Olav Sletto-selskapet er nedlagt
Selskapet vart nedlagt på årsmøtet 27. mai 2026. Denne nettstaden er no eit arkiv og blir ikkje oppdatert. Hol kommune eig Olav Sletto-arkivet, og Hol bygdearkiv formidlar materialet.
Protokoll frå årsmøtet 27. mai 2026: PDF · Word (.docx)

Kvinnehistorie frå Hol i Dølaminne 2014

Maria Søndrål fortel om kvinnehistorie frå Hol under laneringa av Dølaminne 2014 på Nes 15.11.2014

Dølaminne 2014 inneheld mykje spennande historie frå heile Hallingdal. Frå Hol er det med to fortellingar med kvinner i hovudrollene – truleg for fyrste gong? I 1858 vart Åse Søndrål stilt for retten fordi ho var gravid med ein annan enn den som ville gifte sg med henne. Slikt vart det bråk av, og det sjølv om paret gjerne ville til alters og foreldra på båe sider godkjente ordninga.

Den andre kvinnehistoria frå Hol er ein smakebit av fortellinga om tenestjenta Anne Jensdotter Sletto, mor til to ungar utanfor ekteskap. Den eine var Olav Sletto. Heile fortellinga kjem som eigen bok utpå nyåret. Dette er viktige bidrag som er med å vise heile breidda i både den lokale og nasjonale historia.

Dølaminne 2014 vart lansert på Nes laurdag 15. november 2014. Styremedlem i Olav Sletto-selskapet, Maria Søndrål, var der og snakka om desse to artiklane. Det var mange frammøtte,

og stor interesse for boka.

Bilde viser Maria Søndrål under lanseringa av Dølaminne på Nes 15.11.2014.
Foto: Jan Robert Wick

Les meir

Anne Sletto i Norge

Vera-Karina-og-Anne-Sletto,-24.9.14

Oldebarnet til Anne J. Sletto, gift Anna Olsen, heiter Anne Sletto. Ho er busett i USA, men var ein tur heimom gamlelandet i september. Ho er grafisk formgivar, og er

den som lagar omslaget til boka om oldemor si. Ho syns det er ei glede å få bidra til boka på denne måten. Både ho og systera, Vera Karina Sletto, har mange gode minner frå besøk hjå Olav og Karin Sletto då dei budde på aldersheimen på Geilo. Dei tok Olav med til stølen i Havsdalen, der Jenny Uren, Olavs halvsyster var budeie, og dei budde i Veslestugu, sidebygningen til Villa Lunde så lenge husa var i familiens eige. Boka om Anne Jensdotter Sletto kjem i begynnelsen av 2015. Bildet viser Anne Sletto t.h.

og systera Vera Karina Sletto i Oslo 24. september 2014.

Foto: Eva Almhjell

Les meir

Naturtru og gudstru

Hallingskarvet-sept.-2013

Erling Rimehaug, mangeårig redaktør i Vårt Land og spaltist i Hallingdølen, held foredrag om temaet «Naturtru og gudstru – parallelle truer i norsk trusutvikling?» i Geilo kulturkyrkje 11. september 2014. Omkring 35-40 frammøtte fekk høyre ei personleg fortelling om foredragshaldaren sitt forhold til natur og gudstru. For han var det

to sider av same sak. Han stilte seg spørsmålet om kva det var med fjellet som gjorde opphald der så godt. Han viste til at fjellet inngir ærefrykt, og det byr på stillheit, ro og utsyn. Hallingskarvet står i ei serstilling blant fjella. For mange er det der dei store avgjerdslene i livet blir tatt, sa Rimehaug, og viste til m.a. Jonar Gahr Støre, som er ein av mange som kjenner seg knytt til Hallingskravet. Den mest kjente i så måte er Arne Næss. For han er Hallingskarvet «Det gode lange livs far». For Erling Rimehaug sjølv var synet av Hallingskarvet som å kjenne at han kom heim, ein heim der naturen er tett forbunden med hans personlege gudstru. Hallingskarvet betydde også svært mykje for forfattaren Olav Sletto. Foredraget vart avrunda med drøfting av spørsmål frå salen. Ingunn Stræte Lie sto for dei kunstnarlege innslaga på toraderen sin, som heldigvis har vorte stugureint instrument, også i kyrkja. Rimehaugs foredrag kjem som artikkel i Olav Sletto-selskapets årshefte 2015.

