8. mars heidrar vi formødrene våre på Fjellheim i Hovet. Gommo, bestemor, farmor, mormor eller kva vi kallar eit kjært menneske, var ikkje så synleg i det offentlege livet, men ho bidrog til utviklinga både i heimen og bygda på sin måte. Vi viser glimt frå gommo sitt liv i bildu (nokre av gommo sine tølu/reidskap, kleu, smykker mm. i utstilling), sang og foredrag. Hol bygdearkiv har hjelpt med mange flotte bilder frå gommolivet i bygda!

9. mars dreg vi ut i verda, til Saudi-Arabia, og ser korleis jenter og kvinner har det der – i dag. I den prisløna filmen «Den grønne sykkelen» (2013) blir vi kjent med ei jente som gjerne vil ha sin eigen sykkel, men jenter får ikkje lov å sykle der ho veks opp. Sjå korleis det endar!

Det er Hovet Bygdekvinnelag som arrangerer og ynskjer velkomen til Fjellheim (vis a vis Hovet skole) kl. 1800 laurdag og sundag.

Det er gratis inngang begge dagar, og slik er programmet:

Laurdag 8. mars:
Kl. 1800: Opning av utstilling GOMMO.

Kl. 1900: Kulturkveld – Kvinnfolk i arbeid og kvardag
– Bilder frå Hol bygdearkiv
– Kvinnfolk og musikk (kveding og spel v/Jorun Grøgård)
– Kvinnfolk på stølen (historiu og bildu v/budeie Brit Kaupang)

Mat, drikke, god tid til svall. Og du kan bidra med lokal kvinnehistorie!
Loddsal.

Sundag 9. mars:
Kl. 1700: Open utstilling GOMMO.

Kl. 1800: Vi viser filmen DEN GRØNNE SYKKELEN.

Gratis begge dagar.

Måndag 10. mars
er utstillinga open for barnehage og skule. Då vil Eva Almhjell fortelja om ein spennande fisketur, henta frå boka PER GJETAR – ei bok basert på Olav Slettos «Per Stavlang».

Dette er eit arrangement i Olav Sletto-selskapet si ånd, og vi oppmodar våre medlemer

til å ta seg ein tur til Hovet 8. og 9. mars.

Foto: Privat