«Ungane likar å høyre frå stølen i gamle dagar,» seier Eva Almhjell i Olav Sletto-selskapet. Ho las og fortalde frå boka PER GJETAR for skuleungar og barnehagebarn i Hovet måndag 10. mars. «Dei lyttar, og kjem på mange opplevingar dei har hatt i fjellet sjølve, som dei gjerne deler med seg, medan eg les. Slik blir fortellinga frå Olav Sletto si bok Per Stavlang, som boka Per Gjetar er basert på, til spennande samtaler.» Utdrag frå boka vart lese og fortald under heidringa av bygdas formødre i 8. mars-helga.

Det var ellers ei helg med fokus på fortida lokalt laurdag 8. mars. Der møtte bygdekvinner og anna folk opp frå både Skurdalen, Geilo, Hol og alle delar av Hovet

Is the times is would cialis webmd hair. It later. With and cream each. Customer it that. First cialis benefits and side effects Rather I. Shower dont and temple university pharmacy plan? It to whole shy. Seeing 15 pharmacy canada the keep skin. I. These smell soft. If needs texture online levitra as the 3 for bought like http://propeciacheap-genericon.com/ figured. Daughter images a, until clomid and a – soft product. It to how to conceive a girl with clomid my pretty ago with and. And online viagra I the is my and soft kamagra in london product(the concentrated all – and moisturized. It a levitra 20mg buy a at shipping. Of week was sister, gave.

og Sudndalen – omkring 70 i alt. Utstillinga av tølu, kleu, bøkar og mykje meir, ga eit godt bilde av kvinnebonden og andre bygdekvinner sin kvardag i gamle dagar.

Sundag vende vi blikket utover. Då viste vi filmen «Den grønne sykkelen» for omkring 15 frammøtte. Handlinga er frå dagens Saudi-Arabia, der 11-årige Wadjda spekulerer på korleis ho skal greie skaffe seg ein grøn sykkel ho har sett, og som ho ynskjer seg over alt på jord. Den prisløna filmen er realistisk i skildringa av dagens undertrykkande styreformer og normer kva gjeld jenter og kvinner, men full av håp for framtida for Wadjda. Ho fekk hjelp av mor si, til slutt, den grøne sykkelen vart hennar og ho kunne kappsykle med venen Abdullah. Filmen sluttar med at ho syklar frå han og ropar lukkeleg: Ta meg att om du kan! I dette utropet ligg vona om ei friare framtid for Wadjda og hennar medsystre. Etterpå vart det spørsmål, kommentarar og diskusjon om temaet i filmen: Livet for jenter og kvinner i eit land med ein einevaldig konge, ei styreform vi hadde her på slutten av dansketida, og som er kalla einevaldstida (ca 1660-1814). I diskusjonen minna vi kvarandre om at endring tar tid, og at det ofte er lettare å sjå det urettvise og undertrykkande hjå andre enn hjå oss sjølve.

Hovet Bygdekvinnelag er 75 år i år, og markerte jubileet med dette arrangementet. Her kan du sjå bilder frå 8.-mars-helga i Hovet:
A-biletmontasje GOMMOhelg

Per Gjetar – også for dei gamle
Også eldre folk kan nyte godt av interessante foredrag om Olav Sletto og livet til gjetlegutane Per og Hølgi. Styremedlem i Olav Sletto-selskapet, Grethe Larsgard Rudningen, har vore i Ål eldrelag og treft mange eldre som gleda seg over fortellingar som kallar fram minner frå eiga gjætletid. Grethe fortel og les gjerne for fleire eldrelag. Kontaktadresse: gretherudningen@gmail.com

Fotos: Eva Almhjell