Olav Sletto-dagen ligg bak. Best ever, takka vera topp forelesarar, som Erling Sørli, Erling Lae, Jørn Øyrehagen Sunde og Eva Almhjell.  Sørli tala om Slettos relasjon til kritikarane. Forfattaren prøvde vera suveren, men slett ktitikk gjekk hardt innpå han. Lars Reinton, venn og biograf, fortel at Sletto kunne gå til sengs og bli der lenge, om han kjende seg mistydd. Og det gjorde han ofte.  I Otlu Alsvik (Drammens Tidende og Buskeruds Blad på 1950-talet) fann han likevel ein kompetent og sakleg meldar, som han visste seta pris på. Men det vore ikkje Sletto om han ikkje fortalde meldaren kva ho skulle meine og skrive. Kanskje særleg denne, som var kvinne. Alsvik valde å vera open om dette i avisa, då ho gjorde ei bokmelding nr. 2 av same boka. Modig gjort. Foredraget er publisert i Olav Sletto-selskapet sitt Årshefte 2018.

Erling Lae, hyttehalling i andre generasjon på Gol, var som vanleg, seriøs og morosam då han fortalde om sitt møte med Per frå Hol. Han vart fanga av Sletto si skildring av Per sin oppvekst i fjellbygda på slutten av 1800-talet. Han skriv så forførande godt, og tek oss med inn i ei verd, der det er godt vera. I Per Spegil møter vi småguten Per og hans vesle verd på garden hjå bestemor og bestefar. Ei filosofisk perle. Men prisen tek Per Stavlang, som handlar om gjetargutane Hølgi og Per på heimstølane uppå åsen. Ein ting er barnepsykologen Sletto. Han er meisterleg. Ein annan ting er dyreskildringane hans. Der går han Mikkjel Fønhus ein høg gang, meinte Lae, som knapt greidde sleppe forholdet mellom den etterkvart mannevonde storoksen Botsvarten og budeia Storedundra. Likevel: Var ikkje bygd og bygdefolk for harmonisk skildra? Kvar var bygdedyret, mon tru?

Størst av alt er kjærleiken, står det i den store boka. Så også for unge Olav Sletto (1886-1963) og hans brur, Karin Bryde (1884-1965). I åra 1912-1917 budde familien Sletto i Vollen i Asker. Brennande var den, kjærleiken i Vesleheimen – og krevjande, med Satan-besøk både ein og fleire gonger. Men oftast vart det helsa slik: Eg din – du min – i all æva. Din trufaste mann. Dit trofaste viv. Eva Almhjell, leiar i Olav Sletto-selskapet, fortalde frå breva mellom dei to elskande. Det vart fragment av meir enn 500 brev, som ho hadde skrive av frå Sletto-arkivet. Breva i arkivet er lagt der av Sletto sjølv. Det han ikkje ville skulle falle i fremmande hender, brente han.  Det kjem ein artikkel om denne tida i Årbok 2018 for Vollen historielag. Kjerstin (sang) og Robert (piano) Pronzato framførte musikkestykke frå Slettos samtid: Edv. Griegs «Jeg elsker dig» og «Aftenstemning». Vakkert.

Men den som også denne gongen trollbatt forsamlinga på omlag 40 folk, var Jørn Øyrehagen Sunde med sitt foredrag om eaasayisten Olav Sletto. Det var som å ha meistartalaren Olav Sletto sjølv i salen. Han nærast dansa fram tankar om tenarånden, der ingen skal inngå i herre-slave relasjonar, men tene andre av eigen, fri vilje. Han framheva arbeidets sentrale betydning. Gleda ved arbeidet, songen i arbeidet. Ja, det toppa sjølve paradiset i Sletto si religiøse forestillingsverd. Ein slik tenkar kunne aldri vera del av ei autoritær rørsle som t.d. nazismen, sa Øyrehagen Sunde, som konkluderte med at Sletto var ein religiøs utopist, og nesten for anarkist å rekne. Og ein meisterleg essayist.

Lommeur type amerikansk jernbaneur med gamal lekkje frå Hallingdal vart overrekt talaren, som sidan 2013 har forska på Olav Sletto. Han har gitt foredrag på foredrag, skrive artikkel etter artikkel, til årshefter og bok, han er rettleiar i Olav Sletto-selskapet si storsatsing på digitalisering av Sletto-arkivet, og for leiaren sin skriveprosess. Og alt dette utan nokon gong å ha tatt seg ei krone betalt.  Han vart glad for gava. Og kunne på ståande fot ha gitt eit foredrag om amerikanske jernbaneur, spesielt konstruerte for å tole skakingar. Slike interesserte han spesielt.  Klappinga ville ingen ende ta. Og slik enda Olav Sletto-dagen 2018.

Men vi skal ikkje gløyme den fine opninga av dagen som ordførar i kulturkommunen Ål, Solveig Vestenfor, sto for, då ho delte si leseoppleving av Per-bøkene, og var stolt over at hennar kommune er med og støttar Olav Sletto-selskapet, slik også SKUE Sparebank, Ål Mållag og Buskerud Mållag har gjort gjennom fleire år.  Utan denne støtta, ingen Olav Sletto-dagen. Stor takk.  Takk ikkje minst til eit utsøkt publikum. Takk til aktørane på golvet. Og takk til alle som in absentia tenkte gode tankar for OSD 2018.

Arrangørar: Olav Sletto-selskapet og biblioteka i Nes, Hol og Ål. Ein stor takk til sistnemnde, ved Anne Kaslegard, som sto for den praktiske tilretteleggingen av halvdagsseminaret.

Ordførar i kulturkommuna Ål, Solveig Vestenfor, opna Olav Sletto-dagen 2018. Foto: Anne Kaslegard.

Kjerstin (sang) og Roberto (piano) Pronzato framførte Grieg. Foto: Anne Kaslegard.

Erling Lae. Foto: Anne Kaslegard.

 

Erling Lae og Eva Almhjell med Rolf Nesch-porten bak. Foto: Anne Kaslegard.

 

F.v. Eva Almhjell, Jørn Øyrehagen Sunde, Erling Lae, Kjerstin og Roberto Pronzato, og Erling Sørli. Foto: Anne Kaslegard.

 

Jørn Øyrehagen Sunde og Eva Almhjell. Foto: Anne Kaslegard.