Det var dryppande stille då Jørn Øyrehagen Sunde held 200 ungdommar på 2. og 3. trinn ved Gol videregående skole i age under si 40 minuttar lange forelesing om temaet verdigheit i Gol samfunnshus tyrsdag 15. september 2015. Han la boka om Anne Sletto (Anne Sletto – eit kvinneprotrett, Boksmia 2015) til grunn for den historiske gjennomgangen av temaet, og viste med eksempler frå saker i høgsterett i vår tid at temaet er like aktuelt i dag. Kvinner som fekk barn utanfor ekteskap, i sær dei fattige, vart påført skam og urettvis behandling, den gongen som no. Kva var dei underliggjande haldningane i argumenta som vart brukt opp gjennom historia, og i dag, spurde Øyrehagen Sunde. Jau, at (fattige) kvinner sel seg villig vekk til menn for å dra fordelar av det. Og kva handlar det om, for historia er ikkje så enkel? Det handlar om våre eigne fordommar! Difor er verdigheit eit tema som aldri går ut på dato, for det triggar fordommane i oss sjølve i møte med det/dei/den som er annleis enn oss. Legg ikkje skulda på andre, t.d.kyrkja, sa professoren, begynn med å gå i deg sjøl å sjå på dine eigne fordommar. 400 hender klappa så det braka, og takka slik for eit unikt møte med Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettshistorie ved Universitetet i Bergen, som enno ei gong kom til Hallingdal og ga av si tid og sin kunnskap – gratis. Fyldig rapport frå møtet kjem i Olav Sletto-selskapets årshefte 2016. Arrangørar var Olav Sletto-selskapet i samarbeid med Gol vidaregående skole.

Bildet: Jørn Øyrehagen Sunde (t.h.) vart takka av Eva Almhjell, Olav Sletto-selskapet og Sigurd Ødegård, Gol videregående skole (t.v.). Foto: Margarethe

L’orange.