattar mm. som vil ta oss med på denne ferda.  Vi kjenner dei som kunnskapsrike og spennande foredragshaldarar.

Jord og kjærleik er viktige storleikar i Olav Sletto sitt liv og samliv.  Og vi byr ikkje berre på ord, men også tonar.  Ord- og tonekunstnarar frå Ål stiller opp i kø: Stein Torleif Bjella tek med gitaren sin og songar frå Jordsjukantologi I. Tove Bøygard har med både gitaren sin og Hege Rimehaug på fele, og urframfører tekster om kjærleik av Eva Almhjell, f.d. leiar i Olav Sletto-selskapet. No debuterer ho – denne gongen som poet.

Eva Almhjell snakkar dessutan om Olav Slettos ulike bustader og diktinga hans. Inspirert av Stein Rokkan, kallar ho foredraget «Frå periferi til periferi. Heime hjå Olav Sletto».

Denne gongen er heile Hallingdal med på arrangørsida: Leveld kunstnartun, Ål Bonde- og småbrukarlag, Utvalde kulturlandskap i jordbruket – Leveld og alle biblioteka i Hallingdal – forutan Olav Sletto-selskapet.

Desse støttar Olav Sletto-dagen 2019 økonomisk: Ål kommune, Hol og Ål mållag, Sparebanken SKUE.

Påmelding innan onsdag 9. oktober til eva.almhjell@gmail.com / 970 98 723

Billettar – kr. 250 for ikkje-medlemmer av Olav Sletto-selskapet og kr. 200 for medlemmer
(inkl. mat) – er å få kjøpt ved inngangen til kjellaren i kunstnartun-låven. Minner om å ta med kontantar.

Program OSD 12.9.19

Programmet finn du også i venstre margen: Styret/medlemsbrev

Av hjarta velkømne til Olav Sletto-dagen 2019. Vi sjåast i Leveld kunstnartun.

 

 

Framsidebilde: Garden Sletto, Olav Sletto sin fødestad, med Holsfjorden, Hovsfjorden og Hallingskarvet mot vest. Foto: Eva Almhjell 2019.