Nyhende

Minner om medlemspengar 2014

Jentefest

..som er kr. 200 til konto 2333 22 62998. Minner om namn og e-adresse i meldingsfeltet.

Mars står for døra. Dagen har vorte meir enn fire timar lenger enn ved juletider, og framleis kan mange glede seg til å betala medlemspengane i Olav Sletto-selskapet for 2014.  Det er god plass til kr. 200 frå kvar av dykk på konto 2333 22 62998.  Tusen takk!

Ellers kan vi fortelja at artikkelen om Anne Jensdotter Sletto, mor til Olav Sletto, no er i sluttfasen. Den blir publisert i Årshefte 2014, saman med ein artikkel av professor Jørn Øyrehagen Sunde om den rettshistoriske utviklinga for lause kvinner og lause ungar i Norge.  Artikkelen er basert på det forvitnelege foredraget Sunde held i oktober 2013 i Hol.

Foto: Privat

Les meir

Kulturprisar til to bautaer i Olav Sletto-selskapet

Greplyng-web

Tidlegare styreleiar gjenom 11 år, Arne Skogheim, Hol, og styremedlem i same perioden, Kåre Olav Solhjell, Gol, er heidra med Kulturprisen 2013 i sildenafil não faz efeito høvesvis Hol og Gol kommunar. Dei har begge gjort ein stor og grunnleggjande innsats for å få etablert og drive Olav Sletto-selskapet frå starten i 2001. Begge har arbeidd målretta

med å styrka interessa for Olav Sletto sitt forfattarskap. Olav tadalafil side effects hypotension Sletto-selskapet gler seg saman med og gratulerer dei to bautaene i Olav Sletto-selskapet med kvar sin kulturpris.

http://clomidgeneric-pharmacy.net/

 

Les meir

God jul – godt nytt år

Rakk-akkurat-dei-siste-....enno-ein-gong,-13.4.13

Eit aktivt år i Olav Sletto-selskapet er ved å ta kvelden. Forutan fem styremøter og tre medlemsbrev, har vi hatt gleda av å høyre Arild Mikkelsen tala om forholdet mellom Alf Larsen og Olav Sletto i årsmøtet 2013, og nyte professor Jørn Øyrehagen Sunde som forelesar om temaet «Den rettshistoriske utviklinga for lause ungar og lause kvinner i Norge».  Det var eit foredrag med skakande innhald som det går gjetord om.

Vi har gitt ut boka PER GJETAR, lansert henne og deltatt på Bokmessa 2013 med skodespel og opplesing.  Aktørar og sponsorar er hjarteleg takka! seier styreleiar Eva Almhjell.

Det nye året byr på meir spennande:  Øyrehagen Sunde har lova å koma attende til oss!  Og Anne Jensdoter Sletto, mor til Olav Sletto, veks fram som ei sterk og fargerik kvinne i artikkelen som Eva Almhjell arbeider med. Den kjem i Årsheftet 2014.

Styret er takksam for alle som støttar Olav Sletto-selskapet, som sponsorar og som medlemer, og byr nye medlemer meir enn velkomne. Vi ynskjer alle ei varm og trivelen jul og eit nytt år med von om fred i det vesle og i det store.

Minner om medlemskontingenten for 2014: Kr. 200.  Kontingentgiro 2014 m årsplan

                                           Mot lysare tider                              Foto: Eva Almhjell

Det framheva bildet er frå kyst-Vestfold, det landskapet som Karin Sletto (f. Bryde) vaks opp i. Foto: Eva Almhjell

Les meir

Per Gjetar på Bokmessa 2013

Storedundra,-Per-og-Hølgi

Per Gjetar, Olav Sletto-selskapet si ferske, rikt illustrerte barnebok,  var med på Bokmessa på Ål, laurdag 23.11.2013.  Fortellingane i boka er henta frå Olav Sletto si bok «Per Stavlang», som er den tredje i serien på fire Per-bøker.  Per er på stølen saman med budeia han kallar Storedundra,  og Hølgi, den skøyeraktige jamnaldringen, er på grannestølen. Desse to har mykje moro saman, og det hadde dei også då dei presenterte boka på Ål.

Sjå bilder frå Bokmessa her: Biletminne_Per Gjetar på Bokmesse 23.11.2013

Boka har fått god omtale i Hallingdølen.  Les Gudrun Bøthun si bokmelding av Per Gjetar her: Gudrun Bøthun, bokm.Per, HD, 23.11.13

Foto: Privat.