Foto: Eva Almhjell

 

 

Les meir

Erling Rimehaug om naturtru og gudstru

Erling Rimehaug
Torsdag 11. september 2014 kl. 1915 kjem redaktør Erling Rimehaug i Vårt Land til Geilo kulturkyrkje. Han tek oss med på ei personleg og aktuell, filosofisk reise om naturtru og gudstru, med utgangspunkt i Olav Slettos dikting.
I nokre av bøkene til Olav Sletto finn me tankar om gudstru og naturtru; dei lever side om side. I til dømes ‘Soga om Røgnaldfolket’ er Røgnald den som lever i og med naturen, mens svigersonen, presten Silju, er berar av gudstrua – ei liberal gudstru. Begge søkjer til fjellet for å finne inn til det innerste i seg. Handlinga i denne soga er lagt til fyrstedelen av 1900-talet.Mange av oss finn ro og ny energi i fjellheimen, også i dag, enten vi er sekulære eller av det meir religiøse slaget. Kan det vera at naturtru og gudstru har vore parallelle ‘truer’ i norsk trushistorie? Er dette noko vi deler med andre, eller er vårt forhold til naturen noko særnorsk?Det er spennande spørsmål

som Erling Rimehaug stiller i dette foredraget.Rimehaug er født på Ål, men vaks opp på Geilo. Han er cand.philol. frå Universitetet i Oslo, med hovudfag i historie. Han har arbeidd i avisa Vårt Land i 37 år, i ulike stillingar, og har skrive fleire bøker, mellom anna om Kjell Magne Bondevik og Kristelig Folkeparti, om «Hellig land, evig strid», «Når Gud blir borte», «Tørsten gir lys», «Veien til Betlehem» og den nyaste boka «Jeg kan ikke hate. Testamentet i blikkesken». Rimehaug er også fast spaltist i Hallingdølen.

Initiativtakar til møtet er Olav Sletto-selskapet. Arrangementet er eit samarbeid mellom Olav Sletto-selskapet, Geilo kulturkyrkje og Ål kyrkjeakademi.

Inngangspengar: Kr. 120 for medlemmer/kr. 150 for andre.

Velkomne

Les meir

Besøk i Vesleheimen

Evalill-m-Vesleheimen-bak-15.7.14

Eva Cecilie Sletto og Eva Almhjell frå Olav Sletto-selskapet vart tekne godt i mot av dei nye eigarane av Vesleheimen i Asker då dei var på besøk der, 15. juli 2014. Det er kultursjefen i Asker kommune, Trine Bendixen, som no har Vesleheimen. Denne fyrste heimen

til Karin og Olav Sletto var monaleg utvida, men «tjørni!», som Olav Sletto skriv om, låg der som før. Tomta fekk dei i 1912 av Karins bror, skipsreiar Gottfred Mauritz Bryde. Fem år budde Olav og Karin i

Vesleheimen. Her fekk Karin dei tre fyrste ungane (1912-1915), og hit var det Olav lengta heim frå sine talrike talereiser landet rundt. Ikkje rart han gjorde det, for her var dei han elska, og Vesleheimen var – og er – ein idyll på Vollen i Asker.
Dei besøkande takkar hjarteleg for møtet og omvisinga, som var spesiell for Eva Cecilie Sletto. Det var år sidan ho var der sist. Vedlagte biletmontasje gi nokre glimt av møtet og staden, slik den ser ut i 2014.

Vesleheimen 2014_Evalill og Eva på befaring 15.7.14
Trine Bendiksen (t.v.) og Evalill Sletto Vesleheimen 15.7.14 Vesleheimen i raudt ca.Vesleheimen 1912 m Evalill 15.7.14

Foto: Eva Almhjell

Mimi Falsen har skrive ein artikkel i boka «Blant kunstnere i det gamle Asker» av Karl Nilsen, Asker og Bærum historielag, 1979.

