Eit 30-tals frammøtte fekk høyre Eva Almhjell fortelja frå ei bok som kjem om m.a. Anna Olsen, mor til Olav Sletto og Jenny Uren, i Geilo kulturkyrkje, onsdag 18. juni.  Olav Sletto-selskapet sin leiar vart tatt godt imot då ho tilbaud seg å koma med ei forteljing om eit menneske som mange hugsar frå tida ho budde på Geilo.  Fleire minnest også at relasjonen mellom mor og son var av det ugreie slaget, og nokon lurer nok på kven som er far til Olav Sletto – både før og etter møtet.

Prest An-Magritt Granli ynskte velkomen, og det vart visst slik at både forteljaren og dei som høyrde på gløymde tida.  Anna Olsen, født Anne Jensdotter Sletto, budde på Geilo i 30-40 år, etter å ha vore tenestjente i Vestfold i 15-20 år fram til ein gong mellom 1901-1910.  Ho døydde i 1946, og er gravlagt ved sidan av sonen sin på den gamle kyrkjegarden på Geilo.  Vaskekone på Holms Hotel, mor til to, det dei i si tid kalla lausungar, og yrkesaktiv heile sitt liv, fenga hennar historie for visst folk frå fleire bygdelag i Hol og Ål.  Dette er ei til no ukjent lokal kvinnehistorie, og ikkje den einaste.  I Olav Sletto sitt liv og dikting fins mange interessante kvinneforteljingar som ikkje er fortalt – enno.  Ein vil kan hende forstå meir av Hallingdals store forfattar gjennom å fokusere på kvinnene i hans eige liv og dei han dikta.  Det vil Olav Sletto-selskapet arbeide vidare med, sa Eva Almhjell.

Inngangspenagane, kr. 100 pr. person, gjekk uavkorta til Olav Sletto-selskapet, og vi var velkomne til å selja boka, Per Gjetar, som kom i fjor.  Olav Sletto-selskapet takkar arrangøren for rausheit, og eit lydhøyrt og interessert publikum for spennande møte.

Foto: Lars Lilleslåtten