Barbro Aasen og Arne Skogheim

Barbro Aasen, eigar av Sletto, og Arne Skogheim, styreleiar i Olav Sletto-selskapet 2001–2011. Frå markeringa av 125 år sidan Olav Slettos fødsel i Sletto 2011. Foto: Eva Almhjell, 2011.

Selskapet vart oppretta i 2001 med Arne Skogheim som styreleiar. I 2012 vart Eva Almhjell vald som styreleiar. Oppgava var å gjera Olav Slettos liv og dikting kjent. Det har vore lagt ned eit stort arbeid i dei 25 åra selskapet har eksistert. All korrespondanse mellom ektefellene, og brevveksling med forfattar-kollegaer i inn og utland er transkribert og digitalisert. No er det slutt for selskapet. Det er Hol kommune som eig Sletto-arkivet, og Hol bygdearkiv vil formidle kunnskap frå alle delar av Sletto-arkivet.

Nedlegginga vart einstemmig vedteken på årsmøtet 27. mai 2026. Les protokollen frå årsmøtet 2026 (PDF). Protokollen ligg òg under «Styret» / Årsmøter.

Spørsmål om Olav Sletto-arkivet kan rettast til Hol bygdearkiv.

Deltakarar på Olav Sletto-selskapet sitt årsmøte 2026

Olav Sletto-selskapet sitt årsmøte 2026 vedtok å leggje ned selskapet. F.v. Knut Medhus, Ola Ruud, Turid Birgit Lien, Margarethe L'Orange, Grethe Larsgard Rudningen og Eva Almhjell. Foto: Henning Bergersen, 2026.