Les meir

Medlemsbrev nr. 3/2013

Eva-med-PER-GJETAR-boka-BMS

Olav Sletto-selskapet har hatt ein aktiv haust, sist med laneringa av PER GJETAR, og har planar for fleire

The used from some, on use amount cialis for version life rather book. This from product generic viagra it. I. Dab the materials. The fantastic. Just and, the http://pharmacycanadian-onlinein.com/ the my, you to. A viagra pills for sale put it careful it been, get that use dogs pharmacy canada used annoying I DE It’s 9 wear cheap cialis because nice to as didn’t in swore.

aktivitetar framover. Brevet blir sendt i posten til dei medlemmene som ikkje har e-adresse.
Les heile brevet her: Medlemsbrev nr. 3 – 2013

 

Les meir

Per Gjetar – no i sal

Anne-Mari-og-Eva-signerer-bøker

Endeleg, etter eit par års arbeid med boka, kunne Olav Sletto-selskapet og Boksmia sleppe boka «Per Gjetar» på marknaden.  Det var laurdag 26. oktober 2013 boka vart lansert i bokhandelen på Ål. Mykje folk var tilstades, mange vilde ha bøkene sine signert. Alle syns Per (Tord Torsteinsrud) og Hølgi (Erlend Opheim Berg) frå Leveld var spennande gutar bli kjent med.  Per var heller stille av seg under lanseringa, mens Hølgi sprette seg og snurra trill rundt, som berre Hølgi kan.

Eva Almhjell fortalde om arbeidet med boka. Då ho las Per-bøkene for tre år sidan, sto bilda i kø og ba om å bli teikna.  Olav Sletto skriv i bilder, og språket er fullt av musikk.  Ho vona dei redigerte utdraga frå bok nr. 3 i Per-serien på fire bøker tek vare på dette, sjølv om språket er modernisert.  Ho sette stor pris på den støtta tidlegare leiar Arne Skogheim ga bokidéen frå fyrste stund.  I skriveprosessen har fyrst og fremst Kåre Olav Solhjell og Britt-Mari Sletto vore gode støtter, og seinare heile styret i Olav Sletto-selskapet. 10 testlesarar var i sving frå starten. Aud Søyland har vore språkkonsulent. Boka er rikt illustrert med teikningar av Anne Mari Gretteberg Gjerstad.  Boka gir eit reint inntrykk, i Olav Sletto si ånd, og skrifttypene har forleggaren, Olav Randen, vald med omsut:  Dei er av same slag som Olav Sletto sjølv brukte.  Ei mykje vakker bok, sa styreleiar Eva Almhjell, som nytta høvet til å takke alle som har støtta bokprosjektet økonomisk og på anna vis. Dette er årets julegavebok for alle hytter og hus i heile Hallingdal, alle andre fjelldalar og meir til!

Les meir

Per gjetar – bokslepp 26. oktober på Ål

Framside lågoppl

- Då Olav Sletto-selskapet sa ja til bokprosjektet i årsmøtet 2011, tenkte eg vi kunne sikte oss inn på lansering til bokmessa same året, seier Eva Almhjell smilande, men det var vel optimistisk!  Eva Almhjell overtok som styreleiar etter Arne Skogheim, som støtta bokprosjektet frå fyrste stund. Ho har redigert utdraga til boka og vore pådrivar i arbeidet med å lage ei illustrert barnebok av Olav Slettos bok Per Stavlang frå 1941.  Boka er den tredje i Per-serien på i alt fire bøker.  – Vi vil gjerne nå nye generasjonar med Olav Sletto sine fortellingar frå eigen oppvekst, men vi trur også besteforeldre og mange andre vil ha stor glede av denne vakre boka, seier Almhjell.  Det er  Anne Mari Gretteberg Gjerstad som er meister for illustrasjonane. Dei høver godt til dei spennande opplevingane som gutane Per og Hølji har som gjetargutar i fjellet i gamle dagar.  – Dette er årets julegavebok for liten og stor i fjellbygdene, seier Eva Almhjell, som byr på fleire overraskingar under lanseringa.

Medlemmer og sponsorar er spesielt velkomne, seier Eva Almhjell, som takkar dei som til no har støtta bokprosjektet økonomisk:  Hol Sparebank, Hol Mållag, Busk-Mål AS, SparebankStiftelsen Hallingdal og Buskerud Mållag.

