Denne sommaren har den faste utstillinga i Leveld Kunstnartun-skogen, Birgit Hagen sine strålande vevde tepper, fått følgje av tekster frå ulike, mest lokale diktarar. Utstillinga er kalla «Dikt i skogen». Tekstene handlar om tilhøvet mellom menneske og natur. Blant dei utvalde diktarane finn vi to tekstplakater av Olav Sletto. Leveld Kunstnartun og Olav Sletto-selskapet følgjer opp avtala om samarbeid. Dette er eit godt døme på det. Utstillinga er vel verdt eit besøk – tekstene gir stoff til ettertanke.
Framheva bilde: Eva Almhjell les Sletto-tekster i Leveld Kunstnartun-skogen. Foto: Grethe Larsgard Rudningen.
Olav Sletto-selskapet er nedlagt
Selskapet vart nedlagt på årsmøtet 27. mai 2026. Denne nettstaden er no eit arkiv og blir ikkje oppdatert. Hol kommune eig Olav Sletto-arkivet, og Hol bygdearkiv formidlar materialet.
Protokoll frå årsmøtet 27. mai 2026: PDF · Word (.docx)