Torsdag 11. september 2014 kl. 1915 kjem redaktør Erling Rimehaug i Vårt Land til Geilo kulturkyrkje. Han tek oss med på ei personleg og aktuell, filosofisk reise om naturtru og gudstru, med utgangspunkt i Olav Slettos dikting.
I nokre av bøkene til Olav Sletto finn me tankar om gudstru og naturtru; dei lever side om side. I til dømes ‘Soga om Røgnaldfolket’ er Røgnald den som lever i og med naturen, mens svigersonen, presten Silju, er berar av gudstrua – ei liberal gudstru. Begge søkjer til fjellet for å finne inn til det innerste i seg. Handlinga i denne soga er lagt til fyrstedelen av 1900-talet.Mange av oss finn ro og ny energi i fjellheimen, også i dag, enten vi er sekulære eller av det meir religiøse slaget. Kan det vera at naturtru og gudstru har vore parallelle ‘truer’ i norsk trushistorie? Er dette noko vi deler med andre, eller er vårt forhold til naturen noko særnorsk?Det er spennande spørsmål

som Erling Rimehaug stiller i dette foredraget.Rimehaug er født på Ål, men vaks opp på Geilo. Han er cand.philol. frå Universitetet i Oslo, med hovudfag i historie. Han har arbeidd i avisa Vårt Land i 37 år, i ulike stillingar, og har skrive fleire bøker, mellom anna om Kjell Magne Bondevik og Kristelig Folkeparti, om «Hellig land, evig strid», «Når Gud blir borte», «Tørsten gir lys», «Veien til Betlehem» og den nyaste boka «Jeg kan ikke hate. Testamentet i blikkesken». Rimehaug er også fast spaltist i Hallingdølen.

Initiativtakar til møtet er Olav Sletto-selskapet. Arrangementet er eit samarbeid mellom Olav Sletto-selskapet, Geilo kulturkyrkje og Ål kyrkjeakademi.

Inngangspengar: Kr. 120 for medlemmer/kr. 150 for andre.

Velkomne