Dei sessa seg under ein våt teltduk, dei omkring 80 tilhøyrarane frå Vollen, då leiar i Olav Sletto-selskapet, Eva Almhjell, fortalte om Olav og Karin Sletto sine fem år i Vesleheimen (1912-1917). Teltet var sett opp på grasbakken mellom huset og isdammen (sjå bilder). Foredraget kalla ho «Lyse utetter og verme innetter».  Dei hadde store draumar for liv og samliv i den fyrste heimen sin, Olav og Karin, store draumar. Heimen skulle vera eit tempel, ein stad villfarne menneske kunne søke åndeleg støtte og vekst.  Dei var nygifte og dyrka kjærleiken til kvarandre, og kjærleiken til dei tre barna som etterkvart kom til – eitt for kvart år, før det vart ei pause til 1919. Det året kom barn nummer fire, men då hadde familien flytta til Fiskum. Olav hadde fått fast post på Buskerud Folkehøgskole, og tida i Asker var historie.  Ei dramatisk historie!  Ein artikkel om dette kjem nærare jul,  i Årbok for Vollen historielag 2018.  Det var Vollen historielag som arrangerte minnemarkeringa for Olav Sletto, og dagens vertinne var Trine Bendixen. Ho kjøpte Vesleheimen i 2012 og ynskte varmt velkomen. Dagen var sundag 16. september 2018. Operasongar Ying Teng (sjå bilde) tok oss med si varme, sterke stemme inn i den stemninga som vi tenkjer oss var del av livet i Vesleheimen for meir enn hundre år sida.  Taletekst og songtekst fletta seg naturleg i kvarandre – magisk, sa Ying Teng.  Ei oppleving utanom det vanlege!  Dagen baud også på befaring til «Skjæret», der Olav og Karin budde medan huset deira vart sett opp. Her vart vi tatt vel imot av Åsne Havnelid og Terje Rønning, som eig Gottfred Mauritz Bryde (Karins bror) sin gamle villa i dag (sjå bilder). Tor Finstad, Vesleheimen-buar 1935-45, hadde fått laga kart over stader i Vollen som er nemnde i brevvekslinga melllom Olav og Karin. Han var vår guide då vi trakka i fotefara til Karin og Olav i Vollen. Styret i Olav Sletto-selskapet var representert, og jammen kom også eit par av våre medlemmer – heilt frå Geilo – eins ærend til Vollen! Det vart ei verdig markering av Hallingdals store forfattar!  Olav Sletto-selskapet er takksam for det gode samarbeidet med arrangørane.

Framsidefoto: Leiar i Vollen historielag, Harald Bøckman, sørga for lokalt opphaldsvêr medan Eva Almhjell las frå Slettos bok «Elveland» om Karin og Olav sitt møte med «Skjæret» i 1912.  Foto: Privat.

Vesleheimen 1945. Foto: Ludvig Pedersen Finstad.

 

 

 

Dagens Vesleheimen-vertinne,                 Programleiar Morten Gisle Johnsen.
Trine Bendixen,                                            Foto: M. L’orange.
ynskjer velkomen. Foto: E. Almhjell.

Med isdammen som bakteppe for minnemarkeringa av Olav Sletto 16.9.2018. Foto: E. Almhjell

Ying Teng, operasongar, framførte sangar om kjærleik på norsk og kinesisk. Foto: E. Almhjell.

"Skjæret", villaen til Gottfred Mauritz Bryde, der Karin og Olav budde medan Vesleheimen vart sett opp. Foto: E. Almhjell.

80 Vollen-buarar under våt teltduk i Vesleheimen 16.9.2018. Foto: M. L'orange.