17 frammøtte godkjende dagsorden, styreforslag til vedtekstendringar og val til styret, valnemnd mv.  Etter dette held Eva Almhjell fram som leiar (2015-2017).  Sønnev Skrede frå Hemsedal vart vald inn som nytt styremedlem og kasserar.  Detaljer går fram av årsmøteprotokollen 2015.  Dei som har sagt takk for seg vart takka med eit eksemplar av boka om Anne Sletto for jobben dei har gjort for Olav Sletto-selskapet, og nye vart ynskt velkomen. Per Sivle-laget ved styremedlem Alv Reidar E. Dale orienterte om arbeidet med å få dei gløymde nynorskforfattarane, mellom dei Per Sivle og Olav Sletto, fram i lyset.  Han inviterte Olav Sletto-selskapet til samarbeid for å få til ein konferanse hausten 2016.  Årsmøtet støtta tanken.  Leiar og styre takkar for tillit og støtte til arbeidet til beste for Olav Sletto-selskapet.  Etter den formelle delen av møtet kåserte Arne Skogheim, tidlegare leiar av Olav Sletto-selskapet, om OLVER-bøkene, Slettos sjølvbiografi i 6 bind.  Det vart eit spennande møte med ein forfattar som følgde sitt kall, uansett kva det kosta han i dei tonesetjande litterære krinsar i Kristiania.

Protokollen er publisert på nettsida og du finn han her:
Protokoll årsmøte 2015 – sign.