 

 

Les meir

Per Sjøl på CD

Per-Sjøl-CD-framside

No er endeleg innlesinga Arne Skogheim gjorde for nokre år sidan å få i bokhandelen på Ål og Geilo.  Arne Skogheim las inn bok nr. 2 i Per-serien på fire av Olav Sletto. Det er i alt 6 CD-ar pr. pakke, og det har i lengere tid vore etterspurdnad etter opplesingane.  No er det funne eit restopplag, til glede for alle som har spurt etter CD-ane.  Dei kostar kr. 250 pr. pakke.  Løp og kjøp!

Foto: Privat

Les meir

Anna Olsen og sonen Olav

Anneforedrag-GK-18.6.14

Eit 30-tals frammøtte fekk høyre Eva Almhjell fortelja frå ei bok som kjem om m.a. Anna Olsen, mor til Olav Sletto og Jenny Uren, i Geilo kulturkyrkje, onsdag 18. juni.  Olav Sletto-selskapet sin leiar vart tatt godt imot då ho tilbaud seg å koma med ei forteljing om eit menneske som mange hugsar frå tida ho budde på Geilo.  Fleire minnest også at relasjonen mellom mor og son var av det ugreie slaget, og nokon lurer nok på kven som er far til Olav Sletto – både før og etter møtet.

Prest An-Magritt Granli ynskte velkomen, og det vart visst slik at både forteljaren og dei som høyrde på gløymde tida.  Anna Olsen, født Anne Jensdotter Sletto, budde på Geilo i 30-40 år, etter å ha vore tenestjente i Vestfold i 15-20 år fram til ein gong mellom 1901-1910.  Ho døydde i 1946, og er gravlagt ved sidan av sonen sin på den gamle kyrkjegarden på Geilo.  Vaskekone på Holms Hotel, mor til to, det dei i si tid kalla lausungar, og yrkesaktiv heile sitt liv, fenga hennar historie for visst folk frå fleire bygdelag i Hol og Ål.  Dette er ei til no ukjent lokal kvinnehistorie, og ikkje den einaste.  I Olav Sletto sitt liv og dikting fins mange interessante kvinneforteljingar som ikkje er fortalt – enno.  Ein vil kan hende forstå meir av Hallingdals store forfattar gjennom å fokusere på kvinnene i hans eige liv og dei han dikta.  Det vil Olav Sletto-selskapet arbeide vidare med, sa Eva Almhjell.

Inngangspenagane, kr. 100 pr. person, gjekk uavkorta til Olav Sletto-selskapet, og vi var velkomne til å selja boka, Per Gjetar, som kom i fjor.  Olav Sletto-selskapet takkar arrangøren for rausheit, og eit lydhøyrt og interessert publikum for spennande møte.

Foto: Lars Lilleslåtten

Les meir

Mi leseoppleving

Prestholtskarvet-4.10.13

Olav Sletto-selskapet lanserer i Årshefte 2014 «Mi leseoppleving». Det er nyvald medlem av styret i Olav Sletto-selskapet, Margarethe L’orange, som er fyrst ute med si leseoppleving av «Soga um Røgnaldfolket».

Olav Sletto-selskapet oppmodar folk til å lesa dei spennande tankane Margarethe L’orange presenterer i si leseoppleving, og håpar folk let seg inspirere til å bidra med fleire leseopplevingar i i noko selskapet satsar på kan bli ein serie i årshefta framover, der nylesing av Olav Sletto-litteratur er i fokus. Dette må da vera ei utfordring til skulene i heile Hallingdal, meiner styret i Olav Sletto-selskapet.

Margarethe L’orange: Mi leseoppleving –

Soga um Røgnaldfolket , finn du i Årshefter/Årshefte 2014 i venstremenyen.

