Olav Sletto-selskapet hadde stand under Holsdagen på Hol museum laurdag 1. august 2015.  Dagen vart spennande, med mange amerikanarar på besøk, nokon bygdefolk og eindel utflytta hallingar, på ferie blant dei gamle fjell i syningom.  «Brudeparet» i år var Anne Sigbjørnsdotter Tvedt og Sigmund Lindestad – eit stilfullt par!  Mange deltok på den lokale marknaden med produkt for både kropp og sjel.  Margarethe L’orange og Eva Almhjell var nøgde med salet av bøkene Olav Sletto-selskapet har gitt ut dei siste åra:   «Anne Sletto – eit kvinneportrett» (2015), og «Per Gjetar» (2013), og gledde seg over mange interessante samtaler med folk frå nær og fjern.

Framheva bilde:  Margarethe L’orange og Eva Almhjell (t.v.)
Foto: Gunnveig Nerol

Holsdagen 2015: Anne Sigbjørnsdotter Tvedt og Sigmund Lindestad som "brudepar". Foto: Eva Almhjell