Styret i Olav Sletto-selskapet takkar medlemmene i Olav Sletto-selskapet for god støtte gjennom året vi no er ved å leggje bak, og vil få ynskje kvar enkelt av dykk – og andre lesarar – gode dagar fram mot solsnu, og ei varm og nær julehøgtid. Selskapet markerte at det var 130 år sidan Olav Sletto vart født ved å seta opp ei minnetavle for forfattaren i Sletto (Hol), der han vart født, og vi lanserte OLAV SLETTO-DAGEN 2016, der vi presenterte ny forsking om diktaren, ny-lesing og eigne leseopplevingar av diktinga hans. Medlemsbrev nr. 1 og 2/2016 gir fleire opplysingar om aktivitetar i 2016. Du finn breva ved å klikke Styret/medlemsbrev/ i venstremargen.
Olav Sletto-selskapet er nedlagt
Selskapet vart nedlagt på årsmøtet 27. mai 2026. Denne nettstaden er no eit arkiv og blir ikkje oppdatert. Hol kommune eig Olav Sletto-arkivet, og Hol bygdearkiv formidlar materialet.
Protokoll frå årsmøtet 27. mai 2026: PDF · Word (.docx)