Bilde: Hallingskarvet i skodde. Foto: Eva Almhjell

Les meir

Olav Sletto-ølkrus – ei gave

Ølkrus-for-web

 

Karin Bull har gitt eit ølkrus i tre med fint utskoren dekor til Olav Sletto-samlinga. Kruset har vore i Olav Slettos eige. Sletto skildrar, i det Lars Reinton kallar «Minneboka», garden Sletto som ein stad tufta på ein grunnsolid bygdekultur, noko som kan avlesast i

interiøret på garden. Der finn vi også opplysningar om ølkruset. Olav Sletto skriv: «På bordsenden stod ei utgamal ølkrus gjord av bjørkerot, ho stod på tre løvor og på loket stod ein liten hund og skoda ut i romet.» (sjå Dahle/Reinton: «Ei bok om Olav Sletto», s. 19). Ølkruset er gitt samlinga etter ynskje frå avlidne mor til Karin Bull, Irene Muri. Irene var yngste dotter til Olav og Karin Sletto. Ølkruset står no i Olav Sletto-rommet i Holet bibliotek, og Olav Sletto-selskapet takkar varmt for gava.Profil Karin Bull og OS

Profilar Karin Bull og Olav Sletto

Foto: Anders Bull

Les meir

Årsmøtet i Olav Sletto-selskapet

Kari-Telste-(t.v.)-og-Eva-Almhjell

 

fann stad på Vika velferdssenter i Hol 21. juni 2014, der 15 frammøtte vart ynskt

velkomen av leiar Eva Almhjell. Blant årmøtesakene var endring av vedtektene, slik at styret heretter kan ha årsmøte i løpet av fyrste halvår, mot omkring 21. juni til no. Årsmøtet godkjente endringa.

Bokprosjekt 2014
Eit anna punkt på dagsordenen var eit nytt bokprosjekt i 2014. Eva Almhjell har det siste året arbeidd med ein artikkel om mor til Olav Sletto, tenestjenta Anne J. Sletto. Stoffet har lagt mykje på seg i skriveprosessen og er så unikt at styret meinte det fortente å bli gitt ut som bok, saman med ein artikkel av professor i rettshistorie, Jørn Øyrehagen Sunde, om den rettshistoriske utviklinga for lause kvinner og lause ungar. Håpet er å nå ein større lesarkrins med ei eigen bok. Årsmøtet slutta seg til styret sine tankar.

Eva Almhjell har vore leiar sidan 2012. Ho overtok eit veldrive selskap etter forgjengaren sin, Arne Skogheim. Leiarskiftet har ført til endra fokus for arbeidet. Den nye leiaren set kvinnene i Olav Slettos liv og dikting i fokus, og vil med det bidra til synleggjering av kvinnene, også i bygdehistoria. Årsmøtet slutta seg til fokusendringa.

Rekneskapen for Olav Sletto-selskapet 2013/2014 viser overskot. Det heng dels saman med auka årsavgift, men mest med sal av boka Per Gjetar, som selskapet ga ut i fjor. Rekneskapen vart godkjent med eit par kommentarar.

Leiaren takka Kåre Olav Solhjell, Knut Medhus og Elisabeth Aaker for deira solide innsats i Olav Sletto-selskapet, og ynskte dei nye, Maria Søndrol, Margarethe L’orange (nye styremedlemmer) og Brit Kaupang (valnemnda) velkomen. Ellers ingen endringar. Fullstendig oversikt over styret mv. fins her.

Dette er eit utval av

årsmøtesakene. Fullstendig referat finn du ved å klikke Årsmeldinar i venstremargen.

Etter årsmøtesakene foreleste dr.philos. Kari Telste, Norsk Folkemuseum, om tenestjentene si historie generelt, og om jenter frå Hallingdal spesielt. Ho ga eit spennande innblikk i det som var den største yrkesgruppa blant kvinner på slutten av 1800-talet. Anne J. Sletto var ei av dei. Foredraget vart svært nyttig, også for Hol historielag, som fekk utvida underlag til stoff som kjem ut seinare.

Bilde: Kari Telste (t.v.) og Eva Almhjell. Foto: Brit Kaupang

 

Les meir