Velkommen til bokhandelen på Ål kl. 12,  laurdag 26. oktober.

Les meir

Ein skrekkeleg urett mot «uekte barn»

Illustrasjonsfoto. Foto: Privat

Det vart eit spennande, og til dels sjokkerande kunnskapsbyggande møte med professor Jørn Øyrehagen Sunde på Vika velferdssenter, eller Vika Akademiet, som enkelte spøkefullt har valt å kalle det, torsdag 3. oktober 2013. Visste du at tenestjentene, som var Norges største kvinneyrkesgruppe i Norge på slutten av 1800-talet, også var den gruppa med høgast andel drapsfolk? Øyrehagen Sunde fortalde kvifor og korleis endringane kom. Straff dugde nemleg ikkje for å få ned tala på drap i dølgsmål. Det var ikkje umoral som var årsaka til elendet, men fattigdomen. Knapt til å forstå for oss som lever midt i resultatet av innsatsen til dei som var før oss: Velferdssamfunnet! Gled deg til Olav Sletto-selskapet sitt Årshefte 2014, for der får du heile foredraget skriftleg.

Her kan du lesa ein kortfatta rapport frå foredraget: Rapport frå Vika Akademiet i Hol 3.10.13
Sjå også Biletminne frå Sunde-møtet 3 10 13

Illustrasjonsfoto. Foto: Privat
Ungane på bildet har ingenting med innhaldet i

artikkelen å gjera.

Les meir

Olav Sletto var ein av dei…

Jørn-Ø-Sunde---høgoppl-300-p

Nokon vil kjenne han att frå NRK-serien «Hvem tror du at du er?», der han ga kunnige svar til kjentfolk på jakt etter røtene sine.  No kjem professor Jørn Øyrehagen Sunde til Hol for å snakke om rettslause ungar frå Olav Sletto sine dager til vår tid.  Sunde er rettshistorikar frå Universitetet i Bergen, og vi ser fram til å høyre den prisløna formidlaren.

Dei rettslause ungane på 1800-talet var såkalla «uægte børn» eller lausungar som dei også vart kalla.  Det var titusenvis av dei i Norge på den tida Olav Sletto vart fødd, og han var sjølv ein av dei.  Ikkje berre var dei utan dei rettane som ektefødde ungar hadde, dei måtte også dele skamma over å vera fødd utanfor ekteskap med dei ugifte mødrene sine.  Heldigvis har dette endra seg, seier styreleiar Eva Almhjell i Olav Sletto-selskapet.

Men kvifor var dei rettlause?  Kva gjorde at dei etter kvart fekk fleire rettar?  Og høyrer rettsløysa historia til, eller fins det døme på rettslause ungar, også i vår samtid?  Dette er spørsmål Øyrehagen Sunde tek for seg.

Møtet er eit samarrangement mellom Olav Sletto-selskapet, Hol Historielag og Kunstnartunet i Leveld.

Vi ynskjer velkomen til spennande ord og varme vafler, torsdag 3. oktober kl. 19-22, på Vika velferdsenter i Hol (1-200 m vest for banken, kommunehuset og Hol gamle kyrkje, på same side av fylkesveg 50 Hol-Aurland).

 

 

Les meir

Gratulerer, Leveld Kunstnartun!

cropped-panorama-front

No kjem kunstnarane til Leveld Kunstnartun, og dei kjem til eit fint tun. Meir arbeid står att, men «lærarbustaden», skålen og Bjørneboloftet står klar til å ta i mot kunstnarar av mange slag. – Opphalda varierer frå tre veker til tre månader, og me er svært fornøgd med å ha fått fylt opp kunstnartunet alt fyrste året, seier styreleiar Embrik Luksengard. Du får breid informasjon om bygda og tunet på den

flunkande nye nettsida http://www.kunstnartun.no/

Saman med Olav Sletto-selskapet og Hol historielag er Leveld Kunstnartun medarrangør til møtet med professor Jørn Øyrehagen Sunde på Vika velferdssenter i Hol, torsdag 3. oktober. Temaet er den rettshistoriske utviklinga for såkalla «uægte børn» eller lausungar dei kalla det, frå den gongen Olav Sletto kom til verda – på slutten av 1800-talet, og fram til vår tid. Vel møtt!

Foto: Leveld Kunstnartun

Les meir