Olav Sletto-selskapet er nedlagt
Selskapet vart nedlagt på årsmøtet 27. mai 2026. Denne nettstaden er no eit arkiv og blir ikkje oppdatert. Hol kommune eig Olav Sletto-arkivet, og Hol bygdearkiv formidlar materialet.
Protokoll frå årsmøtet 27. mai 2026: PDF · Word (.docx)

Arkiv

Styremøte 10. mars 2012

Kåre-Olav-Solhjell-kommenterer Per Stavlang

M.a. vart tekstutval frå Olav Sletto si bok Per Stavlang grundig gått igjennom.

 

I styremøtet 10.3.2012var leiar Arne Skogheim, Britt-Mari Sletto, Kåre-Olav Solhjell og Eva Almhjell. Referatet finn du under Styret/møteplan i venstremenyen. Bildet viser Kåre-Olav Solhjell som kommenterer tekstutval gjort av Eva Almhjell. Ho held fram med det vidare arbeidet med manuset. Foto: Eva Almhjell.

 

Les meir

Sletto-arkivet er nyttig

Siste solstråler 31.12.2010

På nettsida vår finn du oversyn over det som finst i Sletto-arkivet på Hol bygdearkiv. Her er mykje å finna for dei spesielt interesserte!

Eit døme: Universitetsbibliotekar Jan Olav Gatland i Bergen skriv bok om Olav Dalgard. I Sletto-arkivet finst det brev frå Dalgard

til Sletto som Gatland har fått kopi av.
Foto: Eva Almhjell

Les meir

Sletto-bøker til Bardøla

Arne Skogheim, Olav Sletto-selskapet med bokgave til Borgny Thorsrud, Bardøla høyfjellshotell

 

Olav Sletto selskapet har donert bøker av Olav Sletto til Bardøla høyfjellshotell sin lesekrok.

Hol kommune er nasjonalparkkommune og Geilo har status som nasjonalparklandsby. Bardøla høyfjellshotell markerer dette ved å laga ein lesekrok med litteratur knytt til nasjonalparkstatusen. Olav Sletto sine bøker høyrer heime i denne lesekroken,

og som gåve frå Olav Sletto-selskapet har Bardøla fått nokre Sletto-bøker og stoff om selskapet. Biletet: Arne Skogheim, Olav Sletto-selskapet med bokgåve til Borgny Thorsrud, Bardøla høyfjellshotell. Foto: Bardøla

Les meir

Biletalbum frå 125-års jubileet

Jubileunsfolket-samla-i-tun-1

Det er Eva Almhjell som har tatt

bileta og montert biletalbummet. Sjå her.

Les meir

Medlemsbrev

L1020769

Medlemsbrev 1

– 2012 er nå sendt alle medlemmene. Det har vore eit aktivt år i Olav Sletto selskapet i 2011. Alle medlemsbreva legg vi under Styret i venstremenyen.

Les meir

Arbeidet med Per-bøkene i god gang

L1020768

Eva Almhjell er godt igang med å redigere Per-bøkene til ei illustrert barnebok.

Les meir