Så er boka om mor til Olav Sletto, «Anne J Sletto – eit kvinneportrett», sleppt.  Dei meir enn 60 frammøtte, blant dei 11 av Annes etterkomarar, fylte det vakre biblioteket på Holms hotell.

Bokomslagets designar, Anne Karene Sletto, kom eins ærend heilt frå USA, for å vera med. Programmet var velspekka, med felelåt, sang, taler og helsingar.  Og jammen kom ikkje Olav sjølv innom.  Han førde mor si «til setes på fyrste benken», som han gjorde det for akkurat 100 år sidan, då Holms hotell var arbeidsplassen til mor hans.  Ho var vaskekone her i meir enn 30 år.  Evalill Sletto, Annes oldebarn,  gjekk inn i rolla som mor Anne, og medforfattar i boka, Jørn Øyrehagen Sunde, spela sonen Olav, i den vesle dramatiseringa av hendinga frå 1915.

Deretter kasta Jørn Øyrehagen Sunde jakka, og held eit forrykande foredrag på 25 minutt, utan manus.  Temaet var Olav Sletto som lausunge og barnedrap i norsk rettshistorie.  Eit skrekkeleg kapittel i vår rettshistorie, og berre toppen av isfjellet kom til retten.  Dette er eit tema Olav Sletto ikkje berører i sjølvbiografien sin, bøkene om Olver i  5-6 bind.  Skal tru om han ikkje likevel sat i sin himmel og applauderte dramatiseringa av denne hendinga i livet sitt, og den tala Jørn Øyrehagen Sunde framførte.  Han hadde sans for kvalitet, Olav Sletto, og og her var det snakk om stor talekunst. Biletmoinne i lenka under gir visuelle smakebitar frå lansering.
Biletminne lansering 7.2.15

Gro Odden, direktør ved Holms hotell, hadde lagt alt det praktiske vel tilrette for ei god oppleving for dei mange som trossa uvêret.

Fyldig referat kjem i årsheftet for Olav Sletto-selskapet 2015.

På bildet ser vi f.v.: Liss Anita Hefte, Bjarne Jostein Uren, Anne Karene Sletto, Bjørn Amund Øverseth med borna Molly (2,5), Bror (9) og Emma (12), Vera Karina Sletto, Tea Øverseth Sletto, Allan og Eva Cecilie Sletto.

Bilda er tatt av Britt-Mari Sletto.